Gå til innhold
Arkivverket

[#7425] Etterlysning Lars Gundersen Lærdal i Sogn


Gjest Terje Bendiksen
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Bendiksen

Min oldefar Lars Gundersen født i Lærdal i Sogn 26.august 1852 utvandret til Vesterålen og giftet seg der med min oldemor Marie Gjertine Johansdatter født i Luster 18. april 1856. Min oldefars forelde var Gunnar (Gunder) Nilsen og Barbra Larsdatter. Barbra Larsdatter giftet seg etterpå med Anders Monsen.Jeg vil gjer ne vite mere om min oldefars aner, og om det er stoff å hente i eventuelle bygdebøker

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Gunder Nilsson (1821-1863), opphavleg frå Slidre i Valdres, gifte seg med Barbro Larsdotter (1829-1896) frå Gjerde, Lærdalsøyri i Lærdal. Far til Barbro var Lars Torbjørnson (1795-1880), barnefødd på garden Drevdal nordre i Luster. Ætti er stor og kan følgjast fleire generasjonar attende gjennom Gards- og Ættesoga for Luster, band IV (1991).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Bendiksen

Til Lars E. Øyane Tusen takk for hjelpa Jeg har to bind av Gards- og Ættesoga for Luster, og når jeg kommer hjem fra jobben i dag,er jeg spent på om jeg har bind 4. Siden kona til Lars kom fra Luste, har jeg vært gjennom en runde tidligere på hennes slekt. Tusen takk for hjelpa. Hilsen Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Når det gjeld ætti til Marie Gjertine Johansen, so har du sikkert oppdaga at ho ikkje var f. i Luster, men at det var far hennar som kom frå Luster. Huslyden er omskriven under Gnr. 46, Nygard (husmannsplassen Årstu 2) i Gards- og Ættesoga for Luster, band II (1986).I 1986 fanst det knapt nok datamaskiner hjå bygdebokskrivarane, og internet med "online" databasar var det ingen som hadde høyrt om. Difor var det heller ikkje so like til å finna att opplysningar om utflyttarar utan svært tidkrevjande innsats.Difor klarte eg ikkje den gongen å samla tilfredsstillande opplysningar om Marie Gjertine og søskeni hennar, men i Luster kommune er me stadig interesserte i å oppdatera manuskripti med nyfunne opplysningar, og eg har laga til eit nytt manuskript som gjeld huslyden til Herman Johan Erikson og kona Gjøri:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 2. Herman Johan, kjend som Johan Erikson, f. 21.4.1822, Johan Erikson gifte seg i Sogndal 30.6.1846 med Gjøri Endresdotter frå Sogndalsfjøra i Sogndal. Ho var dotter av husmann Endre Aamundson i Sogndalsfjøra og andre kona Martha Andersdotter og f. i Sogndal 7.3.1819. Parfolket flytte kring 1849 til Bergen og budde mellom anna i Krybbesmuget og i Marken, medan Johan livnærte seg som dagarbeidar. Kring 1860 flytte so huslyden til Bø i Vesterålen der me finn dei att som innerstfolk på garden Vinje.##### (budde der både 1865 og 1875 – seinare lagnad?)##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1875!)##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875!)Me kjenner til sju born etter Johan og Gjøri:a. Endre Johansen, f. på Årvoll i Sogndal 11.9.1846, d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)Endre gifte seg første gongen i Bø 28.11.1875 med Margretha Marie Martinusdotter frå Utskor i Bø. Ho var f. på Nakling i Bø 12.4.1852, men d. på Røshagen i Bø alt 27.9.1885. Endre gifte seg so att i Malnes i Bø 31.8.1890 med Thea Albine Larsdotter frå Jenden i Bø. Ho var f. i Bø 9.2.1869 og d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)Endre Johanson var gardbrukar på Sund i Hadsel og fekk i alt tretten born, seks frå første ekteskapet og sju frå det andre.b. Gjertrud Johansen, f. i Sogndal 21.11.1847, d. i Bergen 18.5.1850.c. Herman Gjertin Johansen, f. i Bergen 25.4.1850,##### (n. 1865 – losjerande fiskar i Hadsel 1875! – lagnaden hans?)d. Marie Gjertine Johansen, f. i Bergen 2.1.1852, d. i Bergen 7.1.1852.e. Martin Johan Johansen, f. i Bergen 17.4.1853,##### (n. 1865 – lagnaden hans?)f. Marie Gjertine Johansen, f. i Bergen 18.4.1856, d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900)Marie gifte seg##### (dato og stad for vigsli hennar? – 1879?)med Lars Gunderson frå Lærdalsøyri i Lærdal, ein dotterson av husmann Lars Torbjørnson på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal (1795-1880), opphavleg gardbrukarson frå Drevdal nordre i Luster. Lars var f. i Lærdal 26.8.1852 og d.##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900)Lars var fiskar, og han og Marie busette seg som plassfolk i Haugen under Holmstad i Hadsel.##### (talet på søner og døtrer? – 1900 nemner ni born!)g. Randine Karine Johansen, f. i Bergen 14.12.1858, d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)Randine gifte seg i Bø 25.11.1878 med enkjemannen Christopher Andreas Ursin Nilsson frå Lilleøy i Bø, f. i Bø 30.1.1822. Han d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)Christopher Nilsson var handelsmann på Lilleøy i Bø og fekk i alt##### (kor mange born i alt?)av dei var ti born frå andre ekteskapet med Randine.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Manglande detaljar er markerte med teiknet ##### etterfølgd av konkrete spørsmål, og du er sjølvsagt velkomen til å bidra med eventuelle svar til nytte både for oss og for etterslekti vår.Med venleg helsing,Lars E. Øyane loya@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Kroken

Gunder Nilsson Qvist og Barbra Larsdtr var mine tippoldeforeldre. Din oldefar var den eldste av 5 søsken, de andre var Ragnhild, Ola, Nils og Kari som var min oldemor. Du kan maile meg, så har jeg nok noe informasjon til deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pål W. Martinussen

Har gått gjennom den nye "Slektshistorie" fra Bø kommune. Finner ikke noe om når Herman Johan Eriksen og kona døde. Sønnen Endre brukte etternavnet Hermannsen. Ingen oppl. som når han døde. Han ble fiskerbonde på Sund i Bø og ikke i Hadsel. 2. kona, Thea Albine Larsdtr. døde 1933 og det er registrert 8 barn i det ekteskapet. Thea var forøvrig av Sogne-slekt, hun også. Oldefar var Elling Lassesen (Larsen) Hammersnes, født på Hamarsnes på vestsiden av Fjærlands-fjorden i nåv. Balestrand komm. (Min tt-oldef.)Søstera Randine Hermanssdtr. g. Christopher A. U. Nilssen, og det er reg. 10 barn i det ekteskapet. Christopher hadde vært gift 2 ganger før og hadde 5 barn i 1. og 9 barn i 2. ektesk. Han døde 1914.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Bendiksen

Hei Pål W. Martinussen, takk for innlegget ditt. Vedr. fiskebonde i Hadsel så Nevner Lars E. Øyane at Herman Gjertin Johansen var i foletellinga av 1865 registrert som losjerende fisker i Hadsel og vedr. Endre vet jeg bodde i Bø. Hilsen Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.