Gå til innhold
Arkivverket

[#7057] Iver Paulson & Sesille Persdtr. Lærdal


Gjest Odd Brede
 Del

Recommended Posts

Iver Paulson (f. ca 1741) og Sesille Persdtr. (f. ca 1751) giftet seg i Lærdal 16.10.1780. Ett av barna var Mette Ivarsdotter Åretun (1783-1868).Iver og Sesille bodde på Åretun, men jeg har ikke vært i stand til å spore opp forfedrene deres.Kan noen hjelpe ? Mvh. Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Du har en Iver Povls. Gausemel døpt 1.1.1737, sønn av Povl Lars. Gausemel. Sesille fant jeg ingen god kandidat for under døpte i Sogn og Fjordane 1669-1895. Ikke vet jeg om Gausemel er i nærheten av Lærdal, men det var nå et forsøk...Lykke til videre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Folketellingen for 1801, Lærdal, Aarethuun fortel oss:Iver Paalson Aarethuun, 60 aar, huusbond, Bonde og gaard beboer. Sidselle Peersdtr, 50 aar, Hans kone Britte Iversdtr, 20 aar, deres datter. Britte Peersdtr, konens søster, 80 aar Har lest igjennom Laberg-boki for Aarethuun, Lærdal, (gamle bygdeboki for Lærdal) Men det ser ut som om Laberg ikkje har fått med seg denne jordeigaren!! på Åretun? Av ein eller annan merkeleg grunn???? Kan ikkje sjå denne familien, verken under bruk nr. 1 eller 2. på Åretun. Denne familien er tross alt nevnt i folketellingen for 1801?Eg ser ein Paul i Vindedalen, Lærdal og som kan stemme med den tida, men ingen son, Iver.Når det gjelder kyrkjeboki for Årdal og Lærdal, så finn eg Iver Paulson gift 1780, med Sesille Peerdtr. gard er ikkje nevnt. Det ser også ut som om verken Iver og Sissel er fødde i Lærdal eller Årdal.Eg ser ein son, Iver Paulson, født 1786, foreldre Iver Pauls., Sedselle Pederd. Aarethun.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Kva er grunnlaget ditt for å seia at Ivar Pålsson på Åretun var jordeigar?Med omsyn til Pål (Persson) i Vindedalen skulle vel skiftet etter han kunna gje svar på om han har hatt ein son Ivar. Skifteprotokoll for sorenskrivaren i Indre Sogn, 5b (1741-1748), 341b. Protokollen finst på Statsarkivet i Bergen. Etter det som kjem fram på fylkesarkivet (Sog og Fjordane) sin database over skifta i Indre Sogn, er det ingen son med namnet Ivar. Men det kan vera verd å sjekka originalen for å vera heilt sikker.Derimot finn vi i 1767 ein Ivar Pålsson (Paalsen), 24 år gammal, som son av husmannen Pål (Paal) Ingvaldsson på "Øen" under Mareim i Hafslo. Denne Ivar skulle vera ein høveleg kandidat til å vera identisk med den Ivar Pålsson som i 1780 vert gift i Lærdal. Etter skifteopplysninga frå 1767, skulle Ivar vera fødd omlag 1743 -- altså ikkje ein stor differanse i høve til opplysningane frå 1801. Men Ivar er ikkje døypt i Hafslo. Den første dåpsinnførsla i Hafslo om borna til Pål/Paal/Paul/Poul/Povel på Øen er frå 1746, då dottera Inga (Inge) vert døypt. Ingvald-namnet er heller ikkje særleg vanleg i Hafslo, slik at ein nok bør leita vidare etter opphavet til Pål Ingvaldsson. Kan henda kan Aurland eller Leikanger vera verd ein kikk. Ingvald-namnet er i alle høver nytta der på 1600-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Etter det Laberg nevner om Åretun.Sitat:I 1780 vart Åretun delt i to bruk. Hans Dyrdal ved kurator selde det året den eine helvti til Mons Knutson og det andre til Ivar Paulson.Sitat slutt.Dette er alt Laberg nevner om Ivar Paulson.Mons Knutson døydde i 1783 og då vart bruk nr. 1 seld på auksjon til Albert Kramer, Årdal.Det som er nevnt om bruk nr. 2:Sitat:Knut Nilsson, den sisste som åtte heile Åretun selde det me kallar bruk 2 til Ivar Endreson Offerdal. Han sto som eigar av bruket, til han i 1863 selde det til sonen Kristen Ivarson.Sitat slutt.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Takk for responsen så langt. Iver og Sesille hadde også en datter - Mette - født på Åretun i 1783. Hun ble i 1811 gift med Jens Rasmusen Natvik (1790-1835)fra Årdal.Jeg er fortsatt spent på om noen klarer å hjelpe meg med forfedrene til Iver Paulsen og Sesille Persdtr. Mvh. Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Vel, du har jo fått eit tips vedrørande Hafslo. Det er vel ikkje usannsynleg at det er denne Ivar Pålsson du er på jakt etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Takk for tips om Hafslo. Under gifte i Hafslo har jeg funnet Povel Ingvaldsen(gard:Molland) og Mætte/Marite Larsdotter (gard:Jordanger) - gift 11.3.1741 -forlovere: Jacob Opheim og Peder Marum. Povel Øen død 9.9.1767 i Hafslo er vel indentisk med Povel Ingvaldsen. Hvor kan sønnen Ivar - nevnt i skiftet etter faren - blitt døpt? Kirkebøker over døpte i Hafslo går jo helt tilbake til 1717.Et annet spørsmål blir også hvordan Iver Paulson har klart å kjøpe Åretun - bruk 2 i 1780. Han kom vel ikke fra rike kår? Mvh. Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Til kvar Ivar kan ha vorte døypt: Ettersom han ikkje er døypt i Hafslo, må ein leita i naboprestegjelda, i første rekkje då helst i Sogndal, Jostedal, Luster eller Årdal (over fjorden, og tilhøyrte Lærdal prestegjeld). Men det er jo sjølvsagt mogleg at presten rett og slett har gløymt å føra han inn:-)Til korleis han har klart å kjøpa Åretun, er det vel ikkje usannsynleg at han har arbeidd seg opp, alternativt kjøpt det på kreditt eller lånt pengar for å kjøpa det. Det er mange moglege løysingar på det spørsmålet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg kan stadfesta at det er talrike barnedåpar som manglar i kyrkjebøkene for Hafslo før 1755, og særleg i åri kring 1740-1745. Iver Paulson må vera fødd i Hafslo kring 1743, og ettersom mori heitte Metta, og Iver Paulson på Åretun òg hadde ei dotter Metta, synest denne ættesamanhengen å vera heilt klar. Iver var son av husmann Paul Ingvaldson på Øy under Mareim i Hafslo og kona Metta Larsdotter frå Joranger nedre i Hafslo.Derimot veit eg ikkje noko om opphavet til Cecilia Pedersdotter, kona til Iver Paulson. Mor hennar heitte truleg Britha (etter oppattkallingi¨å døma), men kvar desse foreldri budde, er førebels uvisst.Eg vil elles minna omk at det var fjorden som var "vegen" i eldre tid, og eg har etter lengre tids studium oppdaga ei utstrakt flytting over indre deler av Sognefjorden, mellom Nattvik, Hovland og Offerdalen i Årdal, strendene (Åretun, Fodnes m.fl.) og Erdal (særleg Vindedalen med Hausahalsen) i Lærdal, Amla og Kaupanger med Mannhiller i Sogndal, Ombandsneset i Luster statsalmenning, Solvornstrondi og Marifjøra på vestsida av Lustrafjorden og Kroken, Urnes og Kinsedalen på austsida av Lustrafjorden.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.