Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#1252] Skifteregister


Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Eit skifteregister er berre eit register som fortel i kva skrifteprotokoll skiftet etter ein person er ført inn; protokoll nr., årsbolk og sidetal. For å få vite meir om kva som står i skiftet, må ein vende seg til Statsarkivet som har protokollen og be om kopi av sjølve skiftet. I tilfellet Nordfjord, er adressa Statsarkivet i Bergen.Fordelen med eit skifteregister er at det gjer det lettare å finne ut OM der er eit skifte etter ein person - og i kva protokoll og kor i protokollen det er ført inn.I eit skifte finn du, om der var noko å arve, opplysningar om born og andre som hadde krav i boet. Dette kan mellom anna hjelpe deg til å finne ut kor ikkje heimeverandre born hadde tatt vegen.Som kjelde kan skifta vere ei "gullgruve" for slektsgranskarar og historikarar. Eg har i einskildtilfelle hatt svært god nytte av slike privat. Og i lokalhistorisk samanheng er Jølster-skiftene eit godt døme. Det er berre der vi får vite at jølstringar "invaderte" Askøy på 1700-talet. I Askøy finst det nemleg ikkje spor etter kor dei kom frå.Men sjølve registeret er altså berre eit hjelpemiddel til å finne ut kor i protokollane det kan vere interessant å sjå etter.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/87212-1252-skifteregister/#findComment-738071
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Kristian Fjeldsgård

Nå gav jo Bjørn D en grei oversikt, men for å føye til litt: En del gode bygdebøker gjengir eller henviser til skifter. Derfor, kopier og arkiver alt, det kan komme til nytte en dag. Det er mye enklere å søke gjennom egne notater enn x antall bygdebøker, eller som jeg har gjort, bare en enkelt for å finne en kombinasjon av fars- og gårdsnavn som jeg visste at jeg hadde lest et eller annet sted.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/87212-1252-skifteregister/#findComment-738073
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.