Gå til innhold
Arkivverket

Forklaring på hensikt med innflytting


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

I kirkeboka for Askvoll kring 1830 har eg kome over mange innflyttarar, der hensikta med innflyttinga er oppgjeve å være "For at faae Gaard" (slik eg tolkar det som er skrive).

 

Den mest rimlelege forklaring på dette er at dei flyttar til Askvoll for å overta ein gard eller eit bruk. Utfordringa er at det er så mange av desse, og spesielt at det er så mange kvinner som har denne hensikta. Det var jo ikkje så vanleg at kvinner flytta for å overta gardar på dei tide.

 

Her er ei side frå kirkeboka, som eit eksempel: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Innflyttede 1829, Utflyttede 1829, side 658-659.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-293

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640168.jpg

 

Eg har prøvd å følge nokre av desse personane (tar med nokre eksempel her).

 

nr. 4 i 1829: Gjertrud Hansdotter 25 år, fødd i Kinn, flytta til Askvoll 20. april 1829 "For at faae Gaard". Ho skal oppholde seg på garden Underset.

Gjertrud Hansdotter blei gift den 22. juni 1828 i Kinn med Gunder Annaniassen Mjåset (nabogarden til Underset). Eg finn dei igjen i bygdeboka for Askvoll. Her er det oppgitt at Gunder Annaniasson Mjåset er bonde på Mjåset frå 1829 til han dør i 1830. Gjertrud giftar seg så opp at i 1831 med Kristian Johannesson Ringstad.

 

nr. 7 i 1829: Marthe Jeremiasdotter 28 år fødd i Holmedal, flytta til Askvoll 19. oktober 1829 "For at faae Gaard". Ho skal opphalde seg på garden Dørhelle.

Marthe giftar seg 14. juni 1829 i Askvoll med Søren Jakobson Dørhelle. Søren er gardbrukar på Dørhelle og dør i nov. 1829. Marthe giftar seg opp at i 1832 med Kristian Kristofferson Hauge.

 

I 1832 finn eg Anna Arnesdotter, flytta til Askvoll i 1831 "For at faae Gaard", og skal opphalde seg på Søreimind. Her blir ho gift den 31. mai 1832 med enkemann Kolbein Anderson SørEimind.

 

Eg kan ta med eit par menn også:

 

Berent Andersen (nr. 27 1828). Flytta til Askvoll 7. april 1828, "For at faae Gaard" skal opphalde seg på Fristad. I BB Askvoll om Fristad står det oppgitt at han var husmann på Fristad i 1828. Han gifta seg i 1832 med Annikke Klementsdtr Loftheim, og dei bur fortsatt på Fristad.

 

Nr. 15 i 1830: Halvor Sørensen flytta til Askvoll i august 1830 "For at faae Gaard". Han skal bu på Fure. I bygdeboka om Fure står det oppgitt at han fekk bygselsbrev i 1830/31, og gifte seg i 1830 med Anne Sørensdtr Fure.

 

Det kan såleis sjå ut som om "For at faae Gaard" skulle bety at ein skal overta ein gard e.l., men korleis skal vi tolke det i forhold til kvinnene? Kan det være så enkelt at dei har/skal gifte seg med ein som har eller skal ta over ein gard e.l.

 

Eg har også sett nokre kvinner som flytta til Askvoll for å "For at faae Gaard", og der det gjekk eit par år før dei gifta seg.

 

Nokon som har gode idèar?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette var litt pussig. Jeg kan ikke tolke dette sikkert for deg, men jeg ville ikke ta for gitt at det betyr at de skal overta/eie gård. Ser at mange av bevegelsene er på relativt samlede datoer i april og september, og det er vel tegn på en slags felles flyttedag for tjenestefolk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja Marianne, eg har prøvd å følge nokre, men mange er då enten døde eller har flytta igjen.

 

Dessuten så treng jo ikkje hensikta dei hadde i 1830 gjennspeile situasjonen i 1865, så eg har ikkje fått noko fornuftig ut av det på den måten heller.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan såleis sjå ut som om "For at faae Gaard" skulle bety at ein skal overta ein gard e.l., men korleis skal vi tolke det i forhold til kvinnene? Kan det være så enkelt at dei har/skal gifte seg med ein som har eller skal ta over ein gard e.l.

 

Jeg tror det må være den rimeligste tolkningen. Jeg legger forresten merke til at det på flere av kvinnene står "ovenstaaendes Hustru" og liknende vendinger - i noen tilfeller som en tilføyelse under merknaden "for at faae Gaard". Ellers er jeg enig i at det er overraskende mange som ser ut til å flytte i den hensikt å "faae Gaard", og jeg lurer da på om det var en tilsvarende stor fraflytting i samme tidsrom?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Oddbjørn.

 

Eg klarer nok ikkje å sjå at det er ei stor fråflytting frå Askvoll, dersom vi skulle legge til grunn at det var dei som eigde gardane som flytta. Det skulle vel helst i så fall være noko eldre folk, men dei aller fleste som flyttar frå Askvoll ser ut til å være unge, og det vel då dei som ikkje hadde gård.

 

Dessverre er ikkje bygdeboka så lett å følge når det gjeld det einskilde bruk, slik at det vanskeleg å sjå skjebnen til den forrige eigaren av det bruket/garden som blir overtatt.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er rimelig sikker på at vi her har kommet over en gammel uttrykksmåte i dialekta som nå har gått helt ut av bruk. Nemlig at når man sa "å få gård" så mente man det samme som det "å få tjeneste". Kommer på en halvgod parallell: for 30 år siden i Troms, sa kvinner som var gift med en fisker "jeg har fisker" - eller "æg har feskar".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis det skulle dreie seg om kjøp av gard skulle det være lett (om enn en del arbeid) å få bekreftet/avkreftet dette i panteboka. Selv om ikke absolutt alle kjøp ble tinglyst, regner jeg med det dreier seg om et klart flertall. Når du har flyttedato har du samtidig en ca. dato for når et eventuelt kjøp skjedde.

 

I en annen tråd rundt det samme nevner du at du finner igjen flere i Matrikkelen 1838. Hvis det stemmer må det dreie seg om annet enn å ta tjeneste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Arild og Jon for gode innspel.

 

Jon: Det hadde gjort meining med ei slik tolkning. Utfordringa er då at det minst er like mange som har "for å tjene" som hensikt. Det må då bety at det er to former for tjeneste det er snakk om.

 

Arild: Det var "kjøp" eller liknande som var det første som fall meg inn, inntil eg fann ut at den same henikta blei nytta på kvinner. Det ser ut som om det kan passe bra med "kjøp" eller liknande på menn, men denne tydinga passer ikkje for kvinnene. Nokre kvinner har rett nok kome i lag med menn som ser ut til å ta over gard, men langt frå alle.

 

Eg har sjekka litt i tinglysingsdokumente (kan sjå meir på dette seinare i kveld), men om vi for eksempel ser på det siste eksempelet som eg hadde i innlegg 1, Halvor Sørensen, så bygslar han då gård same året som han kjem til Askvoll: Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.9b, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: fol. 229-480

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070808190734.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11868&uid=ny&idx_side=-109

 

Her ville altså tolkinga at det gjeld kjøp/bygsel el. anna passe fint inn.

 

Men det var dette med kvinnene som flyttar til Askvoll då. Mest truleg skulle det vel måtte finnast ei fortolkning som passer både på kvinner og menn.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje kan eit forslag til ei "universel" betydning være "å busette seg".

 

Det blir litt spekulasjon det, men.....

 

Det hadde vore kjekt om nokon hadde kjennskap til kva det skulle bety.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.