Gå til innhold
Arkivverket

Odelssøksmål i Breim, Nordfjord i 1759 - kvar er det naturleg å leite etter det?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Under garden Myklebust i Breim skriv forfattaren; "Hans Nilsson Egge (av eldste brorsgrein) sette fram odelssøksmål på bruket i 1759, men avstod retten for 19 rdl til brukaren Eirik".

 

Eg skulle gjerne sett dette, men kvar skal eg leite?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikkje funne noko om Hans og kravet han skal ha sett fram men fann eit anna krav vedr. Myklebust ...

 

Nordfjord sorenskriveri, AV/SAB-A-2801/1/01/01a/L0031: Tingbøker (justisprotokoller), 1757-1762, s. 159b-160a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090402650738

 

Sommartinget 1759 for Breim

 

Til forbemeldte tid og stæd havde Lars Nielssen Fossem

Ladet i Rette stefne Anders Jacobsen Møchlebust

for hand har negtet ham sc: Lars Nielssen sin Løsnings

og besidelse Retten til hans Odelsjord i Gaarden 

Møchlebust.

osv. 

 

Såg også gjennom hausttinget 1759 for Breim men fann ingen ref. til odelskrav der. Såg gjennom 1760, ikkje noko funne. Såg også på ekstrarett, åstedssakene, men klarte ikkje å lokalisere noko med rask gjennomgang ...

 

Kan kravet ha vore sett fram i eit anna tinglag skal tru? I tilfelle kvar ...

 

Håper du finn ut av det.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Har ikkje funne noko om Hans og kravet han skal ha sett fram men fann eit anna krav vedr. Myklebust ...

 

Takk for det! Det har naturleg nok vore mykje brukarskifte på ein så stor gard som Myklebust, og det eg leitar etter, kan kanskje avklare ei slektsnøtt, om det blir gjort greie for denne eldre brors-greina. Hans sin forbindelse til garden har eg avklara, men ikkje Erik sin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg no fyrst har fått ein "ræser-lesar" på bana tek eg med eit anna problem: Den siste av Myklebust-oppføringane her gjeld same bruket, men eg les sannsynlegvis sidetalet feil, for eg finn i alle fall ikkje saka der eg leitar. Kanskje du knekkjer denne?

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Pantebok nr. II.B.a.5 (1739-1745), Registerside, Side 558-559
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008841436

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, der fekk eg mykje meir enn eg hadde rekna med. Mange som slit med å finne fram i brukar-rekkjer gløymer at det er mennene som eig kvinnene sin arv, og dermed leita forgjeves etter samanhengar i deira slekt. I denne saka hadde eg ein teori om at det var kona som sto for arven, og det får eg bekrefta fullt ut her. (Saka heng saman med den som står før).  Mange takk!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1666-manntalet finn eg den udelte garden på Hans si hand. Kva er måle-eininga på skylda her?   I følgje bygdeboka skal sonen Rasmus ha fått skøyte på 21 mk i 1684. Veit vi om det kan ha vore ei ny skyldsetting i mellomtida som kan ha auka skylda på bruket?

image.png.6e18d4f25f9b706d8117678e9ce5d72f.png

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

I 1666-manntalet finn eg den udelte garden på Hans si hand. Kva er måle-eininga på skylda her?   I følgje bygdeboka skal sonen Rasmus ha fått skøyte på 21 mk i 1684. Veit vi om det kan ha vore ei ny skyldsetting i mellomtida som kan ha auka skylda på bruket?

https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192102

 

Hans  16 mark smør.

Ingebrigt 1/2 laup 3 mark smør.  (strek gjennom j tyder ein halv mindre;  j  = 1/2)

 

ifl. https://snl.no/smørskyld er 1 laup = 3 (bismer)pund = 72 merker.

Dersom Hans skøytte 21 merker til Rasmus i 1684, må han ha skaffa seg 5 merker til. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bykselsetelen til Erik Jonsen Egge ... Ein ser at det er som Aaland skriv at det er avdøde Jon Jacobsen Fossheim som var eigar av dei 16 mrkr Smør som Erik bykslar frå enkja hans Marte Absolonsdatter etter at Rasmus Ingebrigtsen sa frå seg bykselen. Dette er vel same 16 mrk som Hans Nielsen etter sigende la odelskrav på ... ?

 

Nordfjord sorenskriveri, AV/SAB-A-2801/1/02/02c/02ca/L0001a: Bygselsprotokoll, 1753-1768
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50003066700012

 

 

Endret av Morten Sylte
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Morten Sylte skrev:

Bykselsetelen til Erik Jonsen Egge ... Ein ser at det er som Aaland skriv at det er avdøde Jon Jacobsen Fossheim som var eigar av dei 16 mrkr Smør som Erik bykslar frå enkja hans Marte Absolonsdatter etter at Rasmus Ingebrigtsen sa frå seg bykselen. Dette er vel same 16 mrk som Hans Nielsen etter sigende la odelskrav på ... ?

 

Det spesielle i denne saka er at verken Aaland eller Sandal i den reviderte bygdeboka har forstått slektsgangen på bruket, fordi jordpartane stort sett har blitt arva gjennom kvinneled- Jon Jakobson Fossheim er død i 1753, og kona hans som er den som har vore arving til Myklebust, gifter seg oppatt og flyttar til ny mann i Utvik. Så om det er skøyte i 1759 kan den i alle fall ikkje vere frå Jon Jakobson - og derfor er eg litt oppteken av å finne dokument som viser dette.

Takk for lenka!

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan forresten ta med arvegangen, slik eg har funne han til no:

 

-Rasmus Hansson Myklebust hadde ikkje søner.

-Dottera Anne vart gift til Gåsemyr, og deler av godset er nemnt i skifte etter andre mannen hennar, før så tredje mannen bygslar bort heile godset til Rasmus Ingebrigtson i 1745.

-Anne Gåsemyr si dotter Marte Absalonsdtr gifter seg med Jon Jakobson Fossheim, og på eit tidspunkt må han ha fått overført godset frå Gåsemyr; kanskje i samband med Anne sin død i 1751?

-Marte Absalonsdtr gifter seg som enkje med Anders Jonson Valaker i 1754 og flyttar til Utvik. og dottera Anne som ho hadde med Jon Jakobson blir med.

-Anne Jonsdtr Fossheim, no Valaker, gifter seg i 1763 med ste-broren Nils Andersson Valaker, og det er denne Nils som i 1790 bygslar bort bruket til Rasmus Knutson Øvreset, som er gift med dotterdottera til Marte Absalonsdtr.

-Kristi Nilsdtr Bruland, dotter til Anne og Nils, gifter seg i 1789 med Rasmus Erikson Bruland. Rasmus får skøyta i 1804, når svigermora er død.

-Malene Rasmusdtr Bruland får i følgje bygdeboka skøyta i 1815, tre år etter faren sin død, og gifter seg med Rasmus Nilsson Sandal i 1818 - og han får skøyta i 1822.

 

Deira son Nils er såleis den fyrste mannen på fleire generasjonar som overtek ei skøyte han sjølv har rett på, og ikkje får gjennom ei kone.

 

Eg kan også nemne at eg har funne slektskapen som utfordraren Hans Nilsson Egge hadde til bruket; han nedstammar frå Rasmus sin bror Lars Hansson Egge. 

 

Derimot har eg ikkje funne korleis  Erik Jonson Egge har slektsforbindelse til Hans Nilson, men håpet er at det kan stå noko om det i odelssøksmålet.

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   1 medlem

    • Aase R Sæther - Gloppen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.