Gå til innhold
Arkivverket

[#4926] Sjur Larsen,Stord


Gjest Tom Tollefsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Tom Tollefsen

Leter etter hvor Sjur Larsen f.1786 kom fra. I 1865 står han oppført på Gravhaugen i Stord Han var gift med Anna Eriksdatter f.1812 Jeg har lånt bygdebok fra Stord og svien,men finner de ikke der. De fikk også en datter,Ragnhild Malene Sjursdatter f.18.08.1840 på Fagerland ,Stord. Finner heller ikke Fagerland i noe bygdebok! Ragnhild flyttet til Manger og ble gift med Knud Knudsen,Storheim.Tom

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Kvalheim

Dersom du går inn på garden Lie under 1218 Findaas i Hordaland i folketeljinga for 1801 vil eg tru du kan finna ein god kandidat.Ragnhild si syster Ingeborg f.ca 1847 er mi tipp-oldemor som også kom til Manger. Ho vart gift med Samuel Johan Wolff (Knudsen) Mangerøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Fagerland er truleg å finna i ei av bygdebøkene for Sveio (her er 3) hugsar ikkje heilt kva for ei. Vil tru at garden Fagerland på Valestrand i Sveio kanskje låg under Stord på den tida, og at det kan vera denne garden du meinar. Mormor mi var fødd Fagerland i Sveio, eg har ikkje denne bygdeboka sjølve, men har hatt den på lån tidlegare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

I gards- og ættesoge bd. I for Sveio, s. 265 under garden Fagerland, Gravhaugen, står følgjande om Sjur Larsen: "Sjur Larson Lid, Haukås, kom til Gravhaugen i 1837. Han budde her til han døydde (...)".I gards- og ættesoge bd. III for Sveio, s. 109 under garden Li, er det opplyst at Sjur Larson var fødd 1788. Han var son av Lars Sjurson Ersland (d. 72 år gl. i 1821) og Torunn Aslaksdtr (enkja etter føremannen Johannes Mikkelson Li). Ho døydde i 1828.Sjur hadde følgjande søsken: a) Lars, gm. Inger Helgesdtr Børøy, Bømlo. Busett på Førland, Skåre. b) Johannes, f. 1779. c) Siri f. 1780 d. 1805. d) Ranveig f. 1783 g. Eikeland, nedre, e) Torunn f. og d. 1787, f) Sjur f. 1788, g. Haukås.Det er ellers opplyst at far til Sjur, Lars Sjurson, kjøpte bruket i 1779 og var brukar til 1787. Han var velståande og lagrettesmand. På s. 141 under garden Haukås, er det oppgitt at Sjur Larsson Li f. 1788 d. 1868 var gift med Anna Eriksdtr Li f. 1810 d. 1904. I følge gards- og ættesoga hadde 13 born.På s. 112 under garden Li, er det skrevet at Anna var f. 1810 av foreldre Erik Størkson Li (1779-1847) og Malene Klementsdtr Apeland, nordre (1787-1872). Ho hadde 8 søsken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Gunnar Kvalheims aktuelle kandidat på garden Lie under 1218 Findaas i Hordaland i folketeljinga for 1801 er den samme personen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Tollefsen

Takk skal dere ha. Videre på Familie Search fant jeg da slekten enda lenger tilbake.Til Gunnar vil jeg gjerne spørre om det er mulig å få etterslekten av Ingeborg sin familie. hennes søster Ragnhil Malene er min tipp-oldemor. Hennes slekt har jeg komplett.Tom

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.