Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

https://forum.arkivverket.no/topic/209971-bertel-borgeson-osmundnes-f-1856-på-garden-hope-i-hyen-gloppen-kommune-til-amerika/?tab=comments#comment-1765995

 

No i pinsehelga har vi hatt Amerikabesøk av bl.a. tremenning frå Minot, N.D.

Den eine var dottera til Sylvia Bergeson Ballew nemnd i lenka ovanfor. Som vi ser er ho dottera til Sivert Alfred Bergeson og Bertha Ramsey Borgeson i Pierre, S.D.

Vi fekk grundig info i lenka den gong, men mangla ættene til Bertil Borgersen frå Nordfjord. Aase i forumet tilbydde seg å gå bakover i denne, og om du les dette, vil

det no vere interessant for gjestene nemnde over. Bertil si kone kone Amelia, som slekta frå Vanse i Lista, er og interessant å få forfedrane til. Om det berre er eit par              generasjonar i første omgang, så blir dei sikkert glade.

8 timer siden, Asbjørn Ramsøy skrev:

Kan ikkje sjå at Eliettes utvandringsdato er nemnd i den opprinnlige tråden

Census 1910 for Sioux Rapids, Buena Vista, Iowa, USA oppgir 1881 som utvandringsår.

Endå ein gong takk til Allan! Eg trur faktisk at dette kan vere "våre" folk. Ifylgje Listaboka, fyrste bandet, (Gard og folk) s. 527, stemmer namna og alderen på dei fire nederste ganske bra. Eliette Kristine Hansdotter Vinneim fødd 1825. Mannen Syvert Andreas Torkildsen døydde 1857. Døtrene Severine Emilie, Anne Benedikte og Sofie Elise er fødde henholdsvis 1853, 1856 og 1857! Båten heitte Baltic og dei var framme i Juli 1881 i New York.

Eg veit at det er å leggje mykje beslag på forumet, men pinsegjestene mine seier det er så interessant å vite kvar Eliette og borna fyrst slo seg ned. Nokon som kan ta opp

"hansken", dersom det kan løysast?

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.