Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Husmannkontrakt på bruket Rusten i Kvikne, Nord-Fron 1792


Recommended Posts

Eg har eit spørsmål til denne husmannskontrakten. Her står det at gardbrukaren, Jon Knutsen Silli, frivillig "har solgt og overdraget plassen". Var det vanleg å skrive slik? For det var jo ikkje slik at husmannen kjøpte plassen. Rusten vart ikkje sjølveigande før rundt 100 år seinare. Kontrakten er oversett frå før. Sjå bilde.

 

Mvh Ole Chr.

Kontrakt-Rusten-1792.jpg

Det var iallfall ikkje uvanleg å ta med "frivillig" og liknande gloser.  Det hende at slike overdragingar skjedde med tvang - og 

det kunne det sikkert vere greit å distansere seg frå.

Og det var vanleg med repeterte synonym, som "sælger og overdrager"

 

Ein plass (eller eit bruk, for den del) er meir enn jorda.

Husmannen kan vere eigar av hus, innbu, reiskapar, buskap og hausta avling. Dette kan han pantsetje for lån, eller selje.

I dette tilfelle ser det ut til at gardeigaren også eig (og sel) hus osv. på plassen - det kan vere ved kjøp eller tilbakefall, eller

at han har bygningar/utstyr som tidlegare har vore brukte på gardsbruket (t.d. som kårstove eller drengestove).

 

Og så finst det tilfelle der gardeigaren har sett av ein plass til seg sjølv og bygsla bort gardsbruket. Då vert han plassemann

under sin eigen leilending.  Eg kjenner iallfall to konkrete tilfelle.  Det kan hende ein slik husmann finn at det likevel er best å

vere gardmann sjølv, og sel (hus/utstyr på) plassen.  Det er ikkje sannsynleg her, men mogeleg.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.