Gå til innhold
Arkivverket

[#7512] Hegdal i Aukra - Nils Ellingson og Anna Monsdotter


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter fleire opplysningar om denne huslyden som i 1808 flytte til garden Hegdal nordre i Sør-Aukra, Møre og Romsdal:Nils Ellingson (Notedal), døypt i Luster 19.9.1777, gift i Hafslo 12.11.1804 med Anna Monsdotter (Moseng), døypt i Hafslo 5.1.1783. Dei fekk ein son i Sogn, Elling Nilsson, døypt i Hafslo 12.5.1805 før dei i 1808 reiste nordover.1865-teljingi for Hegdal nordre syner at Anna Nilsdotter då framleis levde på garden som kårkone, men då i ekteskap med ein Arne Colbenson. Sonen Elling Nilsson var ogso kårmann på same tid, medan sonesonen Nils Ellingson Hegdal d.y., f. 1838, hadde teke over garden.Er det nokon som kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden på Hegdal nordre i Sør-Aukra??På førehand tusen takk!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

Første band i ei gards- og slektssoge for Midsund kommune kom ut i desember 2001. Forfattar er Johan Julnes. Han er for øvrig no tilsett for å skrive slik soge for Fræna kommune, og han har tidlegare skrive soge for Aukra kommune. Han veit nok meir om dette.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.