Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils Olsson og kona hans, Øvre Standalen, Kinn, 1700-talet


Recommended Posts

Ein ungkar Nils Olsson og ei Gunnilde Olsdotter gifta seg i Svanø i Kinn i 1750, nede til høgre her:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 208
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610269
 

Veit nokon om dette er Nils Olsson som buset seg i Øvre Standalen?

Veit nokon noko som helst om bakgrunnen til dette paret?

 

Nils Olsson Øvre Standal fekk barn på 1750-60-talet. Eg lurer altså på om kona var Gunnilde Olsdotter.

 

Ved skiftet etter sonen Absalon Nilsson Storsteinsvik (Hellevika) i 1820 får vi godt oversyn over barn og barnebarn, sidan Absalon var barnlaus.

Sunnfjord tingrett, AV/SAB-A-3201/1/H/Ha/Hab/L0012b: Skifteprotokoll, folio 204-472, 1817-1821, s. 385b-386a

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126700391

 

 

Der nøyaktig årstal er oppgitt, har eg funne dåpen; dei andre ser ut til å mangle i kyrkjeboka og er baserte på 1801-teljinga.

 

1752: Ole Nilsson, g.m. Anne Mikkelsdtr., busett i Øvre Standalen

-- barn: Ananias, Nille Marie

 

1754: Absalon Nilsson, g.m. Kari Eliasdtr., busett i Storsteinsvika (Hellevika)

-- ingen barn

 

1759: Anders Nilsson, g.m. Henrikke Nilsdtr., busett i Stavvika og Selvika i Kinn

-- barn: Andreas, Anne, Birte, Nille Agnete

 

ca. 1759: Dorte Nilsdtr., g.m. Søren Hansson, busett i Rivedalen i Holmedal prestegjeld

-- barn: Matias, Nils

 

1765: Jonas Nilsson, i 1820 busett på Staveteigen

 

ca. 1767: Birte Nilsdtr., g.m. Hans Olsson, busett i Storsteinsvika (Hellevika)

-- barn: Hans, Nils

 

 

Eg har diverre ikkje noko svar på spørsmålet, men har lagt inn noko av det som kom fram i denne tråden her: https://www.geni.com/people/Absalon-Storsteinsvik/6000000224088775855

 

Opplysningane har vore ukjent for forfattarane av bygdeboka for Fjaler. Ved vigsla i 1787 er Dorthe skriven til Tysse. Ho hadde kanskje vore tenestejente hos Nitter, som budde på Tysse?

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.