Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jordebok 1645 for Tjugum, Bergenhus len


Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/51299/57

 

Er dette ei liste over kven som er utskrivne i legdehær? Altså kven som skulle stilla som soldatar frå gardane?

Eg leita etter namn frå Fresvik, men det verkar som det ikkje er noko system med at kvar bygd er for seg? Eg finn Otterhjell på denne sida med to namn, Peder og Gjermund les eg det til.

Har også leita etter Bøtun, Bjørnetun, Høyum, Hov, Øyri, Houlum, Breilid, Tetteteig, Hatleli utan å finna noko. Men så er eg heller ikkje så flink til å tyde denne skrifta.

Nokon som kan forklara litt om dette?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/370805-jordebok-1645-for-tjugum-bergenhus-len/
Del på andre sider

nei, det er leidang ("Leding") som skatt; det er brukarane på kvar gard som betalar.

Oppsummeringa nede til venstre viser at brukarane betalar i pengar, smør, talg, korn, huder, geiteskinn og kalvskinn.

Dei til høgre betalar i talg og geiteskinn (begge delar for alle).

 

Rekneskapen er ordna etter skipreide; "Quambsøe schibereedt" til høgre. "Thuigymb Schiberedt" nokre sider fram.

Det ser ut til at gardane er ordna etter (største?) eigar. Krungods først, så stiftet ("Stigtens") og så bondegods.

Skatten vart truleg samla inn på tingstaden, så det er ikkje sikkert at det treng om å vere noko særleg geografisk ordning

på lista innafor kvar skipreide.

 

Fresvik sokn høyrde til Tjugum skipreide;  https://lokalhistoriewiki.no/Skipreider_i_Sogn_og_Fjordane

 

"Frøsuigh" er nr.5 og siste i 3. spalta for Tjugum (s. 55 i DA);  "Bøttun" er nr.6 i same spalta. 

"Hoffue" er dei to siste på s. 56 (DA - originalen har ikkje sidenr.)

"høyum" er først på s. 57; "Thugum"  og "Otterheld" er dei to siste i Tjugum skpr.

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
6 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Midt på høgre side finn eg noko eg tolkar som Bøttun med ei forklaring bak. Kva er i tilfelle fornamnet og kva står bak?

"Jens Bøttun

xviij mk talig

iiij giedschind"

[klamme:]

"Bruger Jens Madsen

førige Sorenschiffuer

och er beuilget frij"

 

Om Jens Bøtun og Jens Madsen er same person, er litt uklart - men det ser sånn ut. Eks-sorenskrivaren får iallfall leidangen

av garden. Geiteskinna her (4) er ikkje talde med i "(summa) Lateris" (side-summen) nedst (som skulle vere 37, ikkje 36).

Eg har ikkje summert talg-vektene.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.