Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7482] Slekten Glad - Bergen, Ytre Nordfjord


Recommended Posts

Gjest Magnar Hole

Glad-slekta var handelsfolk, og dreiv handel gjestgiveri m.m., fleire stader i ytre Nordfjord (bl.a. Rugsund) på 17-1800 talet. Ettersom eg har forstått kom desse opprinneleg frå Bergen. Min 3-tippoldefar,: Jacob Isaachsen Husevåg 1754 - 1815 (son av Isaach Isaachs. Husevåg), vart i 1782 gift med Malene Andersdtr. (Hansdtr. ) Glad. Dette iflg. Aaland-boka.Der står det også Hansdtr. i parantes. Eg kan iallefall ikkje finne nokon Anders eller Hans som kan være kanidatar til Malenes farskap. Nokon som kjenner til denne slekta, eller har gode forslag ? Takknemleg for hjelp !MVH M H

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/93437-7482-slekten-glad-bergen-ytre-nordfjord/
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Sjølvsagt kan Aaland ha bomma, det hender rett som det er. Der er aktuelle Anders-ar på Gald på denne tida, men skulle du derimot finne at der står Glad, har eg ein kandidat til deg i Hans Povelson Glad på Stårheim, son til presten Glad.

Gjest Karin Gald Semb

Den beste kandidaten på Gald er Malene f.27.nov.1754. Foreldre: Anders Rasmussen Rosetter og Synneve Madsd. Før "mine Gald" flytta frå Drageset til garden Gald, var der eit par brukarar frå Roset.Faddarar: Jacob Nos, Johannes Gald, Dorthe Abrahamsd. Blachseter, Guri Andersd. Blachseter, Rangdi Pedersd. Øjestad.Mvh Karin Gald Semb

Gjest Aase R.Sæther

Sidan det var eg som i si tid serverte deg sitatet frå Aaland, beklagar eg at eg har ført deg på villspor-- I utgangspunktet bør vi vere skeptisk til det meste som står i bygdebøker, særleg dei litt eldre. Aaland skreiv bygdebøker for 5 kommunar på ei tid då økonomien var trang og teknikken dårleg. Han lagra notatane sine etter "skoøskje-prinsippet" og hadde lite ressursar til korrekturlesing. Setjarane i trykkeriet kan vel óg stå for ein del feil, men neppe akkurat denne. I tillegg miste Aaland ein god del notatar og manuskriptdeler i ein brann, så eg er i grunnen imponert over at der ikkje er fleire feil enn der er i bøkene. I alle fall, lykke til med Gald-lina, og så skal eg hugse å sende med saltbøssa neste gong eg gjer oppslag for deg!

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.