Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7612] Jørgen Nielsen og Inger Olsdotter - gifte i Bergen


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ungkarl og søefarende Jørgen Nielsen gifte seg i Nykyrkja i Bergen 16.2.1812 med piige Inger Olsdatter.Jørgen Nielsen, sidan styrmann og skipper, døydde i Bergen 16.11.1837, 67 år og må vera identisk med matros Jørgen Nielsen som i 1804 var busett i 5. rode i Bergen, 30 år gamal og fødd i København.Jørgen og Inger budde alltid i 5. rode i Bergen og fekk seks born:* Niels Christian, fødd 25.4.1813, døydde 30.12.1831* Marthe Elisabet, fødd 17.8.1815 – vart gift med skreddarsvein Peder Olai Olsen i Bergen* Mette Christine, fødd 17.10.1817 – vart gift med skreddarsvein Niels Rasmussen i Bergen* Ole, fødd 14.4.1820* Jørgen, fødd 28.12.1823, døydde 4.4.1826* Jørgine, fødd 13.7.1827, døydde 20.7.1827Eg har ikkje funne dødsfallet til Inger i Bergen. Ho vert ved fødsli i 1827 nemnd som Inger Øyelye, men kvar det namnet kjem frå, er uvisst!Utifrå oppkallingsreglene burde me forventa å finna Marthe, Elisabet, Mette eller Christine som mor til Inger. I so fall finst det berre to gode kandidatar i Bergenhus amt, ei Inger Olsdotter på Karstad i Naustdal (som har mor Martha) og so denne:Inger Olsdotter, fødd kring 1789 som dotter av strandsitjar Ole Svendson og kona Martha Henriksdotter på Hovland i Årdal. Denne Inga levde i 1801, men forsvinn deretter.Har nokon vore borti huslyden til denne Jørgen Nielsen og kona Inger Olsdotter?Har nokon eventuelt høve til å sjekka kven som var fadrar på dei eldste borni, alle døypte i Nykyrkja?Hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Takkar Kenneth for innlegg og opplysningar frå folketeljingi 1815. Er du sikker på at aldersoppgåvene i denne teljingi alltid er å stola på? På den andre sida kan Inger godt ha fått siste barnet sitt i ein alder av 45 år. Det var jo forsovidt ikkje uvanleg!Studier av dødsfallslistene for Bergen syner to mogelege "kandidatar":* Inger Olsdotter, 62 år, døydde på Sukkerhusets lasarett 9.1.1849* Inger Olsdotter, kone, 79 år, døydde i 11-206B 29.6.1859Men den siste kan det ikkje vera, for ho var gift med ein dagarbeidar Ole Nielsen og budde på same staden alt i 1824!Då sit me att med Inger Olsdotter frå lasarettet, fødd kring 1787...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.