Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Det gjeld dåpslistene i Tinn mini Atrå I 4 1815–1843 og Tinn mini Mæl II 1 1815–1843, to ulike sokn i Tinn prestegjeld. Her har registrering og publisering gått heilt gale.

 

Tinn mini Atrå I 4 1815–1843

Døypte – 1077 postar går fram til hausten 1839, og held fram med 209 postar til og med 1843 som innførte i Tinn mini Mæl II 1 1815–1843 (sjå neste protokoll under). Det var ikkje meir plass i Atrå-protokollen. 

 

Registrator har kome i skade for å registrere dei 209 Atrå-innførslene i Mæl-protokollen som om dei var førte i Atrå-protokollen. Sidetal, løpenummer og alle data elles for desse 209 Atrå-døypte finst ikkje i Atrå-protokollen, men registrator har altså likevel registrert dei her. 

 

Sidenummera hans er frå Mæl-protokollen.

Tilvising til rett kyrkjebokside fører derfor heilt gale avstad.

 

Døme: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010548112

 

Dåp av Birgit Johnsdtr. 27. juli 1843 i Atrå sokn. Ho er ei av dei 209 Atrå-døypte som er ført i Mæl-protokollen. Birgit Johnsdtr. er ført på side 66 i Mæl, men klikkar ein på «Skannet»-knappen kjem ein til side 66 og 1831 i Atrå-protokollen. Her er naturleg nok inga Birgit Johnsdtr. å finne.

 

Tinn mini Mæl II 1 1815–1843

Døypte – 592 postar i alt

383 postar gjeld Mæl sokn

209 (altså 592–383) postar gjeld Atrå sokn (framhald av Tinn mini Atrå I 4 1815–1843) frå hausten 1839 til og med 1843. 

 

Registrator har registrert 209 førnemnde Atrå-postar i Atrå-protokollen, trass i at dei vitterleg er innførte i Mæl-protokollen. I hans dataregistrerte materiale for Mæl-protokollen manglar derfor desse 209 dåpspostane.

 

Endret av Anfinn Bernaas
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.