Gå til innhold
Arkivverket

[#7218] Felespiller Kristiane Lund (Bø i Telemark)


Gjest Jarle A. Ellingsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Jarle A. Ellingsen

Hei. Er det noen som kjenner til aner for felespiller Kristiane Lund fra Bø i Telemark ? Finner mulig kandidat i FT 1900 under Bøhegna. Mor står ikke oppført - død ? Det er hennes mors aner som er av størst interesse. (Hun skal ifølge mine opplysninger hete Elise Olsen ?)Med vennlig hilsen. Jarle A. Ellingsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 år senere...
Gjest Ole Bjørn Darrud

Hei,kanskje dette er gamle nyheter: Bø-soga I s 83Til Grauteknapp kom det nye folk straks etter Peder Evensen var død, det var Godtfred Jakob Lund og kona Elise. Dei var begge frå Skien, og han hadde fyrst arbeidd hos sorenskrivaren på Gvarv ei tid. Han heldt fram med landhandelen på Grauteknapp i det vesle huset der til omkring århundreskiftet.... Namnet Lund er i Bø sterkt knytt til nasjonalt felespel. Godtfred og Lisa Lund hadde mange born, og alle var musikalske. To av dei, Einar og Kristiane, blei mellom dei fremste hardingfelespelarane me har hatt i Bøherad. Frå like etter hundreårsskiftet var dei mykje på kappleikar og konsertar, og fekk mange premiar.. Elles blei dei mykje nytta som dansespelarar. Mang ein bøhering har trødd springaren etter Einar Lunds tonar, og Kristiane var med og stifta dansarringen «Nesheringen », der ho spela i mange år. Kristiane Lund hadde kunstnarløn frå fylket og Bø kommune. Ho var heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn, ho fekk Haugerudsprisen, Myllargutmedaljen, Hallingdal Fylkeslags medalje, Knut Dales minnemedalje, og andre utmerkingar.1. Godtfred Jakob Lund, f. 1840 i Skien, d. 1929, g.m. Elise Lund, f. 1843 i Skien, d. 1895 Born : Christian August, f. 16.4.1872 i Nes, d. 1887 Otto Nikolai, f. 21.3.1875, dampskipsekspeditør i Kviteseid. Gift. Inga Karoline, f. 8.4.1877, d. 1964 Godtfred Jakob, f. 7.12.1879, d. 1946, ug. Einar Andreas, f. 3.3.1882, d. 1954, ug. Kristiane Augusta, f. 3.8.1889, d. 1976, g.m. Gunnar Halvorsson Bergskås. Kristian August, f. 17.9.1892, d. 1951.Mvh Ole Bjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.