Gå til innhold
Arkivverket

[#176] Lenke-navn


Gjest Kari Larsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Kari Larsen

For personer som er synshemmet, f.eks. blinde, er det viktig at navnet på lenken sier noe om hva lenken er. I mange programmer kan man nemlig hoppe direkte til lenkene uten å lese all tekst (som tar tid når man leser punktskrift). Derfor er det uheldig å kalle alle tre forum for "Forum" og alle andre lenker for "Lenker". Siden sistnevnte står et stykke bak tilhørende forklaring, slik at man ofte må rulle for å kunne klikke rett sted, ville man også spare plass ved å la overskriften være lenke og fjerne ordet "lenke".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Problemet med å gjera overskrifta til lenke er at så lenge dei ikkje er understreka er det ikkje sjølsagt at dei er lenke, berre fordi dei er blåe. Mange vil rekna med at me rett og slett har bestemt oss for å gjera overskrifter blåe.Elles er det og slik at brukslenkene; lenkene til debatt, ordliste og digitalpensjonatet også finst nede på sida. Ved gjentatt bruk treng ein såleis ikkje scrolla, ved første bruk skulle det ikkje spela noko rolle.Eg trur elles det skal svært mykje til for at me forandrar på opplegg vårt no. Her er grenser for kor mykje tid me kan bruka på grensesnittet. Og no har me snart heile søkesystemet ferdig med same slags lenker som du finn på framsida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Så langt eg kjenner synshemma/blinde, er dei ikkje dumme. Dei kan mellom anna lese namna på lenkjene - og dei er ikkje like, sjølv om framsida ser slik ut. Hadde alt på internett vore like "reint" som på DA, ville det vore ein fryd for synhemma.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Kort fortalt nyttar blinde punktskriftlesarar ein leselist. Denne er kopla til både skjermen og tastaturet. På leselisten finst det felt for kvar bokstav. Kor mange bokstavar det er plass til på ein leselist, er meir eit praktisk enn teknisk spørsmål. Dei bærbare trur eg har 40 felt, medan dei stasjonære har 80. Kvart bokstavfelt har no i regelen åtte nålar til rådvelde som kjem opp og dannar ein bokstav eller eit teikn i punktskrift (6 hovudnålar + 2 hjelpenålar under for data-punktskrift = 256 kombinasjonar).Som prinsipp gjengir leselisten ei heil skjermline eller delar av denne. Det vert nytta særskilde program både for lesing av skjermteksten og for konvertering mellom skjem/tastatur og list. Programma som les skjermteksten kuttar ut grafikken, men les lenker og t.d. det biletnamnet som ligg der grafikken skulle ha vore.Men dette er prinsippet. I praksis kan dei nyaste programma vere langt flinkare, for også på dette området går verda framover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.