Gå til innhold
Arkivverket

[#7435] Lærdal-Guri Sollesdtr-Kirstine Larsdtr


Gjest Knut R Sande
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut R Sande

Min farfar sin far, Syvert Knudsen Holseter, blei fødd i 1856 i Fræna. Faren var UK Knud Knudsen Holseter og mor var pige Guri Sollesdtr. Kyrkjebok for Fræna viser og at pigen Guri Sollesdtr og fekk ei dotter i 1850, Kirstine Larsdtr, faren heitte Lars Knudsen, begge tjenende på Sande, som er nabogard til Holseter.På Sande var det i 1850 ein brukar Per Larson frå Windedahl i Lærdal, og kone Anna Pedersdtr. Dei har nok henta sine tenarar frå Lærdalsområdet. Lars Knudsen Windedahl finn eg som innflytta til Fræna i 1847, 24 år gammal. UK Lars Knudsen finn eg som utflytta frå Bjørnsund i Fræna i 1858, reist til Bergen. (kan LK vore los på Bjørnsund?) I 1860 finn eg Kirstine Larsdtr, 10 år gammal, som utflytta frå Fræna, med kurs mot Bergen.Kva så med Guri Sollesdtr? Eg har ikkje funne ho som ut- eller innflytta til Fræna, og ikkje som død, heller ikkje i folketeljing 1865. Ved hjelp av bygdebokskrivar i Lærdal har ein funne ut at ho kan vere Guri Sollesdtr, f 1824, uekte dtr av Kirsti Lassesdtr N Ljøsno og Solle Olsson Øvregard. Mange alternativ har ein nok ikkje!Spørsmålet er ganske enkelt om nokon har vore borti denne Guri Sollesdtr, eller dottera Kirstine Larsdtr, eller noko som kan stadfeste denne indisiekjeda?Helsing Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Vigsleprotokollen for Domkyrkja i Bergen syner at:Mons Mathiasson Lund, ungkar, kontorbud, f. i Fana 7.10.1842, og Kristine Larsen, pige, f. i Agerø 24.3.1850, gifte seg i Domkyrkja 15.5.1870.Desse borni er nemnde i Domkyrkja:* Sara Mathilde, f. 19.5.1870, d. før dåpen* Oskar Martin, f. 10.11.1871, d. før dåpen* Ludvig Martin, f. 26.9.1873* Kristian, f. 10.3.1877* Marie Gunhilde, f. 13.5.1879* Lars Oskar, f. 8.5.1882* Signe Kristine, f. 22.2.1890Kan dette vera til hjelp?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

24.3 1850 stemmer. Etterkommarane av dei du nemner har eit utall av slektningar, i og med halvbroren Syvert Knudsen Holseter. Men skjebnen til Guri Sollesdtr er vel framleis ikkje klårlagd?mange takk Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi for 1875 for Lungegaarden i Bergen syner huslyden:Mons Mathiasen Lund, pedel paa den polytekniske, f. i Fana 1842Christine Larsen, hustru, f. i Vaage præstegjeld i Romsdalen 1854Ludvig Marthin Lund, søn, f. i Somkirke sogn i Bergen 1873Gurine Sollesdatter, logerende, f. i Lærdal 1823Og dødslista for Bergen syner at:Gurine Sollesdatter, ugift, f. i Lærdal 1824, døydde på Arbeidsanstalten i Bergen 27.3.1894Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Dette var bra, Guri(ne) ser i alle fall ut til ha hatt kontakt med eitt av borna sine. Flott, LarsHilsen Knut R

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.