Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ny tjeneste for skanna kirkebøker


Recommended Posts

 

Det er litt for dumt når nokon først rullar ut ei ny løysing, og så deretter freistar å få løysinga testa av brukarane.

Det er uklart kven som er prioriterte her, men det er ikkje brukarane i dette forumet.

Alt for mykje av skjermen går til ingenting. Der den gamle løysinga utnytta heile breidda av nettlesarvindauget,

brukar den nye plass på alle kantar til ..., ja, ingenting.

 

Mange har peika på andre uheldige ting, men ein ting eg ikkje finn omtala er dette:

 

Då eg skulle svare på eit tydespørsmål, kom det som vanleg ei lenkje - som førte til den nye løysinga.

Informasjon om kva og kvar dette er, manglar.  Iallfall kan ikkje eg finne det på ein enkel måte.

Det å vite kva som er aktuelle sokn (og dermed gardsnamn), er svært ofte nyttig for tydehjelp. 

 

 

I den gamle løysinga klikka eg på i-en oppe til høgre og fekk "kjeldeinformasjon" som m.a. inneheldt

prestegjeld og sokn som den aktuelle kyrkjeboka inneheldt. Døme i utsnittet her:

 

image.png.5230a203a742496839b7466d4f1f2cd0.png

 

Då veit eg at det som var Eid prestegjeld i det aktuelle tidsromet, også femna om det som seinare var

Davik prestegjeld.

I den nye løysinga ser eg berre at det er Eid og  "heile prestegjeldet". Kva var det i 1722?

Kjeldeinformasjonen er ikkje berre meir breial, men også mindre informativ.

 

image.png.4f0f2ff61ff7b6ca5be60d5b22fb1283.png

 

Ja - eg kan gå til "Søketreff", velje Eid prestegjeld, avgrense i tid, og få ei liste med kjelder, inkludert 

image.thumb.png.dc192e7b9fe539bcd899410dfc6cdcf6.png

Svært mykje meir tungvindt, og ikkje opplagt.

 

I det aktuelle tilfellet droppa eg tydehjelpa og fann noko betre å bruke tida på.

 

 

 

 

 

 

  • Liker 2

Det skulle være interessant å få tilbakemelding fra en bruker med en synshemming, eller andre utfordringer, som synes den nye universelle utformingen er bedre enn den gamle utformingen. Jeg har forsøkt å tenke meg inn i en slik situasjon, og jeg ville vel sjøl ha hatt en annen tilnærming til bruken av disse sidene, enn det som i utgangspunktet er standardinstillingene. 

 

Det er et generelt problem med universell utforming på nye nettsider, at man må bruke mus for å scrolle og klikke til den store gullmedalsjen, istedenfor å ha en god, oversiktlig side hvor man ev.kunne bruke pilknapper. Det er jo skadelig med mye musbruk. Og jeg vet ikke om det har vært utført noe arbeide for å finne ut om ny universell utforming faktisk er en hjelp, eller bare symbolpolitikk.

Endret av Olaf Larsen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   1 medlem

    • Daniel Fosstvedt
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.