Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Urmaker Sigvart Meyer (ca 1765 - 1803) i Kristiansand, var han frå Eidfjord?


Recommended Posts

Var Sigvart Meyer son av korporal Sven Sjursen Bremnes og Agnete Kristina Tomasdtr?

 

Her er lenker til Sigvart i folketelling 1801 og Uhrmagerne i det gamle Christianssand

 

Og Svend Bremnes i Gards- og ættesoge for Eidfjord:
image.png.85ebc3858e875093e764667ad8202863.png

For å forklare korleis eg endte opp med dette:
I Stavanger 15. november 1791 gifta Rakel Svendsdatter Bremnes og Sven Simonsen Grødem seg, og 12. februar 1799 Ingeborg Svendsdatter med Endre Edvartsen. Ingeborg gifta seg på ny i 1814 . Begge desse to er omtala i Stavanger borgerbok, då er begge kalle Sjursdatter, mens dei i kyrkjebøkene er kalla Svendsdøtre. Om Ingeborg står det:
image.png.9858b603fe24a243dd5a4c65bd33151c.png
Sett vekk i frå at borgerboka har feil farsnamn så stemmer dette bra med Sven Bremnes. Alder stemmer og på både Rakel og Ingeborg.

I 1802 døypte Sven Grødem og Rakel Svendsdatter ein son, der ein av fadderane var Bertel Meyer Svendsen. Dette tenkte eg kunne være bror av Rakel og Ingeborg, og at eg kanskje kunne finne han i 1801-tellinga. Det gjorde eg ikkje, men eg fann ein sjømann Bertel Meyer gift med Dorthe Villumsdatter Justnes i Kristiansand i 1803 der Sigvart Meyer var forlover. Bertel Meyer døydde nok kort tid etter, for Dorthee Meyer sel huset sitt i 1804, og seinere sel ho diverse frukt, grønnsaker og fjørkre

I følge boka Uhrmagerne i det gamle Christiansand var Sigvart Meyer gift med Caroline Olsdatter Dahl (Ved dåpen til sonen, 29 sept. 1789 er ho kalla Caroline Clausine Olsdatter Dahl) og Inger Willumsdatter Justnes. Vigselen med Inger finn eg i Kristiansand, men ikkje den med Caroline. Men eg finn ein vigsel i Bergen i 1787 mellom urmakersvenn Sivert Svendsen og Caroline Olsdatter Dahl. (Dahl er ikkje transkribert, men står i orginalen, linje 2 til høgre).


I tillegg finnes det ei Anna Christina Meyer i Kristiansand (født ca 1776, mot 1773 i bygdeboka til Eidfjord). Ho hadde og Sigvart Meyer som forlover ved den fyrste vigselen. Seinere blei ho gift to gonger til, i 1808 og 1814

Så kanskje er dette litt spekulativt, men Sigvart Meyer gifta seg (kanskje) fyrste gong i Bergen. Han var son av ein Sven, han hadde riktig alder og Meyer-namnet fantes i familien til Sven Bremnes. Kan det være mogleg å bevise eller motbevise at Sigvart var Svend Bremnes sin son?

 

Og var Bertel og Anne Christine Meyer søsken av han?
----
Om foreldra har eg, i tillegg til det som står i bygdeboka, funne i Bergen:

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.