Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kan nokon hjelpe meg å finne ein y-testar til Daae mannslinje?


Recommended Posts

Fyrst og fremst: Her skal ikkje nemnast namn på nolevande i offentleghet; send eventuelle namn på melding til meg, eller på epost aasersether@gmail.com

 

https://www.geni.com/people/Jonas-Edvardsen-Daae/6000000000905936784 er rekna som stamfar til Daae-slekta i Noreg, som er svært stor.

 

I samband med ei gammal slektsnøtt skulle eg gjerne fått kontakt med ein kar som har REIN MANNSLINJE (utan kvinneled mellom) bak til denne Jonas - og som kan vere villig til å ta ein Y-dna-test.  Som i så mange andre "overklasse-familiar" er det ein utstrakt gjenbruk av førenamn, og utstrakt bruk av slektsnamnet som mellomnamn på dotter-linjer også, så det viser seg å vere svært vanskeleg å starte bakerst, og tråle seg fram til notida.

 

På førehand takk til den som klarer å finne ein slik mann til meg!

 

REDIGERT:  Testen er førehandsbetalt, så ingen utgifter for testaren.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 4

Geni.com har jo en egen funksjon for dette, en egen siden med nålevende personer som kan passe for en Y-DNA-test. Her er Daaa-ene https://www.geni.com/list/dna_from?dna_test_type=y&focus_id=6000000002517159065&living_status=living&remove_focus=true&remove_test_takers=true

De aller fleste av disse er merket Private / nålevende, men det er noen som ikke er det, som har navn som er lett å google - fant kontaktdetaljer til tre av dem på første forsøk.

  • Liker 1
  • Takk 1
1 time siden, Frank H. Johansen skrev:

Geni.com har jo en egen funksjon for dette, en egen siden med nålevende personer som kan passe for en Y-DNA-test. Her er Daaa-ene https://www.geni.com/list/dna_from?dna_test_type=y&focus_id=6000000002517159065&living_status=living&remove_focus=true&remove_test_takers=true

De aller fleste av disse er merket Private / nålevende, men det er noen som ikke er det, som har navn som er lett å google - fant kontaktdetaljer til tre av dem på første forsøk.

Eg er klar over denne funksjonen, og brukar den kvar gong eg skal finne testpersonar til prosjekta mine, men det er det siste steget som er det vanskelege: Dei få du finn kontakt-detaljar til, er ofte ikkje interesserte, eller svarer ikkje. 

 

Eg vil tru at dei tre du fann, er blant dei eg allereie har prøvd, og fått negativt svar med.

I tillegg er det ofte opptil fleire linjer som ikkje er lagt inn på Geni.

 

Det er derfor eg prøver denne litt utradisjonelle måten - å gå via kjennskap.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
1 time siden, Frank H. Johansen skrev:

Geni.com har jo en egen funksjon for dette, en egen siden med nålevende personer som kan passe for en Y-DNA-test. Her er Daaa-ene 

Denne funksjonen er endå meir effektiv, men framleis utan det siste avgjerande elementet som eg treng - notida.

https://historylinktools.herokuapp.com/graph?profile=profile-g6000000000905936784

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
19 minutter siden, Remi skrev:

Denne karen fikk i hvertfall en sønn født 30.12 1934 i Ålesund ved navn Ludvig, se profil på Geni.

Takk for tips, sjølv om det ikkje er slike tips eg helst håpar å få denne gongen.

 

Ved siste nyttår var det registrert oppunder 400 personar i landet med Daae til etternamn. Statistisk sett skal halvparten vere menn, og ser vi bort frå dei yngste årgangane kan vi rekne med minst 150-160 som kan vere aktuelle - men det viser seg i praksis å vere langt mellom det å vere aktuell og det å vere villig til å ta ein Ydna-test, særleg på oppfordring av ein frammand.  

 

No har eg utanom forum fått tips om ein testar på MyHeritage, og det kan vere ein god start å kontakte han. 

 

 

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.