Gå til innhold
Arkivverket

[#1252] Skifteregister


Gjest Karin Gald Semb
 Del

Recommended Posts

Gjest Karin Gald Semb

Karin Gald Semb, , 06.05.00 21:22 Det har nettopp demra for meg at skifteregisteret kan vere nyttig i jakta på forfedre.Kan ein eller annan gi ei veiledning i bruk og nytteverdi? Kva for konklusjonar kan ein dra eller ikkje dra? Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Fjeldsgård

Det var for en tid siden en diskusjon om prioriteringer mht hva som legges ut - hva er det blitt til - skifter var vel blandt de tingene som var nevnt der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Gald Semb

Skifteregister for Nordfjord er lagt ut,og det er dette eg ikkje heilt forstår. Kan ein tolke noko ut av måten personane er lista opp på, eller kan ein berre hente ut opplysningar om enkeltpersonar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eit skifteregister er berre eit register som fortel i kva skrifteprotokoll skiftet etter ein person er ført inn; protokoll nr., årsbolk og sidetal. For å få vite meir om kva som står i skiftet, må ein vende seg til Statsarkivet som har protokollen og be om kopi av sjølve skiftet. I tilfellet Nordfjord, er adressa Statsarkivet i Bergen.Fordelen med eit skifteregister er at det gjer det lettare å finne ut OM der er eit skifte etter ein person - og i kva protokoll og kor i protokollen det er ført inn.I eit skifte finn du, om der var noko å arve, opplysningar om born og andre som hadde krav i boet. Dette kan mellom anna hjelpe deg til å finne ut kor ikkje heimeverandre born hadde tatt vegen.Som kjelde kan skifta vere ei "gullgruve" for slektsgranskarar og historikarar. Eg har i einskildtilfelle hatt svært god nytte av slike privat. Og i lokalhistorisk samanheng er Jølster-skiftene eit godt døme. Det er berre der vi får vite at jølstringar "invaderte" Askøy på 1700-talet. I Askøy finst det nemleg ikkje spor etter kor dei kom frå.Men sjølve registeret er altså berre eit hjelpemiddel til å finne ut kor i protokollane det kan vere interessant å sjå etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Gald Semb

Bjørn, tusen takk for ypperleg forklaring! Den ga meg svar på alle spørsmåla eg hadde.MVH Karin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Kristian Fjeldsgård

Nå gav jo Bjørn D en grei oversikt, men for å føye til litt: En del gode bygdebøker gjengir eller henviser til skifter. Derfor, kopier og arkiver alt, det kan komme til nytte en dag. Det er mye enklere å søke gjennom egne notater enn x antall bygdebøker, eller som jeg har gjort, bare en enkelt for å finne en kombinasjon av fars- og gårdsnavn som jeg visste at jeg hadde lest et eller annet sted.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Fjeldsgård

I tilleg til skifter så er odelssaker av forskjelllig art viktige, en del kan gi temmelig omfattende slektsregistre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.