Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7254] Kristine Nilsine Johnsdatter. Øvre Eide Os.


Recommended Posts

  • 3 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Eg kan diverre Ikkje stadfesta at den Kristine Johnsdtr. som du etterlyser vart fødd på Øvre Eide (- Øvreeide); gnr. 74) i Os. I alle høve ei Kristine med nett dét patronymet.Er du sikker på at farsnamnet ikkje skal vera Johan istaden for John då? I så fall er ho truleg dotter av (Ole) Johan Johnson Øvreeide, f. 1879 på Øvreeide i Os, og kona Anna Kristine Monsdtr. Bøe, f. 1878 på Bø i Os. Dei vart gifte i Korskirken i Bergen den 27. febr 1904; jfr. oversynet over gifte i Bergen her på DA. Men eg veit ikkje om Anna Kristine og Johan fekk born i Os, ikkje eingong om dei budde i Os som gifte. (at dei begge var fødde i Os, er ei anna sak -).Ifølgje bygdesoga for Os (- Ossoga) flytta Johan og kona til Haugesund, der han dreiv som snikkar. Ei tid hadde Johan visstnok også trevarefabrikk der. Sjå s. 57 i Ossoga band II.Haugesund er vel då ein god stad å leite vidare?Johan var son av John Sveinson Øvreeide, f. på Sælen i Os i 1838, d. 1886 på Øvreeide og kona Magdela/Magdele Torkelsdtr. Lien (- Holelien); f. 1845, d. 1908 på Øvreeide.John og Magdela fekk desse borna: Kristina, f. 1867 på Holelien i Os. Svein, f. 1869 på Sagstad i Fana. Torkel/Torkjell, f. 1871 på Sagstad i Fana. Nils, f. 1873 på Lysøen i Os. (Ole Bulls Lysøen - faren John var paktar der frå 1872 til 1876). Denne Nils var elles fleire år i USA og tok der morsnamnet Lien til etternamn, for bokstaven 'Ø' finst som kjent ikkje i Engelsk/Anglo-amerikansk. Kaia (Anna Karina), f. 1876 på Øvreeide i Os. Johan (Ole Johan), f. 1879 (ditto). Elisa, f. 1882 (ditto). Marta. f. 1885 (ditto). Ovanfor nemnde Torkel døyr ugift i 1894 medan alle dei andre søskena stiftar familie, får barn og blir gamle. Sjå elles Ossoga band II s. 200 & 234 og band III s. 712 for yttarlegare informasjon om desse.Håpar dette var til litt hjelp.Mvh., Terje

Gjest Terje Hatvik

Og for ordens skuld:Det finst ein Jon eller John på Øvreeide i det tidsrommet som Willy Iversen nemner, dvs. 1900 - 1910. Men han er då mellom fire og fjorten år og må vel difor utelukkast som potensiell far til denne Kristine Nilsine som spørsmålet gjeld.John/Jon Øvreeide er elles son av Svein Johnsen Øvreeide og er såleis ein brorson av den ovanfor omtala Johan Johnson Øvreeide.Mvh., Terje

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.