Gå til innhold
Arkivverket

Tyding/forklaring av hensikt med innflytting


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

I kirkebokregistreringa for innflytte til Askvoll har eg kome over nokre hensikter med innflytting som eg er usikker på om eg tolkar rett.

 

Eg les det til: "For at faae Gaard".

 

Eg reknar då med at det skulle bety at dei skulle overta ein gard.

 

Utfordringa er at det er ganske mange av dei, og fleire plasser er det kvinner med slik registrering, og det var vel ikkje så vanleg at dei flytta for å ta over ein gard. Det kunne sjølvsagt være at dei var nygifte og skulle flytte til ein gard med ektemannen, som allerede budde i Askvoll.

 

Likevel er eg usikker, all den tid eg ikkje finn desse kvinnene igjen i bygdeboka for dei ulike gardane.

 

Er det nokon som kan kontrollere at eg har tolka det rett, og evt. gje ei forklaring i kva det skulle bety?

 

Her er ei side med nokre eksempel. f.eks. nr. 4 og 7. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=full&info=topp&hode=nei&show=293&uid=268142&js=j

 

Ingen av desse to kvinnene har eg funne igjen på dei nemnde gardane dei har flytta til.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tykte den såg litt rar ut ja.

 

Prøver å legge inn ein ny

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Innflyttede 1829, Utflyttede 1829, side 658-659.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-293

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640168.jpg

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er enig i slik du leser det.

 

Kan meininga være annet enn at de vil søke arbeid/tjeneste på en gard? En gard er normalt ikke noe en får, men noe man kjøper, leier eller forpakter. Når en ser på antallet, alder og kjønn er det nærliggende å tenke at det dreier seg om tjeneste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldinga Arild.

 

Det hørtes jo rimeleg ut at det må være ein eller annan form for arbeid dei skal få, og ikkje garden.

 

Men så er det jo litt rart kvifor nokre flyttar "for at tjene" og andre "for at faae Gaard", dersom dette er det same.

 

Eg har sjekka opp dei personane som flytta til Askvoll i åra før 1838 "for at faae Gaard" mot 1838-matrikkelen, og dei fleste av dei finn eg igjen der som oppsittarar, medan andre ikkje er med.

 

Eg synes dette ser meir og meir rart ut dess meir eg ser på det.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du finner de igjen i Matrikkelen må det dreie seg om noe annet enn å få seg tjeneste. Matrikkelen ble trykt 1838, og grunnlagsmaterialet ble utformet mange år før 1838. Hvor langt opp mot 1838 vet jeg ikke, men fra andre diskusjoner har det kommet fram at en del personer som nevnes 1838 var døde før 1838. Uten at jeg tør angi eksakte årstall kan det samtidig bety at noen av de du ikke finner igjen tok over gard 1836/37, og derfor ikke kommet med, men den gamle eieren/brukeren er med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, noko rart dette. Det er jo ikkje utenkeleg at det var så mange som skulle overta gard, men alle kvinnene gjer til at dette er merkeleg.

 

Eg trur eg prøver eit tema på brukarforum, så får vi sjå om det er nokon der som har ei god forklaring.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.