Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#1037] "Moren er indledet" og "con."


Recommended Posts

Gjest Sissil Bruun Sørensen

At moren ble indledet betyr at hun ble introdusert i kirken etter en fødsel. Tiden fra fødsel til introduksjon skulle vel være 6 uker, men min erfaring er at det kunne variere litt. Har også opplevd at presten har skrevet i kirkeboken at moren ble irettesatt fordi hun kom for tidlig til introduksjon.På bakgrunn av endel avskrifter har kirkebøker, har jeg forstått selve akten slik at moren ble ført inn i kirken i av presten, sannsynligvis etterfulgt av et spesielt rituale.

Gjest Aase R.Sæther

Berre ein kuriositet; av og til hende det at presten avslo å "leie inn" ei kone dersom han var på kant med mannen hennar. I vår familie hende det rundt 1850: Tip-oldefar min Rasmus Jørgenson Ryssdal (Gamle-Ryssdalen) var vidkjend som bygdelækjar og synsk mann, noko presten mislikte. Dette demonstrerte han med å nekte å leie inn kona hans ein gong. Rasmus sa då at ville ikkje presten gjere det, så gjorde han det sjølv - og slik vart det. Rasmus sa det som skulle seiast, leidde kona inn, og presten torde ikkje blande seg meir opp i det.

Gjest Bjørn Davidsen

Ver òg merksam på at presten ikkje gjorde dette gratis. Det var ein del av levebrødet hans. Det finst ei nedteikning frå ytre Sogn (S+F i nær fortid) kor ei kona fortalde om mora si, som var den fyrste som nekta presten å "leie" henne inn. Ho gjekk sjølv opp kyrkjegolvet. Presten vart då så flau at han rusla rundt kyrkja og inn bakvegen. Etter det vart det slutta han visst me den skikken der i bygda.

Gjest Bjarne Paul Nerby

Takk for svar.Men hva skal "con" evt "conf" på barn bety noen uker etter at de er født og angitt med dato.Er det svakelige barn som "mistenkes" å dø for de kan døpes, som gis en kirkelig handling?Har støtt på dette flere ganger,i allefall i kirkebøker fra Talvik,Finnmark på slutten av 1700-og begynnelsen av 1800-tallet.Har et tilfelle nå,og barnet dør nok noe senere.Uten at vi kan påvise dåp.Eller er det presten halvveis "egen praksis" som vi ser spor av.

Gjest Aase R.Sæther

Uttrykket "hjemmedåpen confirmeret" har eg sett mange gonger i ulike variantar, så eg tippar du har rett i teorien din. I einskilde bygder var visst heimedåpen så vanleg at barnet knapt trong vere spesielt svakeleg for at det skulle bli gjort. Vanskelege vertilhøve og lange reiseavstandar var nok også god nok grunn - og det kan vel godt stemme i Finnmark. Det er også, så vidt som eg kan sjå i farten i den kb. eg har føre meg no, fleire heimedøypte om vinteren enn om sommaren.

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har vore borti det same fleire gonger. Når det gjeld heimedåp kan eg elles nemne at min tippoldefar vart "utnemnd" av presten Heiberg i Kinn til "heimedøpar" på Alvora - og fekk i det høve ei andaktsbok med personleg helsing frå presten. Den ligg i dag på SAB.

Gjest Bjarne Paul Nerby

Takk for svar.Dette ser nok riktig ut og stemmer helt overens med egen deduksjon.Av andre ting vi kan lese ut av registrene fra Finnmark er at presten også har skrevt litt "personlig" iblandt.Minst to steder omtaler han seg og sin familie i personlige vendinger:"hjemmdøbt av mig selv" og "-min kone-" som tydeligvis deltok i den kirkelige handling,ved dåpen,her som fadder. I det hele tatt ser det ut som presten har en stilling som bærer vitnespyrd om mer en bare "prest";han var nok en betydelig skikkelse i lokalsamfunnet.

Gjest Sissil Bruun Sørensen

Vil bare slutte meg til det som er sagt om "con" og hjemmedåp. De erfaringene jeg har fra kirkebøker, er at hjemmedåpen ble stadfestet ved at barnet ble "forestillet menigheden". Dagens konfirmasjon er jo også en stadfestelse av dåpen.Sissil

Gjest Bjørn Davidsen

I registeret over avlidne i Askøy finn eg fleire born med namn og merknaden "hj.døpt", som døydde etter nokre dagar - og før dei vart kyrkjedøypte. Men eg finn dei berre i listen over avlidne, ikkje i listen over døypte. Men like ofte, om ikke oftare, finn eg avlidne born utan namn. Om nokre av dei var heimedøypte, har eg ikkje sjekka. Men mest truleg var dei ikkje det, då. Så namngivinga var nok knytt til dåpen, anten den skjedde heime eller i kyrkja. At dei sidan skifta namn er det òg nokre døme på mellom dei som livde opp.

Gjest Aase R.Sæther

Dei som er døde utan namn er nok av to kategoriar, enten døde så raskt etter fødselen at ein ikkje rakk å døype dei, eller døde uventa fyrste levedøgna. Namngjevinga var så avgjort knytt til dåpen; eit udøypt barn hadde ikkje namn. Det ville heite "eldste sonen vår skulle heitt Rasmus, men han døydde før vi fekk døypt han" - ikkje "eldste sonen vår heitte Rasmus, men vi rakk ikkje å døype han". Born som ikkje var blitt døypte (særleg slike som var tekne av dage) gjekk ofte att i nærleiken av der dei var gravlagde. Ein kunne høyre dei gråte sårt (sikkert ugle, katt, etc., men blås i det), og for å gje dei fred, kunne ein "døype" dei nærmast i forbifarten. Eit vanleg formular til det bruk var "Kari eller Knut, jente eller gut" i ulike variantar; fekk ein ropt eit namn til dei, vart det stilt seinare.. Jaja, det er i grunnen enklare med melding til folkeregisteret :-)

Gjest Per Håkon Christiansen

Synes ikke at spørsmålet om hva det skal bety at "moren er innledet". I allefall slik jeg kjenner skikken, som skal ha eksistert til for et hundre til et hundre og femti år siden, så ble kvinner som hadde fødet, barselskap, betraktet som "urene". I noen kirker var det derfor innredet sideinnganger til døpefonten, slik at barselkonene kunne komme inn for å bli signet og "renset for sine synder" før de kunne blande seg med resten av kirkelyden (menigheten. Hadde barnet blitt født utenfor ekteskap måtte barnemoren i tillegg offentlig bekjenne sin forbrytelse, oppgi barnefarens navn og motta refs fra presten i menighetens nærvær. Heller ikke nyttet det å lure seg unna: kirkegang var lovfestet, det samme var deltakelse i natverd. Det var heller ikke tilstrekkelig at de rakk å gifte seg før fødselen fant sted. Presten kunne regne, og hadde "lejermål" (dvs samleie) funnet sted før ekteskapets inngåelse var det tilstrekkelig til at barnet fikk et uekthets-stempel. Straffen kunne være vann og brød en tid (8 dager var visst gjengs)eller betydelige bøter for de som hadde midler til å betale.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.