Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#407] no. fritid. slektsforsking, etterlysing


Recommended Posts

  • 2 uker senere...
Gjest Jan Oldervoll

Men kanskje eg skal dela mine manglande kunnskapar med deg:Først: Korleis er news organisert. Det er eit kjempesystem med informasjon spreidd rundt om i verda, som www, organisert i nyhendegrupper, eller newsgrupper, som t.d. no.fridt.slektsforking.etterlysing. Men for news ligg også informasjonen på lokale servarar. UiB har sin, andre har sine. Grupper som er mykje brukte ved insitusjonen ligg også der. Ved UiB er det visstnok noko slikt som 10.000 grupper. Alle innlegg i desse gruppene kjem automatisk inn der og blir leste lokalt. Dei andre blir leste frå ein annan servar, utan at nokon treng vita kvar.Skal du lesa ei gruppe må du først start newslesaren. I netscape finn du han under communcator i menyen oppe. Klikk på Newgoups.Då får du opp eit vindu der alle gruppene du har abonert på kjem opp i venstre kant. I utgangspunktet er det truleg ingen. Men det står NEWS på ei linje. Den representerer heile newhierakriet. Om du har ein eigen institusjonsservar kan du leggja til den. Det gjer du frå EDIT, PREFERENCES, men det er ikkje naudsynt. Du kan markera NEWS og så velja FILE/SUBSCRIBE i menyen. Etter å ha venta ei stund vil du då få opp ei liste som representerer øvste nivå i newshierarkiet. Du finn m.a. NO med eit pluss framom. Klikkar du i plusset vil du få alle undernivå til no, m.a. fritid, også med pluss framom. Klikk i plussen og du får opp neste nivå, m.a. slektsforsking. Klikkar du enno ein gong i plussen får du opp undergruppene, m.a. etterlysing. Desse kan du markera med å klikka på dei (vil du ha fleire held du ned ctrl-tasten samstundes). deretter trykkjer du SUBSCRIBE-knappen, som du finn til høgre. Dermed har du abonert på desse gruppene og dei vert flytta inn i newslesaren din. Om du då klikkar på dei får du opp alle emna. Står det eit pluss fram, er det fleire innlegg, og du kan klikka på plussen.Vonar dette kan vera til litt hjelp. IE er i prinsippet det same, men kan variera litt.

Gjest Britt Frank

Jeg bruker IE og Outlook Express. Har jeg abbonert nyhetsgrupper, blir disse "lagt inn" i Outlook under news.... Så det er mulig å lese abonnerte nyhetsgrupper uten at jeg må starte IE. Jeg har selv også meget liten erfaring med dette, men titter nå innom nyhetsgruppen for slektsforsking sånn av og til.

Gjest Arnfinn Kjelland

Til Jan: det kan godt tenkjast nyhendegruppene tilhøyrer steinalderen, men dei er likevel nokså flittig brukt (gjerne 40-60 innlegg pr dag på den overnemnte etterlysingssida), og kan nok fungere som eit nyttig supplement til diskusjonsforum særleg for nybegynnarar. Terskelen for å legge inn spørsmål er nok lågare der, og eg ser mange i slektsgranskarmiljøet deltek i diskusjonane. Ein som står fast i leiting etter slektstilknyting bør nok prøve den kanalen i alle fall.

Gjest Jan Oldervoll

Sjølsagt meiner eg at nyhendegrupper bør brukast. Når eg sa at den tilhøyrer steinalderen, betyr det at slik eg ser det tilhøyrer den teknisk sett steinalderen, eller pre www-alderen og at det er mykje vanskelegare å starta bruka enn t.d. www, som eigentleg kan gjera akkurat det same.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.