Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kor blei det av Bernt Svendsen frå Helvik?


Recommended Posts

Eg søkjer denne Bernt Svendsen (fødd 20.nov. 1838) frå Helvik ved Egersund. Han er bror til min oldefar Asser Svendsen (1832-89), som på 1850-talet flytta til Finnås prestegjeld i Hordaland. I Digitalarkivet finn me at Bernt melder flytting frå Egersund prestegjeld i mars 1857. I kyrkjeboka for Finnås finn me at Bernt melder innflytting i desember 1859. Etter dette er det uråd å finna han att. Asser og Bernt hadde ein bror Hans (1834-1902) som blei verande att i Egersund prestegjeld, var gift to gonger. Så hadde dei diverse søstre, m.a. Sørine som blei gift i Søgne. Det er uråd å finna Bernt i folketeljinga i 1865. Kanskje han då var død ein gong i perioden 1860-65? Men eg finn han ikkje som død, verken i kyrkjebok frå Finnås eller Egersund prestegjeld i denne perioden.

 

Kor blei det av Bernt, er det nokon som kan hjelpa med å finna ut det?

 

Eit lite apropos i denne samanhengen. Stort sett så gjer folk ein god jobb når dei transkriberer handskrifta i kyrkjebøkene, slik at opplysningane i kyrkjebøkene då vert søkbare. Men av og til går det heilt gale. Når du søkjer på namnet Bernt Svendsen, fødd 1837-39, for Vestlandet i Digitalarkivet for perioden 1860 - 90, så kjem det opp ein Bernt Svendsen i Bergen, som er fødd i 1839 og skal vera far til jenta Charlotte Johanne Petrine, fødd i 1874. Når ein så går inn i den aktuelle kyrkjeboka, så meiner eg å kunna lesa ganske greit at far til Charlotte heiter Daniel Sundstrøm. Men dette har dei altså fått til å bli Bernt Svendsen!? Korleis i all verda er det mogleg??

 

Ynskjer alle eit godt år i 2026! 

Kan dette være en aktuell kandidat? Bernt Svendsen fra Mølstrevågnes i Sveio, d. 25. desember 1864, 25 år gammel (nr. 35): https://www.digitalarkivet.no/kb20070222720424

 

I dødsfallprotokollen står det at man "har ikke endnu erholdt oplysning om hans Arvinger eller om han noget har efterladt sig": https://www.digitalarkivet.no/sk10611312027004

Hei Jan. Ja, dette må vera vår Bernt. Kan opplysa at Asser (bror til Bernt) gifta seg i 1870, fekk ein gut i 1874, som han kalla Bernt. Denne Bernt døde alt i 1877. Så fekk han ein gut i 1879, prøvde seg igjen med namnet Bernt. Denne Bernt vaks opp og fekk etterkommarar. Så eg har tenkt at Asser ynskte å kalla opp sin bror, som truleg var død i 1870. Og dei einaste stadene me tenkte å leita, var Fuglestad på Jæren der desse folka kom frå, eller Finnås, der fleire av dei hamna. Me fann han ikkje i ft 1865 nokon stad, så då var han vel død? Så finn me han ikkje som død i Egersund eller i den delen av Finnås prestegjeld der dei andre havna (noverande Bømlo kommune). Men Sveio var i denne tida del av Finnås prestegjeld, og der må Bernt ha havna. Kvifor i Mølstrevåg?. Vel, han som overtok den gamle handelsstaden  Sønstabøvågen i Finnås pr.gjeld i 1838, Ole Mølstre, var frå Mølstrevåg, og Ole blei i 1840 gift med Sara Hansdtr. frå Fuglestad ved Egersund. Sara døde rettnok i barsel alt året etter i 1841, men Sara var "katalysatoren" for den bølgja av folk som kom frå Fuglestad til Sønstabøvågen utover på 1840- og 50-talet. Sara var tante til Asser og Bernt. Dette med Mølstrevåg og Sønstabøvågen i Finnås må vera forklaringa på at Bernt havna i Mølstrevåg og døde der. 

 

Mange takk for ditt arbeid, Jan, eg kjenner meg ganske viss på at du har funne "vår" Bernt Svendsen!

Endret av Reidar O. Meling
Tilleggsopplysning.

Ministerialboka har ytterligere opplysinger om dødsfallet: https://www.digitalarkivet.no/kb20070222720195

"Disse 2de Personer foer i Mørke vild ved at gaae fra Ryvardens Fyr til hjemmet Juledagsmorgen og bleve fundne under et høit Fjeld hvorudover de vare faldne, den Første med Knust Hoved og død, den Anden saa lemlæstet at han kort efter døde".

Jeg er litt usikker men synes det står at Bernt Svendsen var "Ungk. og Bager".

 

Redigert: At han var baker bekreftes av ulykkens omtale i Stavanger Amtstidende: https://www.nb.no/items/2b31cf0dbb9eac4a5f21fb5f55033e61?page=1&searchText=mølstrevaag

Endret av Jan H. Trelsgård

Ja hei igjen, Jan. Dette var verkeleg dramatisk nytt du har funne. Trur ikkje nokon i slekta her på Bømlo kjenner til dette. Det har altså vore ei lita gåte kor det blei av Bernt. Men sjølsagt har eldstebroren til Bernt, vår oldefar Asser Svendsen, kjent til dette, det må jo ha gjort eit sterkt inntrykk. Då første barnet hans, ei jente, kom til verda i 1869, blei ho kalt opp etter deira mor Ingeborg. Neste barnet i 1871 blei kalt opp etter far til barnemora, Jon. Så kom ein gut til i -74, som fekk namnet Bernt. (Eg ser no at eg har skrive litt feil i første innlegget mitt, Asser blei gift i 1868, ikkje i -70). Asser kom til Sønstabøvågen midt på 1850-talet og blei skipper på eit av fartøya som handelsmannen Ole Mølstre åtte. Og nokre få år etterpå, kom Bernt til Finnås og. 

 

Mange takk for det du har funne ut, Jan, og du må ha eit godt år i 2026! Det er framleis mykje å henta når me driv slektsgransking, det er sikkert.

 

Mvh Reidar O. Meling, Sønstabøvågen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.