Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7553] Johanna Christophersdotter - frå Hafslo til Berg (


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johanna Christophersdotter Sjøtun eller Havnen, fødd i Hafslo i Sogn 21.9.1845, flytte i 1860 med sorenskrivar Christian August Krebs og huslyden hans til garden Fridheim i Berg i Austfold då Christian Krebs vart utnemnd til sorenskriver til Id og Marker.Johanna er ikkje å sjå hjå huslyden eller nokon annan stad i Austfold i 1865. Døydde ho kanskje før, eller veit nokon kva lagnad ho fekk?På førehand tusen takk for hjelpi!Lars E. Øyane

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis heilt utan spor etter Johanna Christophersdotter Sjøtun/Havnen som forlét Sogn i 1860. Kanskje finst ho likevel ein eller annan stad i 1865-teljingi, men med feil i fødestaden? Diverre kan ein ikkje alltid stola på dei som fylte ut folketeljingsskjemai!Alle gode tips er hjarteleg velkomne!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Jeg fant en mulig kandidat her: Lenke, men med feil fødested.Jeg fant mest sannsynlig samme jente gift med en enkemann Hans Hagerup Carlsen i 1875 folketellingen for samme sted, men der nå med Rørstad som fødested. Ligger ikke Rørstad i Sogn og Fjordane et sted?

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Solfrid, for innlegg om Johanna Christophersdotter.Eg har kikka litt nærare på jenta frå Folda og trur nok ho må vera derifrå. Ho finst ikkje i FamilySearch, men Rørstad er ogso ein stad i Folda, so fødestaden hennar er truleg rett! Det er ikkje so uvanleg at fødestaden kan vera feil i ei kjelde, men det skjer sjeldan to gonger og med same feilen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne nytta høvet til å blåsa litt støv av dette spørsmålet mitt frå i fjor. Eg har i mellomtidi spora opp eine søsteri til Johanna som var mellom dei aller første norske emigrantane som busette seg i Idaho, kring 1870, men Johanna er og vert 'forsvunni'.Er det nokon som har tilgjenge til kyrkjebøkene frå Berg i Austfold og som kan sjå etter ei eventuell vigsle eller eit dødsfall for Johanna, eventuelt ei utflytting derifrå att, på 1860-talet?Takkar hjarteleg for all bistand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 7 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis heilt utan spor etter denne jenta som i 1860, berre 15 år gamal, flytte med sorenskrivar Christian Krebs frå Solvorn i Hafslo til Berg i Austfold.Eg finn ikkje Johanna avlidi i Berg 1860-1866, og heller ikke er ho gift i denne perioden. Ho er heller ikkje nemnd i flyttelistene for Berg, korkje inn eller ut!KVAR I ALL VERDI vart det av Johanna?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for kjempeflott innlegg! Endeleg eit livsteikn frå Johanna etter ho flytte autover! Men kvar vart det so av ho? Ho er ikkje gift i Halden innan utgongen av 1865!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Egil Brekke

Er ikke godt å si, men tror du må utvide søket ditt. Det er riktig som du tidligere har nevnt at Krebs bodde på Fridheim i Berg( kjøpte det 1864 for 7000 spd), men det er knapt 500m til sentrum av Halden i avstand! Både Halden,Berg og Id er aktuelle steder å lete. Mvh Egil

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.