Gå til innhold
Arkivverket

[#7454] Ole Halstenson - kven var du og kvar drog du hen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Halstenson med tilnamnet Berge kom til Luster og gifte seg der 1.10.1809 med Britha Nilsdotter, f. på Nes i Luster mars 1790.Huslyden vart straks borte frå Luster. Ole kan ha vore frå Valdres(?). Dei var truleg haugianarar og kan vera flytte nær sagt kvar som helst i landet, men kanskje mest truleg til Romsdalen(?).Eg har vore på leiting etter desse folki i 20 år. Kanskje nokon i den moderne dataalderen kan hjelpa meg å finna dei att?På førehand tusen takk!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Har du noen som helst antydning på hans alder? Var han jevngammel, mye eldre? Navn på barna kan også antyde mye om foreldrene hans, hvis du har det?Jeg ser at det er født 35 gutter med det navnet i perioden 1770-90 ifølge de kirkebøkene som er registrert på familysearch, blant annet i Vanylven i 1785 og 1787. Så det er jo noen å ta av!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Diverre har me ingen opplysningar i det heile om Ole Halstenson, men eg vil tru han godt kan ha vore noko eldre enn kona si, som jo berre var 19 år i 1809. Dei fekk ingen born som er døypte i Luster. Mor til kona Britha Nilsdotter heitte forresten Mari (Marie), so truleg finst det ei Mari(e) Olsdotter der ute ein eller annan stad, saman med ein Nils Olson og Halsten Olson!Familysearch har eg ikkje studert, men det finst fleire gode kandidatar i 1801 teljingi. Eg har 'sjekka ut' ein del av dei, men so langt utan konkrete resultat. Den beste so langt er Ole Halstenson frå Framgarden i Reinli sokn, Sør-Aurdal, son av Halsten Paulson og Siri Olsdotter. Denne Ole, fødd i 1768, var i 1801 framleis ugift og budde då hjå ei søster på Kval i Reinli. Bygdeboka for Reinli syner 'ukjend lagnad' for Ole. Kanskje nokon veit kvar det vart av denne Ole Halstenson? Stor aldersforskjell var ikkje uvanleg i haugianarmiljøet.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Thon

Denne Ole Halsetensen f. 1768 på Framgarden i Reinli var en periode i Øystre Slidre inntil han i 1806 kjøpte garden Thon i Skrautvål i Nord-Aurdal. Her døde han i 1846. Så han er nok ikke aktuell. Jeg har dessverre ingen bedre kandidater.Gunnar Thon

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar Thon som har avslørt lagnaden til Ole Halstenson frå Framgarden i Reinli. So er det attende til 'square one'!Ein annan god 'kandidat' for 'min' Ole Halstenson er han som i 1801 bur på Einangen i Grytten, 25 år gamal, i lag med far sin, kårmann Halsten Halstenson og ein bror John. Kanskje ein eller annan med boki 'Raumadalsfolket' (som eg ikkje har vore i stand til å få tak i) kan hjelpa til her?Elles har me òg ein Ole Halstenson, 18 år, som i 1801 er tenestedreng på Gaurstad i Kvernes, og dessutan ein Ole Halstenson, 15 år, son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik.Eg krossar fingra og vonar på ei løysing!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hvorfor gå over bekken etter vann ? En annen god kandidat må vel kunne sies å være Ole Halsteensen , 22 år Leirdahls pr.gjeld , Tøniums sogn på gården Øvregaard i Sogn. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det ser ikkje ut til å vera vatn i denne bekken, so ein lyt nok over for å finna ein som er lenger borte...Både Ole Halstenson d.e. og broren Ole Halstenson d.y. frå Øvrevoll i Lærdal, liksom Ole Halstenson på Bakka i Aurland er alle 'sjekka ut' frå før. Dei var alle gifte, men ingen av dei med Britha Nilsdotter!Ole Halstenson på Stamnes i Haus (Vaksdal) er ogso 'sjekka ut'.Elles er eg framleis open for gode forslag!Med venleg helsing,Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein ny kandidat for Ole Halstenson er dukka opp:Ole Halstenson, døypt i Slidre 17.12.1786 som son av husmann Halsten Iverson og kona Ingeborg Olsdotter på Qvul (Kvåle?) i Vestre Slidre.Er det nokon som veit kvar det vart av denne karen??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg tykkjer det er på tide å 'turka støv' av denne etterlysingi. Ole Halstenson frå Kvåle i Slidre, døypt 17.12.1786, er ifølgje Valdres Folkemuseum ikkje gift i Slidre og siglar opp som ein svært so god kandidat for 'min' Ole Halstenson. Foreldri Halsten Iverson og Ingeborg Olsdotter gifte seg i Vang i Valdres 7.9.1783 og hadde forutan sonen Ole ogso borni Anna Halstensdotter (1782), Iver Halstenson (1790), Halvor Halstenson (1793), Gulbrand Halstenson (1796) og Randi Halstensdotter (1798), men i 1801 er berre Ole, Iver og Randi nemnde i lag med foreldri.Men framleis vantar beviset, og heller ikkje veit me kvar dei slo seg ned. Kan nokon by på fleire tips?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erlend E. Mæhlum

Hvis det finnes militærruller for områda du er innteresert i så kan det være en god kilde, da de ofte inneholder fødested. Men dette kan variere fra år/sted. mvh Erlend E. Mæhlum

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Nye opplysningar frå Valdres tykkjer avvisa Ole Halstenson frå Kvåle i Slidre som ein aktuell 'kandidat' til 'min' Ole Halstenson, so eg lyt senda ut ei ny etterlysing...!Kvar kan no denne Ole Halstenson vera komen ifrå, og kvar vart det av dette parfolket?? Dette var sikkert haugianarar, men hjelper det??Hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ole Halstenson er framleis ''sunken i jordi'', og eg tillet meg å senda ut ein ny appell med von om at nye lesarar er komne til som kan hjelpa meg spora opp denne personen og kona hans. Kanskje hamna dei i Mjøstraktene der Halsten-namnet er mykje nytta?Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da hekter jeg på enda en kandidat fra Vestlandet. Denne Ole Halstensen ble født på Nordanger i Radøy i 1780: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Mangfoed&variabel=0&postnr=2095&fulle=true&spraak=n>Lenke og vi finner ham igjen som dreng hos kjøpmann Jørgen(?) Grip i Bergen i undersøkelseskommisjonens lister:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Ole Halstensen som ble født på Nordanger i Radøy/Manger 1780 er den samme som døde på Damsgård/Askøy 1823.Se lenken i innlegg nr.14. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kariann H. Johannessen

Hei HAr 2 kandidater her: 1.Ole Halstensen, f.1773 foreldre:Halsten og Martha Marcusdtr Gaupaas. Han gifter seg nok her: Ole Halstensen Gaugaasen,soldat den 1.1.1799 Hougs med pigen Ingeborg Peersdtr Houge. (Vigde i Haus 1691-1815) 2.Ole Halstensen, f.1779 foreldre: Halsten og Kari Johannesdtr Lejren. Han gifter seg nok her: Ole Halstensen Stamnæs Leiren, Ungk.Postkarl den 28.06.1807 Stamnæs med pigen Brithe Larsdtr Werpestae. (Vigde i Haus 1691-1815) Jeg har ikke noe mer tilgjengelig på disse,men kanskje?! Mvh Kariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut, Rune og Kariann for interessante teoriar om Ole Halstenson. Eg har studert innleggi dykkar, men so langt eg tolkar dei, so er det tvilsamt om nokon av dei personane de nemner, kan vera ''min'' Ole...Dei folki eg leitar etter, var nok haugianarar, og eg må tilstå eg har meir tru på at Ole og Britha flytte anten til Romsdalen/Nordmøre eller til Mjøsområdet/Austerdalen...Eg takkar på ny for alle gode tips og held fram med å leva i voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer på ny å turka litt støv av dette gamle spørsmålet mitt om lagnaden til Ole Halstenson og kona Britha. Eg reknar som nemnt med at Ole og Britha var haugianarar, og dei har truleg busett seg ein eller annan stad i Romsdalen, på Nordmøre eller kanskje i Austerdalen? Me kan vel heller ikkje utelukka Trøndelag...?Eg lever i voni og takkar so mykje for alle gode forslag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Jeg kan ikke se du har fått sjekket bort Ole Halstensen Klungnes (Einangen)(5), f 1778 g 1805 m Anne Olsdatter Morheim-Sletten. 3 barn nevnt i Rf: marit Olsdatter Einangen, 12.12.1805, Ole Olsen Setnesreiten, 11.7.1811 og Anne Olsdatter Setnesreiten, 13.6.1818. Dermed kan nok han sjekkes bort.MvhOsvald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Osvald og Elin for nye innlegg.Når det gjeld Ole Halstenson frå Noranger i Manger, so er han omtalt ovanfor under pkt. 14, 15 og 16. Han døydde på Damsgård på Laksevåg i 1823, so eg tvilar på om dette er ''vår'' mann!Elles er eg glad for at du Osvald har ''sjekka ut'' Ole Halstenson i Grytten, men kanskje det kan vera grunn til å sjå litt nærare på i alle fall ein av dei to andre ''kandidatane'' frå Nordmøre nemnde i innlegg nr. 5:* Ole Halstenson, 18 år, i 1801 tenestedreng på Gaurstad i Kvernes, tydeleg døypt i Kvernes 17.8.1783 av foreldri Halsten Olson og Kari Iversdotter, var truleg den Ole Halstenson som ifølgje FamilySearch gifte seg i 1808 i Kvernes med Marit Knutsdotter, men:* Ole Halstenson, 15 år i 1801, døypt i Stangvik 5.3.1786 som son av gardbrukar Halsten Johnson og kona Elsa Olsdotter på Dropping i Stangvik. Denne karen veit me ikkje noko om!Og so ser eg av FamilySearch ein annan interessant 'kandidat', som eg ikkje har vore klar over før:* Ole Halstenson, fødd i Lesja 5.4.1786 og døypt same stad 18.6.1786 av foreldri Halsten Olson og Anna Olsdotter. Halsten og Anna fekk fleire born i Lesja: Marit (1780), Petter (1783) og Johanna (1789), men det merkelege er at eg ikkje finn nokon av desse i FT1801, korkje i Lesja eller andre stader...! Kanskje dette er ''min'' Ole?Eg kan ikkje anna enn å leva i voni, men før eller seinare må jo ogso denne gubben dukka opp ein eller annan stad...!?Nok ein gong hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

No er bygdebøkene for både Stangvik og Folldal (den gongen ein del av Lesja) undersøkte:* Ole Halstenson frå Dropping i Stangvik, fødd 1786, er tydeleg forsvinnen frå Stangvik. Alle søskeni hans er 'utstyrte' med ektefeller, men altso ikkje Ole!* Ole Halstenson frå Kroken eller Krokhaugen i Folldal, fødd 1786, er tydeleg forsvunnen frå Folldal. Einaste av søskeni hans som er nemnde i bygdeboki, er søsteri Marit Halstensdotter (fødd 1780) som i 1806 gifte seg med Simon Pederson Plassen frå Alvdal. Desse fekk borni Halsten (1807) og Anna (1810), men flytte i 1839 til Kvernesgruva på Nordmøre.Dette tyder at båe desse Ole'ne framleis er aktuelle ''kandidatar'' til Ole Halstenson ''Berge'' som eg er på leiting etter, men den siste er kanskje den mest sannsynlege. Både Alvdal og Kvernes var typiske haugianarbygder, og kanskje var Folldalen det ogso?Men hovudspørsmålet står framleis utan svar: Kven var denne Ole Halstenson, som gifte seg i Luster i 1809, og kvar vart han av?Meir enn nokon gong vonar eg på tips og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Du har etterlyst gardsnavnet Berge. Her har du en i Tingvoll (den gang): LenkeBerge ligger på Bergsøya som i dag ligger i Gjemnes. Men noen Ole Halstenson er vel ikke så lett å få øye på...Hilsen Torgeir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.