Gå til innhold
Arkivverket

[#643] Søke blandt temaene i brukarforumet?


Gjest Ellen Hasle Kokkim
 Del

Recommended Posts

Gjest Ellen Hasle Kokkim

Er det mulig å få til en søkemulighet blandt alle innlagte temaer i brukarforumet? For oss som ikke følger med på sidene daglig hadde det vært greit med en slik mulighet. Det finnes helt sikkert noen der ute med samme "interesser" som meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Eg har same ønskje som deg. Inntil ein slik muligheit er på plass, har eg hatt god hjelp av framgangsmåten som er forklart i innlegg nr 618 (du finn det nedanfor, om du trykker "Sjå neste gruppe" eit par gonger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg trur ingen skal rekna med å få denne funksjonen. Særleg Brukarforumet ligg ikkje inn under det som kan kallast vårt kjerneområde. Dermed er det ikkje prioritert korkje å utvikla ein slik funksjon eller å drifta han. Du kan leita i overskrifter gjennom å bruka lenka List alle nede på temalista og så bruka søkefunksjonen i nettlesaren din.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Høyrde eg ein sur undertone? Eg gjer merksam på at DA rår over mindre enn to månadsverk pr år til systemutvikling. Då må det prioriterast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Eg trur ikkje det er sure undertonar i nokon av innlegga ovanfor. Når takken i nest siste innlegg var retta til meg, trur eg det var fordi eg viste til ein idiotsikker forklaring på korleis ein søker i titlar. Vi som ikkje ein gong er halvt sjølvlærte på internett, forstår ikkje kva som meines med å bruke "søkefunksjonen i nettlesareren". Vi må ha det inn med teskei, slik eg fekk det forklart i "innlegg nummer 618", som eg viste til.Og etter at eg forstod den forklaringa, har eg kunna nytte internett mykje betre.Det er sikkert folk som ikkje ser verdien i jobben DA gjer, kanskje er det berre eit mindretal av folket som er det minste interesserte i digitale arkivdata. Men av dei som bruker slå opp i desse dataarkiva, er eg ein av mange særs nøgde brukarar. Men med min datakunnskap veit eg ikkje korleis søkemotorar virkar. Difor lever eg enno i den naive tru at nokon plutseleg ein dag forklarar for meg korleis ein søkjer t.d. i tekst i debattinnlegg, utan å bekymre meg for at nokon først må bruke tid på å utvikle eit slikt system.Men at J.O. og kollegaene hans står på for oss til alle tider på døgnet, det veit eg. Og at han rundt midnatt kan vere sliten og "høyre sure undertonar" i det som eigentleg berre er ei uheldig formulering, det forstår eg veldig godt.Prioriter å leggje ut data! Og jo meir data de legg ut, jo fleir brukarar vil de få, og fleire tåpne spørsmål fra folk som meg. Blir det for galt, får du jage oss over i brukarforumet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan   Oldervoll

Det var ikkje takka som fekk meg til å ana ein undertone. Derimot "Dette hjelper jo noe." Eg kunne gjerne spart meg den bemerkningen. Det viktigaste kjem i siste del av svaret mitt. Det som står fast er at brukarforumet lyt folk ta som det er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.