Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Viser til tidlegare diskusjonar om at ein er i ferd med å gå vekk frå å bruke konstruerte opplysningar i Digitalarkivet sine databasar. Resultatet er at det ofte blir svært vanskeleg å søkje etter f.eks. førenamn kombinert med patronym. Det blir f.eks. umogeleg å finne alle førekomstar av Ole Sifrsen i manntalet 1701, fordi mange av desse manglar patronym og dermed ikkje gjev treff.

 

https://forum.arkivverket.no/topic/357446-mt1701-for-sunnfjord-nordfjord-og-svanø-birk/

https://forum.arkivverket.no/topic/369889-sjeleregister-for-fjaler-1781-datapost-som-delvis-manglar/

 

Då står ein att med Avansert personsøk, som uansett er ei løysing som både er tungvint og som vil fungere dårlegare enn å kunne søkje i ein database som inneheld konstruerte patronym.

 

Men då må uansett Avansert personsøk forbetrast, slik at det blir mogeleg å bruke dette på manntal, sjeleregister eller andre kjelder.

 

Eit eksempel er manntalet 1701 for Sunnfjord, Nordfjord og Svanø birk, som er lagt ut i ny versjon 16/1 2026 der alle konstruerte patronym er fjerna. Det er frå no av håplaust å bruke denne databasen, og ein må heretter enten klikke seg gjennom 1641 treff på leit etter desse førekomstane eller rett og slett bla seg gjennom protokollen frå perm til perm. Det siste blir i praksis det enklaste.

 

Eit søk i Avansert personsøk på Sifr gjev dette resultatet:

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&jt[]=38&m[]=1429&firstname=Sifr&lastname=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

 

Så prøver eg å søkje med rolle: Oppsitjar, som også burde omfatte husmenn osv. Resultat: 0 treff.

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&jt[]=38&m[]=1429&firstname=Sifr&lastname=&roles[]=oppsitter&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

 

Eg ynskjer så å søkje med rolle: Sønn, som ikkje finst. 

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&jt[]=38&m[]=1429&firstname=Ole|Olle&lastname=&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=&sort=rel

 

Så ynskjer eg å søkje i Sjeleregister for Fjaler 1781, men den ser ut til å mangle heilt i Avansert personsøk. Eg greier ikkje å få fram eit einaste resultat frå denne databasen i Avansert personsøk uansett korleis eg søkjer.

 

Er det mogeleg å få lagt til alle databasar i Avansert personsøk, samt oppgradere Avansert personsøk til å ta omsyn til roller i manntal eller andre kjelder slik at dette kan ta over for søk i enkeltkjelder der søk med konstruerte patronym som har vore vanleg til no?

 

Er det som mellombels løysing evt. mogeleg å be om å få tilsendt dei gamle databasane, slik at det er mogeleg å søkje i desse på eigen PC? Eg er i fyrste omgang interessert i manntalet 1701 for Sunnfjord, Nordfjord og Svanø birk, samt sjeleregister Fjaler 1781. Eg lurer også på kvar det er blitt av denne sida:

http://web.archive.org/web/20250419153142/https://www.digitalarkivet.no/content/557/registreringer-som-ikkje-er-publiserte-i-digitalarkivet

 

Redigert: Eg ser no at søk i sjeleregisteret i skrivande stund gjev 0 treff også i det kjeldespesifikke søket:

https://www.digitalarkivet.no/search/20/100195?fornavn=&etternavn=&kjonn=&fodestad=&sokn=&bosted=&aar=&dato=&prestegjeld=&fodselsaar=

Endret av Torbjørn Igelkjøn
6 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

 

Søk på roller fungerer, men saken er at alle personene i dette tilfellet er tildelt rollen "person": https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?rolle=person

 

I MT1701 for Strinda og Selbu fogderi er rollen "sønn" benyttet, og da får man også treff ved søk på den: https://www.digitalarkivet.no/search/64/38461?rolle=Sønn

 

Men selv i MT1701 for Strinda og Selbu fogderi er det 140 av 656 personer som mangler rolle. Som søkekriterium har rolle derfor sine begrensninger.

  • Liker 1
4 timer siden, Nasjonalarkivet - Kristian Hunskaar skrev:

 

Søk på roller fungerer, men saken er at alle personene i dette tilfellet er tildelt rollen "person": https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?rolle=person

 

I MT1701 for Strinda og Selbu fogderi er rollen "sønn" benyttet, og da får man også treff ved søk på den: https://www.digitalarkivet.no/search/64/38461?rolle=Sønn

 

Men selv i MT1701 for Strinda og Selbu fogderi er det 140 av 656 personer som mangler rolle. Som søkekriterium har rolle derfor sine begrensninger.

 

Om eg forstår dette rett er dette altså noko som må rettast i sjølve databasen.

 

Men uansett så er ikkje rolla sønn tilgjengeleg i Avansert personsøk, som er det einaste søket der det i utgangspunktet er mogeleg å kombinere roller. Er det mogeleg å utvide Avansert personsøk til å dekke alle dei rollene som finst i enkeltdatabasane?

 

(Eg er uansett svært skuffa og frustrert over at ein går laus på gamle databasar og fjernar opplysningar slik at dei ikkje lenger kan brukast til å søkje i som før).

Endret av Torbjørn Igelkjøn

No ser eg at rollene i MT1701 for Sunnfjord, Nordfjord og Svanøy faktisk er registrerte som "Stilling og stand". Dermed er eg eit steg nærmare å søkje slik eg ynskjer, og kjem ned på 74 treff.

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&jt[]=38&m[]=1429&firstname=Ole|Olle&lastname=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=Sø*&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=Sif*&related_last_name=&related_birth_year=&sort=rel

 

Deretter må ein klikke på kvart av dei 74 treffa for å sjå om der er ein Ole som er son til ein Sifr. (Dette er framleis svært tungvint samanlikna med eit søk i ein database med konstruerte patronym). Trefflista kan reduserast noko ved å fylle inn kriterium som f.eks. fødselsår (som også er ei konstruert opplysning). Eksempel: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&jt[]=38&m[]=1429&firstname=Ole|Olle&lastname=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=Sø*&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=Sif*&related_last_name=&related_birth_year=160*|161*|162*|163*|164*|165*|166*|167*|1680|1681|1682&sort=rel

 

Trefflista kunne ha vore redusert ytterlegare dersom det også var mogeleg å søkje på stilling/stand for relatert person. Er dette mogeleg å ordne?

 

Avansert personsøk manglar i tillegg mogelegheit til å søkje på prestegjeld eller sokn. Søk på geografi=Fjaler kommune gjev treff i heile databasen.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Då er sjeleregisteret på plass i avansert personsøk. Også her er det mogeleg å søkje på Stilling/stand, men berre for hovudperson:

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&st[]=SJEL&m[]=1429&firstname=Ole|olle&lastname=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=Børn&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=&sort=rel

 

Så då er spørsmålet nok ein gong om det er mogeleg å utvide søk på biperson til å omfatte stilling og stand.

Problemstillinger rundt Rolle har vært debattert flere ganger.

 

Det er nok lite trolig at vi får bruke ressurser på å få gjort noe med disse valgene som befinner seg under Rolle i nedtreksmenyen. (tilpasse, endre etc.)

Dette krever trolig bruk av utviklingsressurser, som vi altså ikke kan få brukt på dette område. Hele Digitalarkivet er under utvikling og endringer i dagens løsning gjøres i svært liten grad. Forbedringer og endringer vil nok ikke gjort noe med før vi lager en ny søkeinngang på Digitalarkivet. Når det blir gjort, vet vi ikke. 

  • Liker 1

Då får ein håpe at neste endring blir til det betre og ikkje til det verre. Eg sit snart med følelsen av at ei kvar endring som blir gjort set ein tilbake i tid.

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.