Gå til innhold
Arkivverket

[#2566] Gundersen&Collin


Gjest Bjørn Davidsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ved eit særskilt høve råka borti to gutar, Guttorm Salve Gundersen og Harald Wiklef Karlsen Collin. Siste gongen eg førebels finn dei nemnd, er 31.12. 1896. Båe er fødde i Grimstad. Harald W.K.C. må ha hatt ein bror som er nemnd i 1900-tellinga, då hjå tanta si i Ø. Aker, Helen Tandberg, f. Collin i Bergen.Eg har namna på foreldra til gutane, men finn ikkje familiane att etter 1896, då dei etter opplysningane held til i Grimstad. Ut over broren og tanta til HWKC som er nemnd i 1900-tellinga, finn eg ingen andre av dei i den tellinga.Er det nokon som veit noko meir om desse karane?Foreldra til Guttorm S. Gundersen, f. 14.08.79, var murer Staale Gundersen og Anne Johanne Gundersen i Grimstad.Foreldra til Harald W.K.Collin, f. 06.10.78 i Grimstad, var stuert C(K)arl Fredrik Collin, f. 1841 i Bergen som son av skreddarmeister Hans Aa. Collin, og Ida Edvardine Marie Isaksdatter, f. 1847 i Arendal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.