Gå til innhold
Arkivverket

#83940 - Erik Lien, f. nær Stavanger 1860 elle 1861 - opphavet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nye opplysningar er no komne frå Amerika! Eg har vore i kontakt med eit av få attlevande barneborn etter Erik Lien i Minnesota, og ho fortel meg at ein av brørne til bestefaren heitte GUNDER, og her har eg funne han, i 1900 busett i Abercrombie township, Richland Co., ND i lag med kona og born og ein annan bror:

 

LIEN, Gunder head Aug 1858 m12y Nor Nor Nor em 1879 farmer

 

LIEN, Anna wife Jan 1861 m12y 4(2) ch Nor Nor Nor em 1885

 

LIEN, Amen son Jun 1889 ND Nor Nor

 

LIEN, Bertha dau Mar 1891 ND Nor Nor

 

MOEN, Ingeborg servant Jan 1860 Nor Nor Nor em 1880

 

LIEN, Ole brother Aug. 1851 m1y Nor Nor Nor em 1877 farm laborer

 

Kanskje det no let seg gjera finna det norske opphavet til desse søskeni Lien?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

PS: Eg har enno ikkje funne ut korleis opplysningane som før var innlagde om dette tema (#83940) kan lesast i samanhang med desse nye, men eg reknar med at andre veit korleis, so eg slepp å gjenta heile soga her...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

PS: Eg har enno ikkje funne ut korleis opplysningane som før var innlagde om dette tema (#83940) kan lesast i samanhang med desse nye, men eg reknar med at andre veit korleis, so eg slepp å gjenta heile soga her...?

 

Bruk "kjettingsymbolet" til å lage lenke til den gamle debatten!

 

83940: Erik Lien (1860 eller 1861-1950) - frå ''Stavanger'' til Amerika 1878 - opphav?

 

DTH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spannande innlegg! Eg trur so sanneleg at du har funne den rette huslyden, sjølv om dette er langt frå Stavanger...! Det er i so fall ikkje første gongen at etterkomarar har teke so feil med omsyn til opphavet deira!

 

No har eg leitt etter utvandringi til Erik Evenson Myrløkken, både i kyrkjebøkene for Rennebu og i passasjerlistene frå Trondheim, men utan resultat! Derimot fann eg vigsli til Even Olson og Marit Gundersdotter i Rennebu 31.5.1852 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2397&idx_id=2397&uid=ny&idx_side=-114). Han heiter Lienb og ho heiter Vold.

 

Eg vil leggja inn eit nytt tema med vekt på Rennebu for kanskje å "treffa" nokon som har lokal kunnskap frå det området...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.