Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000044324598

 

Ved forsøk på å gå til skanna versjon hamnar eg her:

 

Utennavn.thumb.jpg.164f3be4569d4ad4ad73481394cfa642.jpg

 

Etter å ha bladd meg fram til rett side i det gamle systemet:

https://media.digitalarkivet.no/view/8597/245

 

får eg følgjande referanse:

 

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Vilnes, Hyllestad, Øn i Askvoll, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Fødte og døpte 1819, Side 492-493
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070319630576
 

Men dersom eg klikkar på den permanente lenka er eg like langt, den går til den same tekstsida som over.

 

Så oppdagar eg så og seie ved ei rein tilfeldigheit at dersom eg zoomar ut sida får eg opp ein boks til høgre:

 

Utennavn.thumb.jpg.a131e1b4bc24748ea33ee19c6ff8f527.jpg

 

Men eg ser framleis ikkje noko kyrkjebok.

 

Det nye systemet er uansett håplaust, sidan alt anna enn den skanna sida tek opp størstedelen av skjermen.

 

Ver så snill. Ikkje øydelegg dei skanna kyrkjebøkene! La oss i det minste få behalde den gamle visninga til alle barnesjukdommane i det nye visningsprogrammet er luka vekk!

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 2
  • Takk 1

Kan det ha noko med nettlesar og innstillingar å gjere?

 

Eg brukar vanlegvis Firefox:  kyrkjeboka kjem opp; feltet til venstre tek om lag 2/5 av ruta - dvs. som det andre biletet ditt,

bortsett frå at eg ser kyrkjeboksidene. Delet kan skyvast heilt til venstre (biletet fyller det meste av ruta).

Freistar 

Crome:  som du skildrar (1. biletet; berre teksten med kjeldeinformasjon).  Men når eg utvidar vindauget mot høgre, eller forminskar heile nettlesar-biletet, 

vert det som det 2. biletet (plass til bilete, men ikkje bilete). Etter kvart får eg klikka fram eit bilete også.

Edge:  som Firefox

DuckDuckGo: som Firefox

Dei tre siste brukar eg sjeldan og har sannsynlegvis standard-innstillingar på alt.

 

Det verkar ikkje som eit ferdig system.

  • Liker 1

I den første skjermdumpen din tror jeg metadatadelen av en eller annen grunn dekker hele skjermen og at bildevisningsdelen eventuelt er utenfor høyre bildekant. Du ser at teksten i merknadsfeltet ikke bryter over på ny linje, men fortsetter til høyre bildekant og videre. Jeg vet ikke hvorfor dette skjer, men jeg har observert det selv ved en anledning. Da endret jeg størrelsen på nettsida (ctrl + minus) til bildevisningsdelen dukket opp, og så fikk jeg flyttet delet mellom metadatadelen og bildevisningsdelen. Det er mulig at dette er en eller annen bug som slår inn. Våre utviklere vil sikkert se på det.

 

I den andre skjermdumpen din kan det tenkes at hele bildet er utenfor bildevisningsdelen. Det kan være et uheldig utslag av husk posisjon og husk zoom. Forsøkte du å øke bildestørrelsen med +-knappen til høyre i bildevisningsdelen?

 

Jeg vil ellers gjøre oppmerksom på fullskjermvisninga for bildefilene, som du aktiverer med knappen under "Innhold" øverst til høyre.  Personlig kommer jeg til å foretrekke fullskjermvisninga for bildefilene.

  • Liker 1
17 minutter siden, Nasjonalarkivet - Kristian Hunskaar skrev:

I den andre skjermdumpen din kan det tenkes at hele bildet er utenfor bildevisningsdelen. Det kan være et uheldig utslag av husk posisjon og husk zoom. Forsøkte du å øke bildestørrelsen med +-knappen til høyre i bildevisningsdelen?

 

Du har rett, bortsett frå at eg ikkje har huka av for husk posisjon eller zoom. Dersom eg prøver +- knappen dukkar kanten av biletet opp. Evt. dukkar biletet opp dersom eg klikkar i den tomme boksen og dreg.

 

19 minutter siden, Nasjonalarkivet - Kristian Hunskaar skrev:

Jeg vil ellers gjøre oppmerksom på fullskjermvisninga for bildefilene, som du aktiverer med knappen under "Innhold" øverst til høyre.  Personlig kommer jeg til å foretrekke fullskjermvisninga for bildefilene.

 

Det kjem nok også eg til å gjere. Finst det nokon måte å aktivere denne automatisk slik at ein hamnar der kvar gong?

3 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det kjem nok også eg til å gjere. Finst det nokon måte å aktivere denne automatisk slik at ein hamnar der kvar gong?

 

Nei. Pr. nå er det et valg du må gjøre fra gang til gang.

  • Liker 1
1 time siden, Nasjonalarkivet - Kristian Hunskaar skrev:

 

Nei. Pr. nå er det et valg du må gjøre fra gang til gang.

 

Då håpar eg at utviklarane les dette, slik at dei får med seg ynsket mitt.

No testa eg den permanente lenka på mobilen, ein Samsung Galaxy S23 Ultra. Nettlesar: Opera.

 

1000000380.thumb.jpg.146c6829f77c8cf7c6e3a9a83eebcdb0.jpg

 

Eg hadde helst sett at det var mogeleg å få vekk knappelinja til høgre, som ligg oppå biletet (svært irriterande) og som tek uforholdsmessig stor plass. I den gamle løysinga ligg desse horisontalt øverst, og utanfor biletet. Zoomar eg inn på sjølve biletet med fingerbevegelsar i gammal løysing forsvinn knappelinja utanfor skjermen, slik at biletet dekkar heile skjermen. Dette var ein stor fordel. I ny løysing blir knappane liggjande i vegen uansett kva ein gjer. I tillegg blir mykje av plassen teken opp av store margar i topp og botn, og det er umogeleg å zoome inn heile greia slik at ein får flytta margane ut av skjermen.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Dette sjokket har eg også fått i dag - i staden for å kome rett til skanna versjon og kontrollere avskrifta på 3 sekund - frykteleg demotiverande må eg seie..

 

 

  • Liker 2

Jeg har fått spørsmål om noen tanker jeg har gjort meg.Jeg sitter med laptop, eller stasjonær pc, bruker kun Chrome.  Mine kommentarer er altså ikke om bruk på telefon (jeg bruker aldri telefon i denne sammenhengen).  Jeg er sikker på at mange har meldt inn mye av dette allerede. Jeg har lagt mine tanker i en pdf, håper det er greit.   Jeg har nok mange flere tanker om dette, men jeg skal ikke være for negativ, jeg hater nemlig endringer, og det farger nok mitt syn. Jeg har derfor begrenset meg til det jeg ønsker skulle vært anderledes. 🙂 (pdf-filen er skannet og virusfri). 

nytt Digitalarkiv for hvem.pdf

  • Liker 4

Ja - det store spørsmålet er "for kven" - og eg med fleire har brukt svært mykje tid på Histreg siste tida, som er begynt å bli ei svært god kjelde. Med litt innøvde teknikkar kan eg lenke saman ei heil rekkje oppføringar på kort tid.

 

Men det forutset at eg får kontrollere den skanna originalen, sidan mange av oppføringane er forvrengde til det ukjennelege. Eg prøvde å revidere ein person med 10 postar som alle måtte kontrollerast - og eg må heilt ærleg seie:  Dette gidd eg ikkje. SÅ mykje ledig tid har eg ikkje. 

  • Liker 2

Kjeldeinformasjon er etter mi meining nyttig på mange måtar, og der står det også om spesielle forhold som f.eks. at årstal manglar, sider i protokollen er blitt borte eller andre ting som er nyttig å få med seg.

 

Men kjeldeinformasjonen høyrer etter mi meining heime på innhaldssida, slik som det var i det gamle systemet. Ein treng ikkje å dragse på detaljert kjeldeinformasjon når ein skal bla frå side til side i protokollen.

  • Liker 4

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.