Gå til innhold
Arkivverket

[#4481] Mathias Pedersøn Lem, fogd på Helgeland 1645


Gjest Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

I følgje boka "Alstahaug Kanikgjeld" (M. Jakobsen, 1922) budde det i 1645 ein fogd Mathias Pedersøn Lem på Skorpa i Herøy (no Dønna), "med 6 personer over 15 år i sit hus."Garden høyrde den gongen under jordegodset til Anne Jonsdotter, enkja etter fogd Peder Jacobsen Falch (d. 1643).Eg undrast på kva for kjelde Jacobsen har hatt for denne opplysningen, og om nokon veit noko meir om Mathias Pedersøn Lem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carl-Otto Seljelid

Hva sier kildehenvisningene i boka da. Er det noe å gå ut fra der, som kan tilsi at opplysninegen skal stemmme? Er ikke navnet Falch også inne i Benkestock-slekten, slik at det kan være en forbindelse der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Koppskatten 1645 er etter alt å døma kjelda for denne opplysninga. Denne skatten var ein eingongsskatt som skulle betalast av alle personar over 15 år - difor veit ein altså kor mange husstandsmedlemmar som var over 15. Koppskattlistene ligg i lenrekneskapane i arkivet etter Rentekammeret, i dag i Riksarkivet i Oslo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Takk for svar! Eg skal notere med arkivadressa, så veit eg kva eg skal spørje etter om eg kjem meg til Riksarkivet i Oslo. Om eg ikkje er så heldig at Digitalarkivet legg ut koppskattlistene innan den tid. Du veit ein blir nysgjerrig på om og eventuelt korleis det kan høve at ein fogd har budd på det som i dag er eit småbruk i eit fråflyttingsområde.Fogd Falch heldt til på Nordherøy, halvanna mil lenger sørvest, men i jordegodset hadde han samla mange eigedommar. Når eg fekk så raskt svar på det eine spørsmålet, har eg håp om at nokon også skal vite noko om det andre: Kven var fogd Mathias Pedersøn Lem?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Kan han ha vore bror av eller i slekt med sokneprest Peder Lem i Bergen? Peder var morfar til Ludvig Holberg og verfar til Hans Hansen Lillienskiold d.y. (sjå utstilling under "Nyttige lenker").

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Fra didgitalarkivet: 27/6-1703 blir Margrete Mathisdtr Lem født på Helgeland,i Herøe Sogn, begravet i Korskirken;Bergen april/mai 1702 blir Ingeborg Moritzdtr Boosteed født i Bergen,begravet samme sted.Hun var Mathis Greersen Lems efterleverske. Dette er vel samme familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Knut Skorpen

Ja - sistnemnde er kona! Eg har omsider blitt tipsa om og fått tak i boka EMBETSMENN I NORD-NORGE I TIDEN 1536-1700 av Hesselberg og Dahl, Tr.h. 1999, og les at "Mathias Gregersen Lehmb" var fogd frå 1640 til 1646. Med andre ord var Pedersøn eit feilspor - Greger eller Greer er kanskje rette farsnamnet. Hesselberg og Dahl skriv ikkje noko om kor fogden heldt hus eller kor han kom frå - men kanskje andre veit noko om far hans, som kan ha vore ein Geger Lem(b)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest tom askeroi

Et lite sidespor: Hvor fikk du kjøpt boken nå da Svein Tore Dahl er død? Og hadde de de øvrige bøkene hans der, også?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.