Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg sliter med å lese dette skiftet på Skarstein i Gloppen i 1767:

Nordfjord sorenskriveri, AV/SAB-A-2801/1/04/04a/L0015a: Skifteprotokollar, 1766-1770, s. 177b-178a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670760

Skiftet er etter Peder Mortenson og Ingeborg Nilsdotter, men eg greier ikkje å lese om dei skiftar medan dei er i live eller om begge er døde. Skiftet nemner deira felles son Jens Pederson samt Ingeborg sin son Aamund/Åmund Jensson frå hennar første ekteskap. Eg hadde også venta å finne ei dotter ved namn Anne Jensdotter frå Ingeborg sitt første ekteskap, men det klarer eg ikkje å tyde meg fram til. Kan nokon hjelpe meg med å kaste litt lys over innleiinga i skiftet?
 
44 minutter siden, Thore Senneset skrev:

Grunnen til at du slit med dette, er vel at fotograferinga er svært uklar ... - og då slit alle andre også.

Eg ser ikkje noko klart om at Peder og/eller Ingeborg lever eller er døde.

Skiftet er "paa Gaarden Scharsten i .... efter de der Sammesteds boende ægtefolk nafnl. Peder ..."

Men det som følgjer er for uklart.

Eg ser at han har sonen Jens 15 1/2 år og at ho har sonen Aamund Jensson, myndig og busett på Skarstein.

Buet har brutto formue 44-2-12, og gjeld og utgifter 44-1-5.

Teksten er uklar, men det ser ut som at Peder Mortenson får sitje att med resten. - i så fall er han i live.

  • Liker 1

Takk skal du ha, @Ivar S. Ertesvåg! Du har løyst dei viktigaste mysteria for meg. Ingeborg er avliden når skiftet går av stabelen og dei budde på Skarstein. Det er langt meir enn det "Soga om Gloppen og Breim" frå 2001 gjorde (der det blir hevda at "...dei flytte truleg bort...").

  • 2 uker senere...

Eg beklagar at eg ikkje er så "tett-gjengd" her for tida, så dette har eg ikkje sett før i dag. 

Innleiinga til skiftet fortel at det blir halde på parfolket sitt "forlangende og begiering, udi deres levende live". 

I innleiinga er det berre Amund som er nemnt som Ingeborg sin sær-arving, men det er nok ein forgløymelse, for Anne får tilkjent sin del av arven under utloddinga.

Dette er det siste vi høyrer om pqaret i kjeldene i Gloppen, og heller ikkje sonen Jens er å sjå, etter konfirmasjonen i Vereide (!) i 1773.

Så eg har ein tendens til å halle mot bygdeboka sin påstand om at dei truleg har flytta bort...

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.