Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#5678] Nygaardsvig, Laksevåg/Askøen


Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Det har eg skjøna, òg ho skriv seg for både Olsen, Olsdatter og Nilsdatter, alt etter som. Går ut frå at du har funne alle 6 (av 7) born som ho døypte i Bergen, sidan du meiner å slekte frå henne.Peder Larsen er heile tida matros, frå han gifter seg med Maren B. i NK 1816 til dei får siste barnet døypt i DK? 1837.Eg finn ikkje at dei har tilknyting til Nygårdsvik, anna enn at dei døyr der båe to i 1864. Har prøvd å finne Peder døypt i Bergen, men fekk feil i søkjesystemet før eg klarte det. Han er i alle høve ikkje døypt i Askøy.Eg trur både Peder og Maren B. var bergensarar som flytta til Laksevåg då Peder slutta på sjøen. På den tida, kring 1850, var det stor industribygging der ute som trakk til seg mykje folk.

Gjest Bjørn Davidsen

Eg meiner no å ha funne i alle høve ein kandidat til Peder Larsen:Peter Christian, f. 0407 1794, dpt. i NK, f: Lars Persen (Pettersen) Nordal og Arentine Hinrica Christiansdtr. (Arvesen, alt etter som).Dei får òg ei dotter, Margretha, f. 1792, same året dei vert vigde (lys. 1791).Vi finn dei i 1801, men L.P. døyr same året (adr. 5-70). Arentine gifter seg oppatt med Sacharias Bong(e) og lever til 1809.Sidan Peder L. er matros i mange år, vil du kan hende finne han i matrosruller på SAB. Der vil kan hende òg stå kven som er faren.Lukke til vidare.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.