Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lars Johannessen Liabø og Hele Danele Olsdtr.


Recommended Posts

Eg etterlyser ekteparet Lars Johannessen Liabø f. 1806 på Liabø i Vevring (Førde) og kona Hele Danele Olsdtr. Ulleland f. 1800 i Naustdal (Førde)

Dei var gifte i Førde 22.05.1830 og fekk barna Johannes i 1830 og Oline Ragnhild i 1831 begge to f. på Liabø i Vevring.

10. April 1839 har soknepresten i Førde skrive ut flytteattest på Lars og Danele for utflytting til Bergen då er ikkje dei to barna nemnde. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11407&idx_id=11407&uid=ny&idx_side=-384 Eg finn heller ikkje barna døde og begrevne i Førde prestegjeld før den tid.

 

Det er det siste sporet eg finn av ekteparet i kjeldene.

Nokon som veit noko om kva som skjedde med dei etter at dei reiste til Bergen ?

 

Tillegg:

Heller ikkje skiftet etter mora (d. 1843) gav reultat då der ikkje var verdiar i buet.

Hei Harald: Kan det være Lars og Hele Danele som får tvillingar i Bergen 1840?

 

OBS! Namna er grueleg like, men det er snakk om to barn. Namna kan høve som oppattkalling etter Lars si mor.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp12011816&personpostnr=47186&merk=47186

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=dp12011816&personpostnr=47195&merk=47195

 

Sidan begge tvillingane dør før dei blir døypte i kyrkja, så fører dette deg dessverre uansett ikkje så mykje lenger.

 

mvh Egil

Litt meir positivt kanskje: Sonen Johannes konfirmert i domkirka 1845 (nr. 48) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. C 2 (1841-1852), Konfirmerte menn 1845, side 26.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8647&idx_id=8647&uid=ny&idx_side=-28

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070223680722.jpg

 

og Oline i 1846 (nr. 40) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. C 2 (1841-1852), Konfirmerte kvinner 1846, side 97.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8647&idx_id=8647&uid=ny&idx_side=-100

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228650008.jpg

 

mvh Egil

I tilfelle det er den rette Danelle har familien flytta seg frå Rhode 10 nr. 88 i 1840 til 10 nr. 64 i 1849

Danele er vel eit forholdsvis sjeldent namn og rart om der skulle være to Danele Olsdtr. i same området samtidig.

 

På "Fars stilling" står det Vægter ( dei meinar vel mannens stilling) og det høver.

I 1851 dør det ein Lars Johannessen med høveleg alder http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=48&filnamn=1301begr&gardpostnr=5558&merk=5558#ovre men sparsomt med opplysningar som kan verifisere at det er haneg leitar etter.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.