Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#602] Ulikt resultat med ulik prosedyre?


Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Eg har streva litt med ein Anders Andersson frå Stryn siste dagane. For å finne dei mogelege alternativa, har eg søkt på døypte i Innvik (DP).Kriteria mine er desse: Namn - Anders, farsnamn - Anders, fødselsår - f.o.m.1801 t.o.m. 1805.Så viser det seg at dersom eg søkjer med namn fyrst, deretter farsnamn og plukkar ut dei 5 interessante åra ved valet "alle", får eg opp 6 kandidatar. Det same får eg om eg byter om dei to siste søka, og om eg vel år fyrst og deretter søkjer på namn - far, eller omvendt.Søkjer eg derimot på far fyrst, og deretter år/namn eller omvendt, får eg opp berre 3 av dei!Eg har prøvd det fleire gonger med same resultat, og kan ikkje heilt forstå kvifor. Forklaring?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/86563-602-ulikt-resultat-med-ulik-prosedyre/
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Aase R.Sæther

Eg tillet meg å rykkje dette innlegget opp - eg har prøvd same prosedyrane i dag og, og får same resultat: ved å velje farsnamn fyrst, får eg berre opp tre av dei seks eg får om eg brukar namn eller årstal fyrst. Korleis kan dette forklarast?

  • 1 måned senere...
Gjest Jan Oldervoll

Beklager at eg gløymde spørsmålet ditt. Men no har eg sett på det. Grunnen er enkle. Når du sækjer på Aanders i farsnamn får du opp ei heil lang rekkje av namn. Når du så marker alle blir det rett og slett for mange verdiar å overføra frå nettlesaren til servaren vår. Dermed får han bere med seg ein del av vala dine. Legg merke til at det er fedre med patronym langt oppe i alfabetet som manglar (Anders Mathisen, Anders Rasmussen Øvreberg, Anders Torgersen) medan Anders Absalonsen, Anders Andersen og Anders Fosnes er komne med.I utgangspunktet er det ikkje noko eg kan gjera med dette, men eg skal sjå om eg kan lura systemet på ein eller annan måte. Elles må eg klara laga ei utvaring når dette skjer.

Gjest Aase R.Sæther

Gjeld dette alle kjelder? Og alle val av søkjekriterium? I så fall har vi eit forholdsvis stort problem her. Eg håpar du kan få til ei løysing på det - ei åtvaring vil sjølvsagt vere til hjelp, men er vel berre det nest beste.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.