Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7622] Sølfest Erikson (Kylling) til Alvdal i 1843 - kvar


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein framtredande haugianar med namn Sølfest Erikson, fødd på garden Søvde i Luster i Sogn i november 1794, flytte i 1826 til garden Kylling i Grytten og derifrå i 1843 til Alvdal i Hedmark. Han var framleis ugift på den tid.Finst det nokon som er lokalkjende i Østerdalen og som kan hjelpa meg med å finna han att?Tusen takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 4 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

No som det ser ut til å vera 'Alvdalsekspertar' inne på brukarforumet, tilleg eg meg å ta oppatt dette spørsmålet frå januar som ingen førebels har svart på. Det er sjølvsagt mogeleg at Sølfest Erikson berre har vore innom Alvdal ei kort tid og faren derifrå att utan å setja 'spor' etter seg, men dette liknar ikkje ein haugianar! Kanskje Jan Erik Aas eller Ola Klevsås kan hjelpa meg med dette spørsmålet?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Gjest Ola Klefsås

Ser dårlig ut dette! Jeg har også søkt på 'Sølfest' og 'Eriks' i FT 1865 for hele Norge. Og det er ikke mange av dem :-) Den eneste jeg fant, var nettopp på Søvde i Luster! Navnet er så spesielt at hvis det ikke er blitt helt forvrengt, skulle det være noenlunde enkelt å finne ham. Men nei, dessverre.

Gjest Lars E. Øyane

Eg er lei for å høyra at Sølfest Erikson er som 'sunken i jordi'. Eg har ogso søkt etter han i 1865 opptil fleire gonger, men utan hell. Me lyt tru han døydde ugift mellom 1843 og 1865, ein eller annan stad. Eg vil helst tru at han døydde i Alvdal eller i alle fall ein stad i Austerdalen, men so var det å finna rette prestegjeldet då...! Kyrkjebøkene for Austerdalen er vel ikkje registrerte i database?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

''Jakti'' etter forsvundne haugianarar held fram. Denne gongen gjeld det Sølfest Erikson, garvaren(?) som i 1843 flytte frå Kylling i Grytten til Alvdal i Austerdalen. Eg står framleis heilt utan spor etter denne karen og vonar på hjelp frå ''nye lesarar''!?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.