Gå til innhold
Arkivverket

[#7107] Studine i Paris 1930 - oversetting av fransk diplo


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Mi mormor var ei flittig og netthendt dame med nål og tråd. Som så mange andre av sin generasjon sydde ho klede til seg og sine. Men ulikt fleire av sine medsøstre hadde ho etter måten ei grundig utdanning innan den profesjonen som truleg går under navnet søm- og handverk, eller kanskje skreddaryrket er det same? (Men dette veit eg lite om).I alle fall gjekk ho eitt år ved ein sy-skule eller akademi i Paris, Frankrike. Og derfrå fekk ho eit flott diplom - sjølvsagt utstedt på fransk - som eg gjerne vil at einkvan oversetjer til norsk, om mogeleg. 'Diplominnehavaren' er død og kan difor ikkje hjelpa til med dét -.Ho (frk. Ingeborg Aasgaard frå Ytre Arna i dåværande Haus kommune, i dag Arna bydel i Bergen), hadde i alle høve både interesse og anlegg for søm og sying og gjekk først på Håndverksskule i Bergen på slutten av 1920-talet.Etter det vidareutdanna ho seg på det som i dag er 'Statens Lærerhøgskole i forming, Oslo'. På den tida heitte denne 'Statens Kvinnelige Industriskole'. Eg har slått opp i "Norsk Konversasjonsleksikon", Nasjonalforlaget A/S, Oslo; 1932-33.Utdanninga der var då 2-årig (i dag er den kanskje lenger?) og at dei unge kvinnene [dette var jo Statens KVINNELIGE Industriskole] kunne velga mellom følgjande linjer eller avdelinger pr. 1932 (sitat):A. Vevning, herunder mønster- og kunstvev B. Søm C. Utdannelse av håndarbeidslærerinner D. Prydsøm og knipling E. Tegning og modellering av drakter for barn og voksneHo må ha teke eksamen ved ei av desse linjene i 1928/1929, og eg reknar det som sannsynleg (men veit ikkje) at ho gjekk linje E.Og så reiser ho til Paris og er student ved eit syakademiet der. Det allereie omtala diplomet eller vitnemålet (svært vakkert utforma) som ho får ved skuleslutt i april 1930 lyder slik i avskrift (sitat):'ACADÉMIE DAYDOU Ecole Pratique de Coupe de Paris 12, Rue Lafayette, ParisCERTIFICAT DIPLÔME Décerné à Mademoiselle Ingeborg AasgaardAttestant le succés avec lequel elle a suivi nos Cours et sa connaissance parfaite de l'Art de la ModeParis , le 25. avril 1930 La Direction: M. L. Daydou [sign.]'og heilt nederst 'Cours Spécial de MODE'Det hadde vore fint om nokon kunne oversetja dette til norsk. Blei ho utdanna designer? Ho fekk aldri nokon yrkeskarriére som draktdesignar, mann og born kom til og skrinla evt. planar i den retninga. Eg kan leggja til at seinare i livet, etter at borna hennar var vaksne, jobba ho som handarbeidslærarinne nokre år. I tillegg dreiv ho litt med porselensmaling. (Men det er denne saka uvedkomande).Ei oversetting av diplomteksten hadde vore kjekt. På førehand takk!Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg er ingen stor franskspesialist, men kan prøve. Fransk har ein veldig "bakvendt" måte (for oss) å uttrykkje seg på, så det blir litt tullete norsk når ein prøver å vere ordrett:Akademie Daydou Praktisk Skule i Tilskjering. Sertifikat Diplom tilkjent frøken I.A.Det vert attestert den suksessen "med hvilken" ho har følgt kursa våre, og hennar perfekte kjennskap til motens kunst.Underteikna Paris 25. april 1930, for styret, M.L.Daydou. Spesialkurs for mote.Tilskjering er kunsten å få eit teikna plagg over på stoffet - å få laga mønster og klipt stykka slik at det ferdige produktet liknar teikninga.Eventuelle fransklærarar og skreddarar får korrigere meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Kjempefint, takk skal du ha Aase! Eg er uansett ikkje kvalifisert til å uttala meg om dine kunnskapar i Fransk, men oversetjinga di verkar overtydande. Grunna litt kjennskap til spansk forstod eg jo eitt og anna, men det er sjølvsagt betre å få hjelp frå ei som kan språket.Mormor var kry av dette diplomet. Det hadde ho vel neppe vore dersom ikkje hadde stått til eksamen, noko ho etter alt å døma gjorde. Men uansett kva innhaldet måtte vera meiner eg det er kjekt å vita kva som faktisk står på diplomet.Så takk for det :-)Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.