Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Prestens preike i Hjartdal 1739 – han viser til Lehman et Naschow pag 198 – finn ikke denne boka eller forfattarane


Recommended Posts

Eit nytt arvedokument frå skrivebordsskuffen: Fire tettskrevne ark som openbert er manuskriptet til ei preike, notat i dokumentet viser at presten har gjenbruka heile eller delar av manuskriptet i 1741 og 1742. Omfanget og kompleksiteten er strengt teke over mitt kompetansenivå, men eg vil gjerne utfordre meg sjølv for å sjå kor langt eg kjem. Eg må visst fyrst skaffe meg ein Bibel, tilvisingane er mange og det kan lette transkripsjonen. 

 

Spørsmålet mitt her gjeld derfor i denne omgang tilvisinga til "Lehman et Naschow pag. 198". Eg har søkt etter denne boka både på nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket og Google, utan klaff. Ho har tydelegvis vore eit hjelpemiddel for presten, så ho har eksistert.

 

Ja, så var det skriftteikna øvst på ark 1 da, det er vel truleg hebraisk. Har me nokre teologar her?

 

IMG_2106.JPG

Endret av Anfinn Bernaas

De tre første tegna lest fra høyre mot venstre er B-Sh-M, som er en forkortelse for Baruch Hashem som betyr Lovet være Herren eller andre tilsvarende fraser.

  • Liker 1
3 timer siden, Anfinn Bernaas skrev:

Spørsmålet mitt her gjeld derfor i denne omgang tilvisinga til "Lehman et Naschow pag. 198". Eg har søkt etter denne boka både på nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket og Google, utan klaff. Ho har tydelegvis vore eit hjelpemiddel for presten, så ho har eksistert.

 

Nasjonalbiblioteket - det digitale -  inneheld først og fremst norsk litteratur. Her må du vel leite utanlands; eg ville byrja i Danmark.

 

Ein mogeleg kandidat er Peder Zachariæsøn Naskov (1635-1695) (skrive på fleire vis: Naskov/Nackskov/Naschow/Naschou/...)

https://runeberg.org/dbl/12/0139.html

 

Det ser ut til at ein utbreidd tittel er "Den reene evangeliske Religions Artickler, indrettede efter Guds hellige Ord,

den Augsburgiske Bekiendelse, og adskillige Læreris Skrifter, i deris rette grundige Meening og Forstand, Gud til

Ære, og hans Kircke til Opbyggelse, udi fyrgetyve Prædickener med fire nyttige Registere, sampt Anviisning til

Søndagernis og Fæsternis Evangelia "

Første utgåve kom i 1697 (seinare utgåver iallfall i 1735 og 1759), altså etter at han var død; så nokon annan må ha lagt til rette for utgåvene.

Lehman(n) var ei boktrykkarslekt (i Kjøpenhamn på den tida; men seinare også i Christiania) - det er mogeleg at det er ein av dei. Men dette namnet er meir

vanleg enn Naskov. Det er fleire forfattarar Lehman, utan at eg kan peike på ein "høveleg" teolog mellom dei.

 

Frå "Det Kongelige Bibliotek":

https://soeg.kb.dk/discovery/search?query=any,contains,naskov&tab=Everything&search_scope=MyInst_and_CI&sortby=date_d&vid=45KBDK_KGL:KGL&facet=frbrgroupid,include,9017593429062420480&offset=0

 

https://soeg.kb.dk/discovery/fulldisplay?docid=alma99124491218305763&context=L&vid=45KBDK_KGL:KGL&lang=da&search_scope=MyInst_and_CI&adaptor=Local Search Engine&tab=Everything&query=creator,contains,Nackskov Peder Zachariæsøn,AND&sortby=date_d&facet=frbrgroupid,include,9058352845650709430&mode=advanced&offset=0

Her er lenkje til ei digitalisert utgåve, som du kan laste ned (pdf - fil; 317 Mb))

For ordens skuld kan nyare utgåver ha skipla sidetala.

 

Jostein Fet ("Lesande bønder", Univ.forl.,1995) har funne 8 eksemplar i skifte på Sunnmøre (og eitt i Øvre Telemark), så det var ikkje ei uvanleg bok.

Det er også eit par eksemplar ved norske fagbibliotek:

https://bibsys-network.primo.exlibrisgroup.com/discovery/fulldisplay?docid=alma990318168194702201&context=L&vid=47BIBSYS_NETWORK:BIBSYS_UNION&lang=no&search_scope=DiscoveryNetwork&adaptor=Local Search Engine&tab=DiscoveryNetwork&query=creator,contains,naskov,AND&mode=advanced&pfilter=dr_s,exact,00000101,AND&pfilter=dr_e,exact,18001231,AND&offset=0

 

Men ... det kan vere ein heilt annan forfattar; eller ei anna bok av den same.

 

 

  • Liker 1
1 time siden, Matthias Kolberg skrev:

De tre første tegna lest fra høyre mot venstre er B-Sh-M, som er en forkortelse for Baruch Hashem som betyr Lovet være Herren eller andre tilsvarende fraser.

Dette var da sanneleg ikkje så lite!

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Nasjonalbiblioteket - det digitale -  inneheld først og fremst norsk litteratur. Her må du vel leite utanlands; eg ville byrja i Danmark.

 

Ein mogeleg kandidat er Peder Zachariæsøn Naskov (1635-1695) (skrive på fleire vis: Naskov/Nackskov/Naschow/Naschou/...)

https://runeberg.org/dbl/12/0139.html

 

Det ser ut til at ein utbreidd tittel er "Den reene evangeliske Religions Artickler, indrettede efter Guds hellige Ord,

den Augsburgiske Bekiendelse, og adskillige Læreris Skrifter, i deris rette grundige Meening og Forstand, Gud til

Ære, og hans Kircke til Opbyggelse, udi fyrgetyve Prædickener med fire nyttige Registere, sampt Anviisning til

Søndagernis og Fæsternis Evangelia "

Første utgåve kom i 1697 (seinare utgåver iallfall i 1735 og 1759), altså etter at han var død; så nokon annan må ha lagt til rette for utgåvene.

Lehman(n) var ei boktrykkarslekt (i Kjøpenhamn på den tida; men seinare også i Christiania) - det er mogeleg at det er ein av dei. Men dette namnet er meir

vanleg enn Naskov. Det er fleire forfattarar Lehman, utan at eg kan peike på ein "høveleg" teolog mellom dei.

 

Frå "Det Kongelige Bibliotek":

https://soeg.kb.dk/discovery/search?query=any,contains,naskov&tab=Everything&search_scope=MyInst_and_CI&sortby=date_d&vid=45KBDK_KGL:KGL&facet=frbrgroupid,include,9017593429062420480&offset=0

 

https://soeg.kb.dk/discovery/fulldisplay?docid=alma99124491218305763&context=L&vid=45KBDK_KGL:KGL&lang=da&search_scope=MyInst_and_CI&adaptor=Local Search Engine&tab=Everything&query=creator,contains,Nackskov Peder Zachariæsøn,AND&sortby=date_d&facet=frbrgroupid,include,9058352845650709430&mode=advanced&offset=0

Her er lenkje til ei digitalisert utgåve, som du kan laste ned (pdf - fil; 317 Mb))

For ordens skuld kan nyare utgåver ha skipla sidetala.

 

Jostein Fet ("Lesande bønder", Univ.forl.,1995) har funne 8 eksemplar i skifte på Sunnmøre (og eitt i Øvre Telemark), så det var ikkje ei uvanleg bok.

Det er også eit par eksemplar ved norske fagbibliotek:

https://bibsys-network.primo.exlibrisgroup.com/discovery/fulldisplay?docid=alma990318168194702201&context=L&vid=47BIBSYS_NETWORK:BIBSYS_UNION&lang=no&search_scope=DiscoveryNetwork&adaptor=Local Search Engine&tab=DiscoveryNetwork&query=creator,contains,naskov,AND&mode=advanced&pfilter=dr_s,exact,00000101,AND&pfilter=dr_e,exact,18001231,AND&offset=0

 

Men ... det kan vere ein heilt annan forfattar; eller ei anna bok av den same.

 

Kva skulle brukarane i forumet ha gjort utan Ivar Ertesvåg. Her har eg såvisst nok å fordjupe meg i. Eg takkar så mykje!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   4 medlemmer

    • Hans Salbu
    • Matthias Kolberg
    • Morten Tjørhom
    • Anfinn Bernaas
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.