Gå til innhold
Arkivverket

[#2752] Norsk-amerikanske prest


Gjest Nils Olav Østrem
 Del

Recommended Posts

Gjest Nils Olav Østrem

Paul Andersen, norsk-amerikansk prest - busett i Noreg ved folketeljinga 1865?Eg har eit spørsmål som gjeld Paul Andersen (Nordland), fødd 1821 i Vang i Valdres. (Sjå Frøholm, A., Valdres bygdebok I, del B. Gardar og slekter i Vang. Austsida i Vang sokn, Valdres Bygdeboks Forlag 1990, garden Jøvne, side 548.)Paul Andersen emigrerte i 1843 frå Vats i Skjold prestegjeld, Rogaland, etter at foreldre/ søsken hadde flytta dit ca. 1834. I 1848 blei Paul Andersen ordinert til prest, og verka lengste tida i presteteneste i Chicago, Illinois.I 1861 flytta han pga. sjukdom "tilbage til Norge og opholdt sig der i nogle Aar; men da hans Børn ikke trivedes godt i Norge, men længtes tilbake til Amerika, reiste han atter tilbage til sit gamle Hjem i Chicago". (Sitat frå side 99 i Hatlestad, O., Historiske Meddelelser om Den norske Augustana-Synode … utg. Decorah, Iowa 1887.)Eg håpar at Paul Andersen ikkje var returnert til USA før folketeljinga i 1865. Kan nokon henta han fram frå denne teljinga eller gi opplysningar om kor han budde utifrå andre kjelder?Send svar til:nooestr@online.no Venleg helsing Nils Olav Østrem Sandvedtunet 41 B 4321 SANDNES

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Nils Olav Østrem

Eg har funne nokre tilleggsopplysningar om Paul Anderson. Under sjukdomsperiode mellom 1861 og 1876, busette han og familien seg faktisk tidleg i Noreg – ”for good, as he tought”. Men borna kunne ikkje trivast og gjorde sitt til at familien alt i 1864 gjorde vendereis tilbake til USA.Å søkja etter Paul Anderson i folketeljinga for 1865 er difor nyttelaust - noko både eg og fleire med kanskje har erfart. Men eg håpar framleis på at nokon kan hjelpa meg med kor Paul Anderson budde mellom ca. 1861 og 1864.Venleg helsing Nils Olav Østrem nooestr@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hovda

Det eneste jeg har funnet om Paul Andersen utenom bygdebøkene for Vang, står i Tidsskrift for Valdres Historielag 22.årg.1944, side 163: "En norsk-amerikansk prest Paul Andersen, født i Sæte, men oppvokset på Nordland i Vang, kom til heimbygden på besøk og hadde flere møter rundt i disse kretser. Han innså nødvendigheten av en kirke og lovet å ville holde denne sak frem for vangsgjeldinger i Amerika, og om mulig samle inn midler blant disse til denne kirkebygning. Men denne brave prestemann døde straks efter han var kommet tilbake til Amerika, og dermed kom kirkesaken atter i bero en tid." Dette er alt som står i forbindelse med bygging av kirke på østsiden i Vang sokn. Dessverre står ingenting om tidspunktet for dette besøket, antakelig var dette før 1860. Er interessert i å vite hvorfor du gransker denne sambygdingen min!!Vennlig hilsen Tore Hovda torehovda@sensewave.com

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Olav Østrem

Takk til Tore Hovda for nyttige opplysningar! Det var interessant å få stadfesta ein gong til at Paul Andersen heldt kontakt med fødebygda Vang.Eg kan om Paul Andersens kontakt med Vang, visa til denne artikkelen: Qualey, C. C., One must learn anew; fragment of a letter from Racine, [Racine Co.], Wis. 25/11 1851 to parents and friends in Valdres, Transl. and ed. by Carlton C. Qualey, p. 149-52 in Norwegian American Studies (and Records) 22. 1965.I denne artikkelen er det gjengitt eit brev frå 1851 som er tillagt denne presten Paul Andersen. Rett nok bar brevskrivaren det namnet, men underleg er det at brevet etter artikkelforfattaren skal ha vore skrive til Pauls foreldre og vener i Noreg. Faren var død og mora og stefaren utvandra. Dessutan er brevet sendt frå Racine i Wisconsin medan presten Paul Andersen på den tid gjorde presteteneste i Chicago. Spørsmålet mitt blir om ikkje det aktuelle brevet er skrive av ein annan Paul Andersen.Interessa mi for Paul Andersen skuldast at eg skriv ein artikkel om seinare lutherske norsk-amerikanske prestar som hadde utvandra frå Skjold prestegjeld i Rogaland.Vedk. opphaldet til familien Paul Andersen mellom ca. 1861 og 1864, vil det vel vera mest truleg at dei heldt til i ein større by. Chicago-bakgrunnen skulle vel tilseia det og gjera Kristiania/Oslo mest sannsynleg?Venleg helsing Nils Olav Østrem nooestr@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.