Gå til innhold
Arkivverket

[#575] Vanskelig tilgang til databasane


Gjest Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Gjest Morten Sylte

Til Jan Oldervoll. Ser at du har svart på innlegget ang. treg tilkomst i emigrasjonsprotokollane. (Sjå inne i innlegget til Bjørn Pettersen, Ammerud)Eg forstår det du seier, utan at eg kanskje er enig! Eg skal prøve og forklare. Problemet ser ut til å oppstå "langt" inne i databasa, uavhengig av kva tid på døgnet eg prøver! Fram til eit visst punkt fungerar alt tilsynelatande slik det skal. For eksempel kjem eg heilt inn på fylkes nivå i f. eks. 1900 tellingen utan problem, når eg so skal vidare inn i den enkelte kommune so kjem symptomet med ein gong! Eg får beskjeden "åpner siden http......", og der vert maskina ståande heilt til eg bryter av. Eg har no før eg la inn innlegget prøvd dei fleste databasane og får problemet i alle eg har prøvd!Eg kan ikkje nøyaktig tidfeste kva tid problemet oppsto, men eg har brukt arkivet svært mykje tidlegare utan at dette har vore noko problem. (Det oppstod trulig omtrent samtidig med dei andre som har rapportert problem) Faktisk so har eg ikkje hatt problem i det heile før dette starta! Eg kan nemne at eg brukar IE5.5 SP1, utan at eg trur at det skal vere grunnen, då eg brukte den også før problemet oppstod. Håpar du kan hjelpe meg, slik det no er kan eg ikkje bruke arkivet i det heile!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har vanskeleg for å forstå at problemet ligg hos oss; me har svært stor trafikk for tida og folk kjem inn dit dei skal. Men eg forstår kvar problemet oppstår. Det er no slik at me brukar to program; eit som styrer med menyane og eit som gjer analysen. Det første programmet startar det neste når det oppdagar at det er analyse det dreier seg om. På ein eller annan måte nektar lesaren din å ta mot innhald frå eit anna program enn det lesaren din ba om resultat frå. Eg brukar sjøl ikkje IE og kan ikkje innstillingane der. Men det må vera noko der som gjer utslag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.