Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Matrikkel 1723. Reell eller maksimal mengde dyr?


Recommended Posts

Eg styrer med retteleg gamal historia, og kjem stadig bort i saker eg ikkje veit nok om. No vender eg meg på ny til dykk på brukarforumet fordi eg har sett at her er det kompetanse på nær sagt alt. Denne gongen spør eg:

 Når matrikkel frå 1723 seier at jorda til dømes toler 14 kyr og 5 hestar, betyr det då at det er så mange dyr der når dei kartlegg garden, eller er det så mange det kunne ha vore der? Formuleringa er enklast å tolka som at det kan vera så mange dyr der, men eg stussar ved det høge talet på hestar.  

Litt underleg spørsmål ... - kvar fann du dette? - altså "seier at jorda kan tole ..." 

 

 

Dei laga ein "eksaminasjonsprotokoll", der det faktiske krøtertalet er ført inn  (utpå hausten), og ein del andre opplysningar 

og ein "matrikkelprotokoll" med framlegg til nye skyldsatsar ogskattesatsar  (som ikkje vart vedtekne når det kom til stykket).

 

  • Liker 1

Her er nokre lenkjer som døme:

Ulstein på Sunnmøre

Eksaminasjon: https://www.digitalarkivet.no/ma10090818640574

Matrikkel: https://www.digitalarkivet.no/ma20090819660164

Andebu i Jarlsberg (Vestfold):

https://www.digitalarkivet.no/ma20090817650195

https://www.digitalarkivet.no/ma20090819620219

 

skjemaa er like, så dei må ha fått eit førelegg.

 

  • Takk 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.