Gå til innhold
Arkivverket

[#7142] Jacob Larsen frå Stord ?


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Etterlyser informasjon om min tipp tipp oldefar Jakob Larsen d. 1842 ca. 67 år gml. Han busette seg seinare på Bømlo, og i følge bygdebok for Moster sokn var han den første mannen som budde i Kallevik, søre under garden Håvik indre. Etterkommerne hans har seinere budd her. Det er godt mulig han kom frå Stord, kanskje Nysæter, der det i 1811 var ein dreng med dette namnet. Jacob vart gift med Synneva Halvardsdatter, og det kan vera desse som er registrert under 'Vigde i Stord' 04.04.1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Det er ihvertfall ikke Jacob Larsen fra Storebø på Austevoll, alderen passer i FT 1801 og Austevoll er jo ikke så langt unna, men jeg sjekket med bygdeboka, og han ble gift på Storebø.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Eg trur han kjem frå Stord, men finn han ikkje i bygdeboka. Denne bygdeboka er også gamal og det ser ut som der er ein del manglar. Som sagt finn eg ein Jakob Larsen i ft. 1801 (ikkje 1811) som dreng på garden Nyseter,Stord, og eg finn også ei Synneva Halvardsdatter 22 år i 1801 på Dyvigen, Stord som er ein gard i nærleiken av Nysæter. Det er nok store muligheter for at det er desse som seinere på året vert vigde i Stord og flyttar til Bømlo. På garden Nyseter var Mathias eit vanleg nman (ifølge bygdeboka frå Stord). Nest eldste sonen til Jakob heitte Mathias og seinare har dette vore nytta i vår familie på eldste sonen i alle generasjonar nedover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Leitar framleis etter svar på kor denne Jakob Larsen kom ifrå. Er det nokon som har eit forslag korleis eg kan finna ut meir om dette? Greier ikkje å finna han i bygdeboka for Stord, men namn og alder stemmer altså på han som er dreng på Nysæter, Stord i 1801. Finn ingen på Bømlo som passar, og då er jo ikkje Stord så langt unna, men korleis vite sikkert ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det kan vel ikkje vere tvil om at Synneva Halvardsd. er dotter av Halvard Larsen og Kristi Johansdotter i Dyviken. Og han Jakob var vel ikkje langt unna før dei gifte seg i 1801. At dei tok 'mot vest' til ubrote land på den tida, er ikkje å undrast. Men kor han kom ifrå, kan vere meir problematisk å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Eg har undersøkt blant dei døypte i Stord i perioden 1773-1776 i kyrkjebok for presten i Stord A 2, 1744-1777.I denne perioden finst det i kyrkjeboka berre ein aktuell kandidat til å vera 'din' Jacob Larsen: den 4. februar 1775 vart Lars Jensenæsset og hustrues søn døypt og kaldet Jacob. Fadrane var: Halvor Dyvigen, Halvor Dahle, Siri Dahle, Gunilde Wigenæs og Torbor Nielsdtr Sætrevigen. Jensaneset var eit husmannsplass under Vikanes og er geografisk endå nærare Dyvikjo enn Nysæter.Lars Jensenæsset fekk ei dotter i 1779 kalla Cidselle, fadrane var då: Stephen Kannelønnning, Mathies Nysæter, Kisti Nysæter, Guro Dahle og Haldis Wigenæs.Bygdeboka for Stord s. 745 gjev diverre ikkje særleg mange opplysningar om Lars Jensenæsset. Det står berre at enkja Inger sat med bygsel på plassen i 1760-åra og at sonen Lars var husmann der i 1770 og 1780-åra. mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei og takk for svar !Eg har ikkje undersøkt kyrkjeboka for Stord, kun det eg har funne i digitalarkivet og i bygdebøkene for Moster og Stord. Under Kallevik Søre (Bømlo bygdebok, Moster). Finn eg Jacob Larrsson d. 67 år i 1842, gm. Synneva Halvardsdatter, nokre år yngre enn mannen. Reknar med at dette er dei eg finn under Dyvigen og Nysæter som gift i 1801. Barna til Jacob Larsen var Halvard f. 1805, Sissela f.1806, Mathias f. 1811, Lars f. 1814, Johannes f.1819 og Ingeborg f. 1822. Jacob bygsla i Kallevik i 1825, altså må barna vera fødd før han flytta til Moster. Står det noko i bygdeboka for Stord om kva kona til Lars Jensaneset heitte ? Mathias er eit namn som går igjen i vår familie, kan det vera noko samanheng til Nysæter der det også er Mathias ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei og takk for svar !Eg har ikkje undersøkt kyrkjeboka for Stord, kun det eg har funne i digitalarkivet og i bygdebok for Moster og Stord. Under Kallevik Søre (Bømlo bygdebok, Moster). Finn eg Jacob Larrsson d. 67 år i 1842, gm. synneva Halvardsdatter, nokre år yngre enn mannen. Reknar med at dette er dei eg finn under Dyvigen og Nysæter som gift i 1801. Eldste sonen var Halvard f. 1805, deretter Sissela f.1806, Mathias f. 1811, d.Lars f. 1814, Johannes f.1819 og Ingeborg f. 1822. Jacob bygsla i Kallevik i 1825, altså må barna vera fødd før han flytta til Moster. Står det noko i bygdebok for Stord om kva kona til Lars Jensaneset heitte ? Mathias er eit namn som går igjen i vår familie, kan det vera noko samanheng til Nysæter der det også er Mathias ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Prøver meg igjen sidan eg enno ikkje har fått bekrefta kvar Jacob larsen kom frå. Reknar med at det er han som står oppført som dreng på Nysæter i ft. 1801 (ikkje 1811 slik det står i første innlegget mitt). Det er då mykje mulig at dette er den son til Lars på Jensaneset som er døypt i 1775. Det ser også ut som det er ei viss tilknytning til Nysæter i og med at det er personar frå denne garden som er fadrar til eit anna av barna til Lars Jensaneset. Elles ser eg andre stader at Lars Mathias og Jacob er namn som vert nytta på Nysæter, desse går også igjen i vår slekt bakover. Er det nokon som kan bekrefta at Jakob larsen var son til Lars Jensanesset ? Kanskje om ein fann tid og stad for dåp av barna til Jakob Larsen, at det sto noko om kor foreldra kom frå ?Mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Helga Kallevik

Eg leiter framleis etter sikre kjelder for kven som var foreldra til Jakob Larsen som busette seg i Kallevik, Mosterhamn ein gong etter 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Helga Kallevik

Søkjer meir informasjon om denne Lars på Jensaneset, og event. bekrefting om han var far til Jacob Larsen som flytte til Kallevik, Håvik på Bømlo etter 1801. Er det td. mulig å finna i kykjebøker el. om han utflytte til Bømlo. Reknar det omtrent som sikkert at dette er den Jacob Larsen som gifte seg med Synneva Halvardsdatter 04.04.1801 på Stord. Så dei må ha komme til Bømlo etter dette. Eldste sonen Halvard Jacobsen f.1805 er oppgitt i Bømlo Bygdebok.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei !Prøver igjen. Er det mulig å finna meir info (få bekreftelse) om foreldra til Jacob Larsen som flytte til Håvik, var Lars Jensaneset? Står det td. noko om dette i kyrkjebøkene i tilknytning til giftarmålet 04.04.1801? Kva med utflytting frå Stord, er det nokon som veit om slike ting vil stå i kyrkjebøkene ?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Etter ein pause i leitinga mi etter Jacob Larsen prøver eg meg igjen.Er det nokon som har eit forslag til korleis eg kan finne ut namnet på far til denne Lars Jensaneset, mor går eg ut frå heitte Inger etter opplysningane i nr. 6 her (frå Stord bygdebok). Eldste son til Jacob Larsen var som nemnt Halvard. Kan denne Lars Jensaneset vera ein Lars Hallvardson? Elles så kan vel Hallvard Jacobson også vera oppkalla etter morfaren sin (mora var truleg Synneva Halvardsdatter Dyvigen).Veit heller ikkje korleis eg kan få stadfesta at Lars Jensaneset verkeleg var far til Jacob Larsen sjølv om dette er ein god 'kandidat'.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Du har vel sjekket gifte på Stord 1725-1815?Det er ikke der noen Lars og Inger som passer.Er det kanskje da mulig at hun het Ingebor/Ingeber/Ingeborg?Da er det flere eventuelle kandidater. Kanskje du så skulle bruke eliminasjonsmetoden?Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei !Slik eg oppfatter Stord Bygdebok var enkja Inger som budde på plassen Jensaneset i 1760-åra mor til Lars på Jensaneset. Altså vert ho farmor til Jacob Larsen f. 4 febr. 1775 (inlegg 6).Eg har ikkje fått bekrefta at dette er den Jacob Larsen eg leitar etter. Heller ikkje kva kona til Lars heitte (altså mor til Jacob Larsen). Kva mannen til enkja Inger heitte (farfar til Jacob) er også eit spørsmål.Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Frisker opp dette tema i tilfelle nye brukarar har gode forslag til korleis eg kan finna ut meir om denne Jacob Larsen.Var det son til Lars på Jensaneset som var dreng på Nysæter i 1801? Var det noko slektsforbindelse her? Kven var eigentleg Lars på Jensaneset (foreldra hans)?Mathias namnet finn eg nemd fleire gonger på Nysæter. Dette er også eit mykje nytta namn i Kallevik slekta.Har det noko hensikt å laga innlegg i arkivforum? Td. Finna ut om kyrkjebøkene seier noko meir om denne Lars på Jensaneset, eller ev. om konfirmasjonen til Jacob Larsen? mhv. Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Er der mulig å finna skiftesprotokollar etter Lars på Jensaneset, og vil desse i så falla innehalda informasjon om ein event. son Jakob Larsen?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Leitar framleis etter opphavet til Jacob Larsen, som flytte til Kallevik, som då var ein husmannsplass under garden Haavig Indre på Bømlo.I dag fann eg noko interesant som kanskje kan verta ein ledetråd. Under vigde i Stord finn eg fylgjande i 1807: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=STORDVI&post_nr=1601&vispostnr=1601#a0>LenkeSidsele Larsdatter Nyesæter gift 21. Mai 1807 med Johan Olsen Haavig.I følge Marianne i innlegg nr. 6 her hadde Lars på Jensaneset 2 barn til dåpen: 1)Sonen Jacob 4. febr. 1775. 2)Dottera Cidselle 1779. Ved Cidselle sin dåp var også 2 av fadrane frå Nysæter.I ft 1801 for Nysæter finn eg så desse tenestefolka: Jacob Larsen 27 år og Sidsele Larsdatter 21 år. Dette stemmer i alder med barna til Lars på Jensaneset. Tilknytning til Nyseter kan det vel også ha vore sidan 2 av fadrane til Sidsele kom derfrå. LenkeI Arkivforum

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Prøver enno ein gong å ta denne opp att då eg framleis står heilt fast m.o.h. til kven denne Lars Jensaneset var og om sonen Jacob døypt 1775 er den Jacob Larsen som eg leitar etter. Under vigde i Stord finn eg to jenter som eg trur kanskje må vera døtrene til Lars på Jensaneset og bror til Jacob:Ingebor Larsdatter Jensenes gift 03.08.1794, Stord med Ole Olsen Walvatne (truleg desse eg finn att i ft. 1801 under Almos (36 og 46 år gamle).Anna Larsdatter Jensanes gift 29.01. 1795 i Fitjar med Ole Madsen Wathne. trur desse er å finna som husmenn PÅ Litlabø i ft. 1801.Så då er spørsmålet mitt framleis om nokon veit kven foreldra til Lars Jensanes var, og kven var kona hans?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Kan Lars på Jensaneset vera same mannen som Lars Wigenessis?Under døypte i Stord har Lars Wigenessis ei datter Ingebor til dåpen i 1765. LenkeDette kan stemma med alderen til Ingebor Larsdatter Jensanesset som eg finn under vigde I Stord 1794 (gifter seg med Ole Olsen Walvatne). Eg finn dei att i ft. 1801 og då er Ingebor oppgitt til 36 år noko som stemmer med dåpen til Ingebor Wigenessis i 1765.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Korleis kan eg finna ut om det er Ingebor døypt 1765 som som gifter seg her?LenkeKan ho i så fall vera syster av Jacob i innlegg 6 her på sida?I ft 1801 finn eg Ingebor Larsdatter 36 år og Ole Olsen 46 år under Almos (Ikkje Valvatne som nemnt over).mvh Helga Kallevikmvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Prøver meg enno ein gong.Under vigde i Stord finn eg ein Lars Larson Petrateigen gift 1863 med Sissel (Zissel) Larsdatter. Er det ein mulighet for at dette kan vera same person som Lars på Jensaneset? Er det mulig å finna kilder som kan stadfesta eller avkrefta dette?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Trur at eg endeleg er i ferd med å løyse denne gåta no.Har sjekka opp kven fadrane til Jacob, son til Lars på Jensaneset var. I følge Marianne (innlegg 6) kom fleire av dei frå Dahle. Eg finn då at dei er enten brødre eller svigerinner av Zissel Larsdatter Dahle f. 1738, som gifte seg med Lars Larson Petrateigen i 1763, (sjå innlegget over). Steffen Kannelønning, som er fadder til den yngre søstera av Jacob, er ein eldre bror av Lars Larson Petreteigen (alias Lars på Jensaneset). I bygdeboka finn eg også at Lars budde på Vikanes 1762-67, altså då dottera Ingebor var fødd. Dette kan vera årsaka til at ho vert kalla dotter av Lars Vikanes ved dåpen, medan det er sagt at ho var frå Jensaneset då ho gifte seg.Foreldra til Lars Larson (Lars på Jensaneset) vert då Lars Steffenson Petrateigen (1796-1746) og Ingeborg Halvardsdatter Digernes (f. ca.1696 død 73 år i 1769). Ingeborg gifte seg opp att med Hans Roarson, og den nye mannen overtok,om i Sagvågsområdet.Sonen Lars gift med Zissela ser ut til å ha desse barna: 1) Ingeborg Larsdatter Jensanes f. ca. 1765 gift 1794 med Ole Olsen. Busett på Almås i ft. 1801.2) Anna Larsdatter Jensaneset gift i Stord 1795 med Ole Madsen (finn ikkje kva tid ho var fødd). (Ole Madsen var son til Mads Anderson Wathna)3) Jacob Larsen f. 1775 ved dåpen oppgitt til å vera son til Lars på Jensaneset. I ft. 1801 truleg dreng på Nyseter, gift same året med Synneva Halvardsdatter.4) Cidselle f. 1779.I tillegg viser skifte Lenke Kona til Lars at dei hadde ein eldre son Halvard f.Eg meinar dette kan stadfesta at eg har funne Lars på Jensaneset og barna hans. Det siste som då må stadfestast er at sonen Jacob verkeleg var han som slo seg ned i Kallevik, Håvik på Bømlo. Både førenamn, farsnamn og alder for han og kona stemmer med det som står i bygdeboka for Moster, eg finn ingen som dette stemmer med som fødde eller vigde i Finnås. Så eg er no rimeleg sikker at dette er rette personane.I tillegg ser det ut til at Mathias Jacobson Kallevik (eldste son til Jacob) gifte (1.gang) seg med søskenbarnet sitt Kari Olsdatter Båtsvik, datter av Anna Larsdatter og Ole Madsen.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Trur at eg no også har funne ut kor det vart av yngste søster til Jacob Larsen, Sissela eller Cilla.I innlegg 18 her har eg ei lenke til ekteskap mellom Sissela Larsdatter og Johan Olson Hovig.I bygdeboka for Moster og i ft. 1801 for Indre Hovik, finn eg ein Ola Johannesson frå Straumøy f.1726. Han bygsla plasset 'Treet' som var naboplass til Kallevik under Indre Håvik der Jacob Larsen slo seg ned. Bygdeboka seier at Ola kom frå Straumøy. Her finn eg han gift og med ein son Johannes Olsen som passer til alder for Johan Olsen Haavik.Denne Johan finn eg i bygdeboka under Håvik ytre, gift med enka Martha Halvardsdatter. Dette ekteskapet finn eg også under vigde i Finnås i 1814, men der står også Johannes oppført som enkemann.I bygdeboka er der oppført ei datter Sissella f. 1807. Dette stadfestar vel at Johannes var gift før, og at dattera må vera frå 1. ekteskap, truleg med Sissela Larsdatter frå Stord.Altså er det stor sansynleghet for at dei 2 yngste barna til Lars på Jensaneset havna på kvar sitt husmannsplass under Håvik i Finnås.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her finner jeg jo svar på mitt spörsmål om Ingeborg Larsdtr. Jensaneset.Har du funnet ut noe mer om disse folka?mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.