Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#4582] Grimmelgård som etternamn


Recommended Posts

Gjest Atle G. Eliassen

Har nokon kome over etternamnet/gardsnamnet Grimmelgård? I Gardssoga for Sykkylven bd I s. 202 står Andreas Jensen Grimmelgård (f. i Geiranger 1805, d 1878)Eg kan ikkje finne nokon med etternamnet Grimmelgård i Geiranger (Nordal prestegjeld) den gongen. Kan Grimmelgård kome ein annan stad ifrå?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/90540-4582-grimmelg%C3%A5rd-som-etternamn/
Del på andre sider

Gjest Rune Bjerke

"Låkjen han tok åt vengje sin/Nære flaug han sin sprengje/Kom han seg åt Gremmeligård/førr Gremmil gjeng åt sengje"Dette er en variant av et vers i balladen om Torekall (Tor med hammeren). En viseoppskrift fra Gol ca 1750 omtaler altså Gremmeligård. Jeg finner ikke mer om lokaliseringen der, dessverre.R. Bjerke

Gjest Tor Myklebust

Det står også i Sykkylvsboka at han var gift med Ingeborg Isaksd. Homlung. Ingeborg Isaksd. frå Homlung i Geiranger er fødd i 1804. Der er ingen Andreas Jensen fødd i Geiranger rundt 1805, so dette må vere ei forveksling. I kirkebok for Geiranger 1/1 1834 under gifte finn eg: Enkem. Andreas Severin Jensen Ålesund 34 år og Ingeborg Isaksd. Homlung 26 år. Far til brudg: Jens Olsen og far til bruda Isak Rasmusen. So Andreas Jensen Grimmelgård er nok frå Ålesund, gjerne ein etterkomar etter futen på 1600-talet Hans Grimmergård. Der er ingen gard med namnet Grimmergård på Sunnmøre(Opphavet er vel dansk), men Grimmergården er i dag ein bygård/ butikksenter i Grimmergt.1 i Ålesund!

Gjest Arne Solli

Eg er samd med Bjørn Davidsen at Grimmelgård må vere ei feillesing av Grimmergård i Borgund. Eg meiner Grimmergård har namnet sitt frå Hans Grimmersen=Hans Gremer=Hans Grimmer. Hans Grimmersen var kjøpmann og tek eg ikkje heilt feil var han i ein kort periode (rett etter 1630) fut på Sunnmøre.Ein Hans Grimmersen født i Møgeltønder slotslen tok Borgarskap i Bergen i 1636, jfr. Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751 Truleg er dette samme karen.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.