Gå til innhold
Arkivverket

Ole Martin Carlson, fødd Kinn på Eidsvoll 1852- til Amerika 1853?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet frå 2008 atår framleis uløyst, men kanskje det no let seg gera finna eit svar...(http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=57594&sok=Carlson+Eidsvoll+%D8yane&nr=1&antinnlegg=3&startnr=&antall=&spraak=#anker)

 

~~~~~~~~~~~~

 

57594: Ole Martin Carlson (Kind), fødd Eidsvoll 1852- til Amerika 1853 - opphavet hans?

Fylke: Brukarforumet

Stikkord: Kind Eidsvoll Minnesota Lars E. Øyane, 3580 Geilo (Buskerud), 9.3.2008 17:53 (1)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Frå Amerika får eg opplyst at Ole Martin Carlson skal vera fødd på garden Kind (Kinn?) på Eidsvoll 6.12.1852 av foreldri Carl Carlson og Anna Dorthea Olsdotter. Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1853, og Ole Martin Carlson døydde i Waseca Co., MN 6.4.1947 etter å ha vore gift to gonger.

 

Er det nokon med lokal kunnskap på Eidsvoll som trass i manglande kyrkjebøker, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, kan fortelja meg:

 

* Stemmer opplysningane som eg har om Ole Martin og foreldri hans?

 

* Kva yrke hadde Carl Carlson på Kind? Gardbrukar eller...?

 

* Frå kva gard på Eidsvoll hadde Carl Carlson opphavet sitt?

 

* Frå kva gard på Eidsvoll hadde Anna Dorthea Olsdotter opphavet sitt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~~~

 

Trond Øivindsson Lunde, Oslo, 10.3.2008 19:27 (2)

 

Jeg har ikke noe svar på dette foreløpig, men her er kanskje en sammenheng: Lenke

 

~~~~~~~~~~~~

 

Trond Øivindsson Lunde, Oslo, 11.3.2008 18:55 (3)

 

Har du omtrentlig fødselsår på Anne Dortea og Karl ?. I følge kommunikantbok 2 for Eidsvoll var Anne Dortea Olsdatter med bosted Kinn konfirmert kommunikant 24. oktober 1841, altså født 1823-27. Det er flere Ola som har vært brukere og husmenn på Kinn på midten av 1800-tallet. Kan nevne gardbruker Ola Kristoffersson fra Elstad, gift med Mari Davidsdotter. De utvandra 1854. Av barn veit jeg om Inger Gurine, født om lag 1828 som antakelig ble igjen, og sønnene Ola 25. mars 1832, Gudbrand 10. april 1835 og Andreas 15. april 1838, Johannes 4. februar 1845 som alle reiste med foreldra.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg er diverre ikkje i stand til å komma med fleire detaljar om foreldri Carl Carlson og Anna Dorthea Olsdotter, men kanskje har nokon i dag betre oversikt over ættene på Eidsvoll og utvandrarane derifrå i 1853?

 

Eg held fingri krossa og vonar på positive svar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nettopp motteke ei tilleggsopplysning om dette problemet frå Amerika! Eit barnebarn av Ole Martin Carlson fortel m.a. følgjande:

 

"maybe he was born at Elstadgaard Jonstun, Eidsvold Parish, where his mother's father lived? Or on the Kind farm there? I met a cousin there, Sverre Elstad, who would be deceased by now, but his children would still be on the farm, I think. It seemed to be a little north and east of Eidsvold, the village. Sverre told me there should be three records of an event in Norway -- the church record, the civil record, and another one which I've forgotten...... I think it was about 30 years ago when I visited that area of Norway. Time flies.

 

Family tradition is that his mother became pregnant, shamed the family, so they emigrated to America. O. M.'s mother, Anna Dorthea Olsdtr Kind/Kinn, daughter of Ole Kristoffersen Kind, was married to Halvor Halvorson in Perry, Dane county, Wisconsin in December 1854."

 

Og eg finn denne vigsli i Dane Co., WI:

 

Marriage Date 1854.12.27

Groom's Name Halvor Halverson

Groom's Father Halvor Hansen

Groom's Mother Margarethe Anderson

Bride's Name Anne Dorthea Olsen

Bride's Father Ole Christopherson

Bride's Mother Ingeborg Mari Davidson

 

Då kan det sjå ut som problemet er bortimot løyst, bortsett ifrå at barnefaren framleis er heilt ukjend... Men han let deg seg vel vanskeleg gjera å finna...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.