Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gyrid Tollevsdtr Grundeland, fødd i 1692?


Recommended Posts

Tollev Olson Grundeland (ca 1674-1764) skulle få ei ekte dotter i 1692, Gyrid. Her er kyrkjeboka for Leikanger for 1692, men klarer ikkje finna henne. 

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/9

 

Nokon som vil ta jobben med å sjekka desse sidene for meg om eg kan ha oversett henne? Viss fødselsåret til faren er rett, så verkar det rart at han er gift 18 år gammal, så kanskje ligg det ei feilkjelde ein eller annan stad her.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

eg har sett gjennom 1692, og finn ikkje noko Gyrid Tollevsd.

Det næraste er "Gyrj Tollachsd. Tosnes" døyåt 2. pinsedag "ved Tiugum"

 

Eg finn ikkje Tollev trulova eller gift heller dette året.

 

Dersom kjelda er frå eit seinare tidspunkt, kan det fort vere nokre år feil.

Kjelda er ein artikkel om gardar i Fresvik, men forfattaren har ikkje skrive kvar han har desse opplysningane frå. Det kan ikkje vere kyrkjeboka, og så mange andre kjelder var det vel ikkje med slike opplysningar? Manntalet i 1701 gir heller ikkje andre opplysningar.

Nei Gyrid er ikkje nemnt i ættesoga, men i ein artikkel om gardar og gardseige i Fresvik blir det sagt at Tollef hadde ei ekte dotter Gyrid fødd rundt 1692. Kjelde ikkje oppgitt. Det er difor eg lurer på om ho kan vera nemnt i skiftet eller evt om fleire enn dei tre ektemakane i ættesoga er nemnde.

23 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

eg har sett gjennom 1692, og finn ikkje noko Gyrid Tollevsd.

Det næraste er "Gyrj Tollachsd. Tosnes" døyåt 2. pinsedag "ved Tiugum"

 

Eg finn ikkje Tollev trulova eller gift heller dette året.

 

Dersom kjelda er frå eit seinare tidspunkt, kan det fort vere nokre år feil.

 

18 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Nei Gyrid er ikkje nemnt i ættesoga, men i ein artikkel om gardar og gardseige i Fresvik blir det sagt at Tollef hadde ei ekte dotter Gyrid fødd rundt 1692. Kjelde ikkje oppgitt. Det er difor eg lurer på om ho kan vera nemnt i skiftet eller evt om fleire enn dei tre ektemakane i ættesoga er nemnde.

 

Slik som det er fremstilt i artikkelen i "Pridlao" (2012) var det på Bøtun at denne Gyrid skal ha blitt født: https://www.nb.no/items/08bb3c35f5e2e89d30b85694f56bb1d1?page=73&searchText=gyrid Tollev Olsen Grundeland kalles i artikkelen for Tolleif (Tollak) Grundeland.

Kan artikkelforfatteren ha misforstått dåpsinnførselen til Gyrid Tollaksdatter fra Tosnes? Det neste navnet som dukker opp i kirkeboka leser jeg som "Dorethe Olsd: Siøtun".

 

205809747_Btun.jpg.004e0b573aa73d1e2dd7ac0b4b6634e8.jpg

Dåpen i 1692 var i Tjugum, og far må være Tollak Olsen Torsnes som er nevnt på side 149 i ættesoga fra Tjugum. Datteren Gurid er omtalt

 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016062748127?page=172


Ved første øyekast kan nok Tosnes i kirkeboka ligne litt på Bøtun, med tødler på T-en, så det var kanskje det som skapte sammenblandingen.

 

Endret av Matthias Kolberg

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.