Gå til innhold
Arkivverket

[#7358] Ole Olsen frå Hafsloe?


Gjest Knut Reidar Sande
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Reidar Sande

Ole Olsen, Hafsloe ?Ved folketeljing 1865 finn ein på ein plass under garden Sande i Fræna eit eldre ektepar. Dei vart gifte i Fræna 16. mai 1842. Begge to hadde vore gifte før. Han var enkemand Ole Olsen, 52 år i 1842, og ho var enke Berit Maria Davidsdtr 43 år.I 1865 hadde dei alder 85 år og 75 år. Kona og mannen finn eg som død i 1873, alder 78 år og 94 år. Eg meiner dette er dei samme personane, sjølv om alder ikkje stemmer fullt ut.I folketeljinga for 1865 står det at denne Ole Olsen er frå Hafsloe. Er det nokon som kan identifisere denne Ole Olsen? Bygdebøker? Eg har god tru på at nokon klarer dette! Hilsen Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ole Olsen er i utgangspunktet ikke det letteste navnet å leite etter.Databasen for døpte i Hafslo ligger i Digitalpensjonatet. Der vil man se at det var døpt 767 gutter kalt Ole i Hafslo i den perioden databasen dekker, av disse var 112 Ole Olsen.De tre som i alder synes å komme nærmest er: Ole 1789.03.08 m e Ole Børtnes og Kari Ole 1790.07.25 m e Ole Larssen og Kari Tvilling Ole 1791.12.04 m e Ole Engelsen Løkken og Giøran OlsdGis det opplysninger om brudgommens far ved vielsen i 1842?Ny bygdebok for Hafslo er under arbeid. Lars Øyane (mail: loya@online.no) sitter på et stort materiale, og vil sikkert være interessert i kontakt om utflyttede personer fra Hafslo. Han kan nok og ha svaret om hvem denne Ole Olsen er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Takk for gode tips. Namna til brudeparet sine fedre er ikkje oppgitt i 1842 for kyrkjebøkene her, berre forlovarar. Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er i kveld vorten merksam på innlegget ditt i Digitalarkivet og kan fortelja deg at manuskriptet mitt for Gnr. 113, Meleim i Hafslo prestegjeld, Luster kommune (bnr. 18) mellom anna inneheld dette avsnittet:~~~~~~~~~~Ole Olson Sande, frå Kjødni under Venjum, vart døypt 22.3.1786 og kom til Meleim då han 2.7.1811 gifte seg første gongen med Ingeborg Jørgensdotter, enkja etter den føregåande brukaren. Ole vart enkjemann i 1827 og gifte seg 9.6.1828 att med Gjertrud Andersdotter frå Lunde. Ho vart døypt 9.7.1797. Ole tok over styringi av dette bruket på Meleim då han flytte hit i 1811, men fekk aldri skøyte og levde som kårmann på garden frå kring 1820. Han vart buande på Meleim fram til 1830.*ut5**g2* Ole og Gjertrud flytte i 1830 til Bolsøy i Romsdalen der dei slo seg ned som gardbrukarar på Roaldseth. Men alt i 1835 flytte parfolket til Aukra der me finn dei att som gardbrukarar på Svinset. Men Gjertrud d. som gardbrukarkone på Svinset alt 29.8.1836, og Ole flytte snart til Fræna der han gifte seg tredje gongen 16.5.1842 med enkja Berit Martha Davidsdotter, opphavleg frå Beøen i Fræna. Ho var dotter av husmann David Johnson på ein plass under Beøen og kona##### (namnet til mor hennar Berit Martha? – døydde før 1801!)og f. i Fræna##### (fødselsdatoen/eventuelt dåpsdatoen til Berit Martha?? – 1797!? – NB: 1801 del av Aukra prestegjeld!)##### (opplysningar om første ekteskapet til Berit Martha!?)##### (yrke og bustad for Ole Olson etter 1842? - ved vigsli til sonen Andreas 1866 sagt at faren var husmann på Sande i Fræna - 1865-folketeljingi for Fræna syner Ole Olson som både plassbrukar og leiglending på Sande)##### (dato og stad for dødsfallet hans? – 1873!?)##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1873!?)Ole Olson fekk tre born, som alle var frå andre ekteskapet med Gjertrud Andersdotter: a. Ingeborg Olsdotter, f. i Hafslo 13.2.1829,##### (lagnaden hennar? - ikkje gravlagd i Bolsøy – følgde ikkje med foreldri til Aukra i 1835!)b. Ole Olson (1831-1887), flytte i ung alder attende til Hafslo og voks opp her, men vart sidan gift med husmannsdotteri Anna Eriksdotter frå Høgistreet under Høgi (1829-1922) (s.d.). c. Andreas Olson, f. i Bolsøy 29.3.1834, d. som kårmann og enkjemann på Ukkelberg i Fræna 18.2.1920. Andreas flytte med foreldri til Aukra og sidan til Fræna der han 1.7.1866 gifte seg med Berit Anna Lassesdotter frå Hoem indre i Fræna. Ho var f. i Fræna 18.9.1841 og d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1900!)Andreas og Berit Anna vart gardbrukarar på Ukkelberg i Fræna og fekk##### (talet på søner og døtrer?)born.~~~~~~~~~~Manglande opplysningar hjå meg er utheva med #####-teikn, og eventuelle svar du kan skaffa fram, vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg har fått svar på spørsmålet mitt, og vil meir enn gjerne gje dei tilleggsopplysningane Lars E Øyane. Eg vil ta meg litt tid for å sjekke kildene. Eg svarar direkte til Øyane. Særs interesserte kan kontakte meg.Mykje takk for hjelpa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.