Gå til innhold
Arkivverket

[#6971] Anna Hansdotter gift med Ola Larsen Lien i Os


Gjest Hans Gangstø
 Del

Recommended Posts

Gjest Hans Gangstø

I Os boka side 779 er ført opp: Ola Larsson Lien f 1735 g 1766 med Anna Hansdotter Vinnes frå Strandvik f 1744. Hun er ikke identifisert i Fusa boka om Strandvik, men jeg mener at aktuelle foreldrekandidater kan være Hans Hansson Vik frå Strandvik og 1. kona Marta Steinsdtr Vik som ble gift i 1743. Det er ikke oppført noen barn fra dette ekteskapet i Fusa boka og heller ikke under Lepsøy i Os (side 462) hvor Hans senere bosetter seg. Noen synspunkter ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg skjønar du viser til s. 462 i band II av Os-soga og s. 779 i band III i same bokverket. Eg trur ikkje at Anna Hansdtr., f.1744; som blir gift til Lien i Os er dotter av Hans Hansson og Marta Steinsdtr. frå Vik i Strandvik, seinare busett på Lepsøy i Os. Dette fordi Marta er f. 1692 og er ca. 52 år i 1744. Mannen, Hans; er - som du ser - 26 år yngre enn henne (f. 1718).Det er ikkje oppført born i dette ekteskapet, noko som indikerar at Marta kanskje var såpass gammal at ho IKKJE var fertil lenger. Eg trur difor at Hans, so så mange andre, gifte seg til gard i Vik. At ein vart godt gift og kom til ein god gard var truleg viktigare enn at kona var så gammal at ho godt kunne vore mora hans-. Då ho døyr gifter Hans seg straks oppatt med ei som var 21 år yngre enn han sjølv, og i dette ekteskapet er det born.Eg konkluderar difor førebels med at det nemnde paret IKKJE er foreldra til den Anna Hansdtr. du har i sikte, og rår deg difor til å leite opp andre høvelege kandidatar. Bygdebøkene for Fusa & Strandvik er diverre ikkje alltid like ryddige- og lette å finna fram i. Men det har du vel alt funne ut.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Gangstø

Ja den nevnte Anna Hansdotter er ei vanskelig kvinne å finne fatt i. Det samme har nok forfattaren av Os bøkene kommet fram til. Det som forundrar meg er at ekteskapet mellom Anna og Ola Larsson Lien ikke er å finne i kyrkjebøkene, finn dei ikkje i digitalarkivet og heller ikke på dei mikrofilma kirkebøkene. Kor har då forfattaren sine opplysninger om at hun var fra Vik i Strandvik ? Fusa bøkene er som du nemner lite oversiktlige og vanskelige å finne fram i, men eg synest eg har gått gjennom alle de som nevnes med fornavn Hans med tilknytning til Vinnes uten å finna andre kandidatar enn dei eg nemner i det frøste innlegget. Har du forslag til vidare søk, er eg åpen for alle forslag. Mvh Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg har ikkje bygdebøkene framfor meg nett no, men eg meiner at denne Anna/Anne Hansdotter, f. 1744, døyr ca. 1772(?). Ola Larsson Lien vert då straks gift oppatt. Dersom du no kontrollerar kyrkjebøkene for Anna si gravferd, som må vera nedteikna, kan det henda at presten har ført opp kvar ho Eigentleg kom frå. Eller: - det kan vera nemnd i skiftet etter Anna, sjekk vedkomande skifteprotokoll for Os. NB: Garden Lien tilhøyrde 'Baroniet Rosendal', dersom dét kan vera til hjelp (garden blei baroni-eigedom omkring 1648).At du ikkje finn giftarmålet til Anna Hansdotter i kyrkjebøkene for Os kan jo tyda på at ho vart gift ein annan stad, kanskje i Bergen? Eg meiner nemleg å hugsa at ein eldre bror av Ola L. Lien hadde løyst borgarskap som 'kippermæster' i Bergen. Det er difor slett ikkje umogleg at Ola òg heldt til i Bergen ei tid. Og gifte var dei nok, for eg trur ikkje at Ola og Anna var sambuarar om lag 200 år før si tid -.Elles så vil eg ikkje sjå meg altfor blind på dette med Vinnes. Det kan nemleg godt hende at garden Vinnes er den siste "adressa" Anna hadde i Strandvik før ho vart til garden Lien i Os, men at fødestaden hennar eigentleg er ein heilt annan stad i Strandvik og/eller Fusa.I tillegg vil eg påpeika at du finn Vinnes/Vindenes i Austevoll òg, konsulter elles "Oluf Rygh: Norske Gaardsnavne" under 'Nyttige lenkar' for fleire alternativ.For ordens skuld: Både Austevoll-, Sund-, Os-, Samnanger-, Fusa- og Strandvik m.m.; høyrer til "Midthordland Prosti". Det vil seia at både Vinnes i Austevoll og i Strandvik er såleis klart innanfor 'nedslagsfeltet' til éin og same prost. Berre så det er nemnt -.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eit lite tillegg: Når eg nemnde for deg Hans, at garden Lien var Rosendalsgods; så er det relevant fordi fleire av matriklane (-skattelistene) for dette godset alt er utlagte på nettet. Går du inn på skattelister her og vél 'Hovedmanntall for ekstraskatten 1763' vil du under garden Lien finna følgjande:Det Contribuerede Gods/Os/Lien/84/Ole Larssøn ugift [brukar]/Peder Larssøn [dreng]/Guri Nielsdtr. [dreng]/Moder Anna Olesdtr. [andre].Dette fortel : A) at Ole Larssen hadde overteke som brukar i 1763, kanskje allereie i 1762? (jfr. bygdesoga for Os som seier 1766). B) at Ole er ikkje gift då. C) at mor hans, Anna; ser til å vera enkje då. I følgje Os-soga døydde ikkje siste mannen hennar [Ole sin stefar] før i 1766, men skattelista av 1763 indikerar annleis -.Dette viser enno ein gong at ein ikkje skal ta alt som står i bygdebøkene for "god fisk", for feilfrie er dei ikkje.Eg nemnde òg at det er fleire Vinnes-garder i nærleiken. I tillegg til dei i Fusa og Austevoll har ein også Vinnes i Fjell og Vines inne i Hardanger. Gjerne verd eit forsøk i jakten på Anna frå Vinnes?Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Gangstø

Nei, å kalle bygdebøkene for Fusa og Os for feilfrie ville være å ta for godt i. Eg har leitt gjennom det som er i digitalarkivet over gifte i nær områdene ( heile Os(med Fusa/Strandvik mm) prestegjeld er vel med i den basen som ligg der vil eg tru), Tysnes, Fitjar mm men utan å finne nokon som kan være Ole og Anna sitt ekteskap. I Fjellberg er det ein Ole Larsen Stumo og ei Anna Hansdotter Eide som gifter seg i 1766, men eg kan ikkje tru at det er desse som seinare er på Lien. Eg driv nå og les gjennom Fusa bøkene rundt Strandvik, Fusa men har ikkje funne noen som passar. Takker for ovennemnte innspel som tas med i mappa. Har ikkje fått vært på biblioteket for å sjekke dødsfallet for Anna. Høyrer gjerne fra deg om du kjem over noe mer. Send gjerne direkte til hagangst@online.no om du vil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Hans Gangstø

Etter å ha brukt julehelga til å lese gjennom Fusabøkene for om mulig finne ei Anna Hansdotter som kan passe med henne som gifter seg på Os uten resultat håper jeg på nye innspill. Har også sjekka vigde i Fana uten finne noen som passer. Ola Larsen og Anna Hansdotter må vel ha giftet seg et sted. Dødsfallet til Anna er notert i 1772 men er kun ført opp som: Anna Hansdotter Lien 28 år gammel. Mvh Hans Gangstø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Hallo Hans, eg trur eg har funne opphavet, dvs. foreldra, til denne Anna Hansdotter frå Vinnes i Strandvik, f. 1744.I det første innlegget ditt var du inne på ein Hans Hansson Vik, f. på Vinnes i 1718, som seinare bygsla eit bruk under garden Lepsøy i Os. Vi vart vel samde om at han Neppe er far til denne Anna som vart gift med Ola Larsson Lien, Lien i Os.Men noko samband er det kanhende likevel: For samtidig med at Hans Hansson Vinnes-Vik bygslar éitt bruk på Lepsøy i 1779 (s. 462 i Os-Soga band II) bygslar ein annan kar frå Strandvik, Nils Hansson Vinnes f. 1746; eit anna bruk på Lepsøy (s. 465 & 467 i Os-S. band II). Dei er ikkje far og son, men det ser ut til å vera eit slag slektskap/skyldskap her.Denne Nils Hansson er fødd 1746 (og d. 1821 på Lepsøy) og kan difor godt vera bror til den nemnde Anna. I 1779 gifte Nils Hansson seg med Kari Hansdtr. frå Lunden i Os: 2685/Nils Hansen/Windesnes/Uk//Kari Hansdatter/- Lund/pige//1107/1779/OsDei får desse borna: Hans f. 1781, Ola f. 1785, Kristi f. 1789 og Nils f. 1791 (jfr. s.465 i band II, Os-S.)Dersom vi føreset av besteforeldra alltid vart oppattkalla på den tida og deretter andre folk i slekta, så er det interessant å vita kva desse heitte: Foreldra til Kari frå Lunden var Hans Larsson og Anna Olsdtr. Ho har mellom anna òg ein bror Ola. Far til Nils må jo ha vore ein Hans og mora høgst sannsynleg ei Kristi. Elles var det ikkje uvanleg at det siste/yngste barnet fekk namn etter ein av foreldra, i dette høvet altså ein Nils junior.For å finna opphavet til Nils - og dermed kanskje også til Anna - så må ein leita etter ein Hans frå Vinnes som gifte seg med ei Kristi/Christi på 1730- eller 1740-talet. Og kva finn vi ikkje under vigde i Os på DA:1722/Hans Hanssen/Windenes/Uk//Kristi Nilsdatter/- Lille Ballesem/pige// 0607/1743/StrandvigOg 1743 er året før Anna vert fødd og passar difor godt med søket ditt, Hans. NB: Den andre Hans Hanson Vinnes, han i Lepsøy; gifter seg samme dag, 6. juli 1743; og i samme kyrkja med Marta frå Vik (Marita Stensdatter); kanskje eit dobbeltbryllup?? Du finn dei under nr. 1724.For å få stadfesta at Anna og Nils er borna til Hans Hansson og Kristi Nilsdtr. fra "lille Ballesem" bør du leita under Baldersheim (Ballesheim), lille i bygdeboka for Strandvik. For dette er berre ein god indikasjon, men den endelege stadfestinga manglar enno -.2902/Mons Torbiørnsen/Nedrerøe/uk//Anna Olsdatter/Lien/pige// 0907/1786/OsDet er vel omtrent berre Anna Hansdotter Vinnes sitt eige bryllup du ikkje finn :-))Håpar dette var til litt hjelp Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Gangstø

Takk Terje ! Dette var svært interessant. Skal se over dette i løpet av helgen og sjekke med mine egne notater. Har hele tiden følt at det må være slektsskap med dei familien du nevner. Mvh Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Gangstø

Mer om Anna Hansdotter. Til Terje Hatvik. Eg har lest gjennom innlegg ditt ovenfor og som du antyder ser det ut for å være eit samband mellom Anna Hansdotter og den nemnde Hans Hansen Vindenes familien.I Fusa boka bind III side 466-467 lister forfattaren opp ei ætteliste og den nemner dei familiane som du har funnet fram til ovenfor. Nils Hansen er son til Hans Hansen og andre kona Kristi Nilsdotter fra Baldersheim. Dei er kort nemnde på Baldersheim men der henvises det til at dei bur på Vindenes Hans Hansson Vindenes f.1691 d 1762 var gift to ggr , første gongen med Anna Larsdotter Havsgård og deretter med Kristi Nilsdotter. I første ekte får han mao sonen Hans Hansson som var gift tre gonger ( dette er den Hans som eg opprinnelig meinte var ein mulig far til Anna). Hans gifter seg III gongen i 1880 med Anna Mattisdotter Berge. I andre ekte med Kristi Nilsdotter får Hans Hansson Vindenes 5 born. Mao den Nils du nemner som vært gift med Kari Hansdotter Lunden. Det stemmer også at han får ei dotter Anna i dette gifte, til og med fødd i 1744, einaste ulempen er at ho står oppført som gift i 1787, med Sjur Sjurson Baartveidt og ho lever til ca 1818 ser det ut til. Dette gifte er registrert i kyrkjeboka den 26des 1787. Kan det være denne Anna forfattaren av Os boka har blanda inn i ekteskapet til Ola Larsen Lien ? I så fall er det dårlig handverk vil eg sei. Men uansett set me att med spørsmålet: Kven er Anna Hansdotter på Lien ? og kva samband har ho med Vinnes slektene ?Eg held på med ein lengre utgreiing om kva eg har av informasjon om Anna og kunne tenke meg å sende den over til deg når den er ferdig, men det hadde vært greiast om eg då fekk din direkte email adresse. Min adresse er hagangst@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.